Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Tur til Elgsethytta med jobb

Date:
02.10.2013

Det har vore laber haustaktivitet på toppfronten. Mykje aktivitet på jobb, og mykje buldring gjer sitt. Har hatt ein og annan tur i bymarka, men ikkje stort å skriva heim om. Så berre for å fortelja at eg fortsatt er i live og er litt på tur så kan eg jo i alle fall skriva ein liten turrapport og leggja ut eit par bilete frå ein hausttur med jobb til Elgsethytta. No står vi jo her i Trondheim i alle fall føre den litt meir kjipe perioden, der marka ofte er for sølete, blaut og kald for vanlig fottur, og ingen snø til å gå på ski på, så det kan ta litt tid til neste rapport (I alle fall om eg ikkje får kjøpt meg bil snart). Uansett, eg var på tur til Elgsethytta med jobb. Det var nydeleg haustver og ein flott tur. Hadde sjølvsagt ei lita konkuranse med quiz og oppgåver ved >>>

Map