Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (1)
-
Climbing (5)
- Bouldering (2)
- Ice climbing (1)
- Sport climbing (1)
- Via ferrata (1)
-
Other trip (2)
- Expedition (2)
-
Ski trip (8)
- Backcountry skiing (5)
- Randonnée/Telemark (3)
-
Trip by foot (23)
- Alpine trip (1)
- Hike (16)
- Hillwalk (3)
- Walk (3)
Favourite trips
Favourite peaks
The great geocache run
- Date:
- 06.05.2012
- Characteristic:
- Hike
- Duration:
- 3:15h
- Distance:
- 8.4km
Etter fem år i Trondheim, oppdaga eg plutseleg Bymarka. Eg veit ikkje heilt kvifor eg ikke har vore så mykje på tur her. Andre aktivitetar som studie, kampsport og quiz har fylt tida. Dei turane eg har vore på har enten vore heime i Skjåk, eller i Estenstadmarka. Skal ein dømme turlendet rundt Trondheim etter Estenstadmarka så er det klart at ein fort mistar litt piffen. No skal det seiast at eg har vore utallige turar i Korsvika og langs Ladestien, så heilt stille har eg ikkje vore medan eg var i byen denne perioda. Bymarka var likevel merkeleg nok eit ubeskreve blad. Men så byrja eg med geocaching, og plutseleg byrja faktisk turinteressen å koma sigande tilbake. Da snøen byrja å gå i mai var det difor på tide å ta seg til Bymarka for å greva opp eit par cachar, og å utforske >>>
Kilimanjaro via Rongairuta
- Date:
- 11.02.2012
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 70.5km
Prolog
Det var ein haustdag i 2011 da haustdepresjonen byrja å setja inn at eg såg Kilroy hadde bursdag denne dagen og feira med å gi gode rabattar på alle turar bestilt denne dagen. Eg hadde reisefeber og den einaste kuren eg kom på var meir reise. Eg sprang sporenstreks bort til sjefen og spurte "Når kan eg tidlegast få ferie i 2012?". Vi blei enige om at byrjinga av februar skulle vera greit. I lunsjen sykla eg ned til Kilroy og nokre få timar etter at eg såg annonsen hadde eg bestilt meg spontantur.. Til toppen av Afrika, Kilimanjaro!
Dag 1: Moshi
"And on your left side, you can now see the Kilimanjaro" sei piloten. I neste sekund gjer han eit svalestup som føles som om det sveiper veggen på dette gigantiske massivet som reiser seg frå sletta under oss. Eg sit >>>
Liaåsen
- Date:
- 13.08.2011
- Characteristic:
- Hike
- Distance:
- 10.0km
Tur for å bli betre kjent i Estenstadmarka. Hadde ikkje bevega meg stort i den austlege delen før. Strålande ver, så eg pakka med meg kaffe, niste og GPS og for på geocach-jakt. Delvis blaut stig etter at eg bevega meg ut av hovudfartsåra rundt dammane og vegen til Estenstadhytta. Flott utsikt over byen opp frå Styggdaleni bakkesida av Tomsetåsen. Tok meg ei matpause ved den gamle gruva i Rammdalen, før eg satte inn toppstøtet. Må nok innrømme at utsikta herifrå var ganske skuffande. Det var i det store og heile ein skogkledd ås det var vanskeleg å skjøna kor toppunktet var. Tusla meg ned same veg som eg kom, litt betre kjent i også i dei austlege delane av Estenstadmarka.
PS: Har vore her ved fleire anledningar seinare, og vil påpeike at på kveldstid vinterstid er det ein >>>
Gunung Batur
- Date:
- 16.07.2010
- Characteristic:
- Hike
Del av gruppetur i Sørøst-Asia med G Adventures. Overnatta på hotell i den vesle fjellbyen Kintamani. Klokka kvart på fire stod vi opp, og møtte guiden vår (Det er ikkje lov å bestiga fjellet utan guide..). Vi tusla oppover med hovudlykt og litt varmare klede enn det ein vanlegvis forbind med Bali. Turen opp tok omlag 2 timar, og baud ikkje på all verdas utfordringar. Kraterkanten var nokre stader litt kronglete og smal, med eitt steg om gongen er ikkje det store problemet. Det er likevel verdt å nevna at de ter greit å vera forsiktig her: Ein svenske hadde hatt max uflaks her eit par månadar tidlegar da han ramla ned i krateret og omkom. På toppen sneik guiden vår oss forbi ei stor ansamling turistar til ei meir avsidesliggande hytte, der vi sat og venta på soloppgangen. Soloppgangen >>>
Gunung Batok
- Date:
- 10.07.2010
- Characteristic:
- Hike
Tur i forbindelse med gruppetur over Java og Bali. Kom frå Yogyokarta til hotellet på den ytterste kraterkanten om ettermiddagen/kvelden. Utanfor hotellet krydde det av lokale som ville selja oss luer, vottar, skjerf og alt anna varmt tøy vi kunne ha gløymt å pakka med oss på tur til varmare strok..
Stod opp rundt fire morgonen etter. Åt eit par kjeks, og blei kjøyrd i Land Rovere ut til sletta nedanfor Mt. Bromo. Vi skulle gå opp til kraterkanten på Mt. Bromo å sjå soloppgangen herifrå for så å ta turen opp Mt Batok for å sjå på utsikta, noko som vistnok var motsett av kva den store turistmassen brukte å gjera. Vi kledde på oss med varme klede og hodelykt og sette i mars etter den store straumen med andre turistar, så det var nok ikkje heilt sant. Undervegs blei vi og masa >>>
Slottsfjellet
- Date:
- 03.08.2009
- Characteristic:
- Walk
Måtte jo sjølvsagt oppom Slottsfjellet som del av omsyninga i Tønsberg. Ingen strevsamd tur akkurat, men fin spasertur som gir både litt historisk påfyll og god utsikt.