Romsdalshornet via normalvegen (10.09.2014)


Map
Ascents Romsdalshornet (1,550m) 10.09.2014

Eg har høyrt mykje om normalvegen opp Halls renne, og eg var heldig som fekk med meg ein lokalkjent kollega frå Isfjorden til å vise meg vegen opp. Først og fremst var eg spent på å finne ut kor vanskeleg ruta er, men eg ville også rett og slett lære meg kvar ruta går.

Vi starta i godt driv og framdrifta oppover ura var god. Etter ura er det ei blanding av sti og sva, og her viser raude prikkar vegen vidare. Vi nærma oss raskt den gule flekken, og her skråa ruta opp til venstre mot Halls renne. Før innsteget til renna tok vi ein matbit, og nøt utsikta.

Pausetid før vi går inn i Halls renne.
Pausetid før vi går inn i Halls renne.

Nesten øverst i renna tok vi fram tauet, og Jo leda opp det korte partiet opp til skaret mellom Hornet og Lillehornet.

Jo på veg opp klatrepartiet øverst i renna.
Jo på veg opp klatrepartiet øverst i renna.
Tilbakeblikk ned renna.
Tilbakeblikk ned renna.

Frå skaret tok vi ei ny taulengde mot toppen. Jo leda an, og eg kom raskt etter. Vi ankom toppen etter 2 timar og 20 minutt. Det var ingen andre på toppen i dag, og vi kunne nyte sola, varmen og utsikta i fred og ro.

På toppen med Åndalsnes bak.
På toppen med Åndalsnes bak.
Flott utsikt! Blånebba og Venjetindan, og skyggen av Hornet. Kyrkjetaket og Kjøvskartind i bakgrunnen.
Flott utsikt! Blånebba og Venjetindan, og skyggen av Hornet. Kyrkjetaket og Kjøvskartind i bakgrunnen.
Venjestindan, Kvanndalstind og Kalskråtind.
Venjestindan, Kvanndalstind og Kalskråtind.
Panorama.
Panorama.

User comments

  • -
    avatar

    Det

    Written by Olepetter 11.09.2014 19:07

    var kjapt gjort! Gratulerer, har venta på at du tok denne ruta i grunn, men gjetta på at du kom til å ta den sammen med Marianne. Nå blir det ny joggerute på deg, skjønner jeg... :)

    • -
      avatar

      Sv: Det

      Written by JPV100 11.09.2014 21:30

      Takk takk! Marianne skal også få seg ein tur dit opp snart :) Tviler på det blir noko joggerute dit opp, men ein del turar blir det nok.

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.