Ny tur til Romsdalshornet via normalvegen (13.09.2014)


Map
Ascents Romsdalshornet (1,550m) 13.09.2014

Borgar, ein tidlegare kollega frå Ål i Hallingdal, nevnte for ei tid tilbake sidan at han var meget interessert i ein tur på Hornet. Denne helga passa det bra, ikkje minst med tanke på vermeldinga. Øyvind hadde som vanleg lyst til fjells, og han tok også turen oppover frå Drammen.

To spente turgåarar!
To spente turgåarar!

Det var ein spent gjeng som la i veg oppover ura kl.8. Omtrent halvegs oppi bratta valgte vi å ta fram tauet. Borgar har vore på Stetind, men har elles ganske lite klatreerfaring. Eg følte dessutan eit stort ansvar, sidan eg var kjentmann og "førar", og det var derfor ingen vits i å bære tauet i sekken... Vi gjekk på løpande sikring oppover, og det gjekk unna i bra tempo. Før innsteget til Halls renne tok vi lunsj.

På veg oppover. Det er langt ned til Hornvatnet..
På veg oppover. Det er langt ned til Hornvatnet..
Lunsjtid før innsteget til Halls renne.
Lunsjtid før innsteget til Halls renne.

Øverst i Halls renne tok vi dagens første taulengde. Eg leda opp, og sikra deretter dei to andre, og vips stod alle tre i skaret mellom Lillehornet og Hornet. Vidare vart det same prosedyre, og etter tre korte taulengder kunne vi spasere siste biten til topps.

To fornøgde karar!
To fornøgde karar!
Nyting av utsikt.
Nyting av utsikt.
Borgar er byggesaksbehandlar, og lurte på om hytta til A.R.H. var byggemeldt...
Borgar er byggesaksbehandlar, og lurte på om hytta til A.R.H. var byggemeldt...

Vi tilbragte ein god halvanna time på toppen, og hadde god tid til å nyte utsikta og knipse bilder. Enkelte av oss var nok litt spent på returen, men den gjekk knirkefritt og alle kom seg trygt ned. Etterpå var det pizza og god stemning i Isfjorden. Takk for turen karar!

Utsikt mot Venjestindan på veg ned.
Utsikt mot Venjestindan på veg ned.

User comments

  • -
    avatar

    Ketchup-effekt?

    Written by SturlaS 15.09.2014 10:07

    Jeg skal si du tar for deg av toppene i Vengedalen for tiden!

    Regner med dere rappellerte ned nordveggen?

    Kanskje vi skal prøve en vinterbestigning av nordveggen... ;-) Jeg har uoppgjort business med den ruta på vinters tid.

    • -
      avatar

      Sv: Ketchup-effekt?

      Written by JPV100 15.09.2014 10:14

      Ja, det er godt å ha fått utvida spekteret sitt litt, og disse flott haustdagane må jo berre utnyttast.

      Vi gjekk ned same veg som vi kom opp. Må kjøpe meg fleire tau før eg kan rappellere ned Nordveggen. Eg må tenke litt på dette med vintertur opp Nordveggen :)

  • -
    avatar

    Godt

    Written by Nils 15.09.2014 09:46

    å se Øyvind på toppen! Han har snakket om denne toppen et par ganger, og endelig var han der.

    Fine bilder også! Du blir nok rimelig godt kjent på ruta opp der etter hvert Jan Petter, når flere og flere Peakbookere ønsker føring opp. ;-)

    • -
      avatar

      Sv: Godt

      Written by JPV100 15.09.2014 10:12

      Ja, Øyvind var godt fornøgd med å ha denne toppen i boks!

      Denne ruta vert eg nok godt kjent med ja, og du er velkommen til å bli med du også Nils :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Godt

        Written by Nils 15.09.2014 11:45
  • -
    avatar

    What!

    Written by Olepetter 13.09.2014 21:09

    Snart gjør du vel som mr Heen, som en gang klatret de siste 30 m på normalveien med bind for øynene! Men jeg leder foreløpig 4-3 i antall bestigninger av Hornet... ;)

    • -
      avatar

      Sv: What!

      Written by JPV100 13.09.2014 21:36

      Hehe, blir nok ei stund til jeg går der med bind for øya! Men i dag tok jeg med meg Øyvindbr og ein tidligere kollega frå Ål til topps :)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: What!

        Written by Olepetter 13.09.2014 21:39
      • +
        avatar

        Sv: Sv: What!

        Written by Atomsilda 13.09.2014 22:44
        • +
          avatar

          Sv: Sv: Sv: What!

          Written by JPV100 13.09.2014 23:05
          • +
            avatar

            Sv: Sv: Sv: Sv: What!

            Written by Atomsilda 13.09.2014 23:21
Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.