Store Venjetinden (25.07.2013)


Map
Ascents Store Venjetinden (1,852m) 25.07.2013

Denne toppen har eg utsikt til frå huset vi bor i, og derfor har eg hatt veldig lyst å kome meg på den sidan vi flytta hit 1.juni. I dag tok eg fri kl.14, og satte kursen mot Venjesdalen. Parkerte ved enden av vatnet, fylte opp vannflaskene, og satte i gang oppover. Første etappen går rett og slett ut på å gå ca 1000 høgdemeter oppover. Først langs ei slags ravine, og etter kvart inn i ei renne som fører opp til ryggen på ca 1500 moh.

Eg var usikker på den nøyaktige ruta vidare, so eg satte meg ned og spiste litt mat og studerte nokre andre som var på veg ned. Etter å ha prata med dei fekk eg vite at det beste var å gå over ryggen og litt ned i sørsida. Her var det enkelt eit stykke oppover, før eg kom opp att på ryggen litt lenger oppe - der svaene oppover starter. Herfra gjekk det veldig fint oppover. Svaene kan nok verte veldig ekle om det er vått...

Eg fekk fleire tips om ruta vidare, og litt under toppen møter ein neste utfordring. Her bratner det til, men beste ruta går litt til venstre for ei stor, og lett synlig blokk. Etter dette partiet passerer ein eit rapellfeste...og i neste øyeblikk ser ein toppen. Lett vandring siste biten til topps.

Fantastisk utsikt frå toppen, sjølv om det var litt disig av varmen.
Konklusjonen er at viss ein er vant til å klyve rundt grad 2 til 2+, so er dette ein fullt overkomeleg topp. Utfordringa ligg i å finne rette vegen.

User comments

  • -
    avatar

    Missing title

    Written by Øyvindbr 26.07.2013 09:50

    Dette så ikke avskrekkende ut, derimot fantastisk flott ut! Jeg bare må dit i år! Syns svaene så greie ut på det føret.

    For en følelse det må være å ha en sånn kongetopp i boks!!!

    • -
      avatar

      Sv:

      Written by JPV100 26.07.2013 09:58

      Svaene gjekk veldig fint no som det var heilt tørt ja. Klyvinga var ikkje verre enn på Storjuv-turen vår, so berre peik deg ut ei finvershelg og kom oppover :)

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.