Grisetskolten (20.10.2013)


Start point Skallen (140m)
Endpoint Skallen (121m)
Characteristic Hillwalk
Duration 5h 29min
Distance 7.8km
Vertical meters 997m
GPS
Ascents Grisetskolten (1,068m) 20.10.2013

Eg og Marianne møtte Helene Helene85 (Helene Hagen) i Innfjorden og køyrde oppover mot Griset og Skallen. Siste partiet går på grusveg, men det er ingen bomveg, og heller ingen parkeringsavgift. Det var kjølig luft, og frost på bakken då vi starta å gå ca kl.10.30. Etter eit par hundre høgdemeter møtte vi snøen, men det hadde gått folk her dagen før og trakka sti til oss. Ved Førnakken kom vi inn i solskinnet, og no vart det raskt veldig varmt og behagelig! Så snart ein er ute av skogen deler stien seg, og vi gjekk mot venstre. Vi fulgte opptrakka sti, men då vi nærma oss toppen syntes vi stien gjekk litt vel mykje mot stupet på vestsida...så vi antok at det hadde vore basehopparar som hadde gått her. På toppen vart vi møtt av ei storslagen utsikt utover Romsdalsfjorden, og snudde vi oss såg vi rett mot Venjestinden og Trolltindane. Veret var fantastisk og vi sat på toppen ein times tid før kulda gjorde at vi måtte tenke på returen. Eg og Marianne var enige om at denne turen gjorde veldig godt etter ei veke med sol, varme og sand på Gran Canaria!

User comments

  • -
    avatar

    Nydelige

    Written by Olepetter 21.10.2013 08:02

    høstbilder! Og takk for gps-sporet.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.