Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Synstålkyrkja

Date:
22.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:49h
Distance:
10.7km

Pappa har lenge prata om at han kunne tenkje seg ein tur på Synstålkyrkja. Planen var difor å få til dette i løpet av sumaren. Og på sjølvaste bryllupsdagen til mamma og pappa la vi i veg. Kjøyrde opp til Stamsætra, der vi blei møtt av ivrige kuer og sæterdrift. Vi fulgte råket innover til Stamsæterhovden. Eit Iidyllisk landskap med flotte fossefall i Stamåi. Ettekvart kom vi innover i Geitådalen, ein dal pappa meinte var ufatteleg kjedeleg. Eigentleg ganske typisk Skjåkdal; Litt buskete flat U-dal med eit lite grovafar og ei og anna steinrøysa. Sidan eg vurderte å få med meg 100 pf. toppa "Nordøst for Sysnstålkyrkja", sikta vi på ein topp aust for sjølve kyrkja. Litt steinete var det nok oppover, men heilt greit å gå. Som så mang ein gong ellers i fjellet >>>

Map    

Darth Vader is a mountain in Norway: Kyrkja

Date:
20.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:28h
Distance:
9.6km

Som dei søte gutane i "Anal Bros" syng: Darth Vader is a mountain in Norway. Dersom du nokon gong har stått ved Leirvassbu og kjika opp på Kyrkja er denne ligninga grei å skjøne, så fremt du har den minste kjennskap til Star Wars universet. Og ved Leirvassbu stod vi i knallvær, eg og onkel Per, og dagens mål var å bestige sjølvaste Kyrkja. Eg hadde nyst vore på fjellsportkurs og var høg på mine eigne evnar til å tåle høgd og klyving, onkel Per litt meir skeptisk. Vi var begge likevel heilt overbevist om at vi skulle koma opp. Vi fylgde vegen innover eit stykje, før vi forlet både veg og stig og gjekk for vasskanten langs Leirvatnet, istadenfor over kammen som gjekk rundt. Vi tok ein rast ved ein stein før vi byrja på røysa opp til sjølve ryggen. Røysa opp gjekk >>>

Map     2 comments

Veslfjellkyrkja

Date:
19.07.2013
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
6:54h
Distance:
11.0km

Sola skein, det gjekk ikkje an å sitja inne! Eg ringde difor onkel Per og spurte om han ville vera med på tur dagen etter, og om han hadde noko gode tips. "Kva med Veslfjellkyrkja, og områda rundt" sa han. "Kvifor ikkje" sa eg, og så var det avtala. Dura oppover mot Sota dagen etter og starta i god sumarvarme frå Liavassosen. Vi sikta oss mot noko som onkel kalla for "Jakobsholet"; vistnok eit ganske idyllisk område. Bratt oppover, og med ganske frodig skog. Vi brukte god tid på botanisering og fotografering på turen oppover. Vi kunne i alle fall med sikkerheit fastslå at i år verka til å vera det store linnea-året. I tillegg til all floraen møtte vi også på ei elgku med to kalvar på vår tur oppigjennom skogen. Vel oppe i Jakobsholet så var det >>>

Map    

Fjellsportkurs med tur til Skeie og Kalven

Date:
09.07.2013
Characteristic:
Alpine trip
Distance:
13.1km

Denne veka har eg vore på fjellsportkurs i regi av Klatring og Friluftsliv og Fjellorama . Eg og Andreas skulle bli Joika alpinismus (ref: Olsendriver ) på rett! Tirsdag møtte vi kursleiar og gamal klatrerev Hans Petter Håkonsen i Lom sentrum. Der fekk vi ein liten briefing på opplegget for veka og ei lita runde i klatretårnet for å visa at vi kunne grunnleggande klatresikring. Dagen etter brukte vi i klatrefeltet i Tronoberget, der vi øvde oss på det grunnleggjande innan naturleg sikring, taulag, standplass og rappell. Ein herleg dag i veggen, med mykje læring og mykje skjitsnakk. Om kvelden kjøyrde vi opp til Krossbu der vi skulle ha tilhald resten av kurset. Teltleir blei sett opp, og være var såpass bra at vi kunne sitja ute med enda meir skjitsnakk. Torsdag tok vi vår fyrste tur ut på breen, der vi øvde på grunnleggjande >>>

Map