Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Tour (2)
- Expedition (2)
- Fahrradtour (1)
-
Fußtour (23)
- Bergtour (3)
- Hochtour (1)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (16)
-
Klettern (5)
- Bouldern (2)
- Eisklettern (1)
- Klettersteig (1)
- Sportklettern (1)
-
Skitour (8)
- Randonnée/Telemark (3)
- Tourenskilauf (5)
Lieblingstouren
Lieblingsgipfel
Bispberget via skåre
- Datum:
- 19.05.2013
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 5:28h
- Entfernung:
- 9,6km
Denne helga hadde eg, Leif Erik og Andreas planlagt tur til Holåtindane. I fylgje kjentmann og fjellfant onkel Per skulle føret vera omlag på sitt beste no i mai, og ei tid verka langtidsvarselet å halda med han i det. Men omlag ei veke før avreise skjedde det. Yr byrja å vingle, gråvær, snø, sol, finvær, gråvær.. Nokre dagar før helga kom det store mengder snø på eit døgn, før varmværet slo inn. Ja, det bikka ikkje eingong kuldegrader om natta inne ved Holåbreen. Utsiktane var dystre, og det gjekk nokre telefonar fram og tilbake før vi valgte å fylgja fjellvettregel fem, og høyra på erfarne fjellfolk (Onkel Per) og leggja turen på is.. Kva skulle vi gjera no? Ein ny telefon til onkel Per, og vi hadde avtale om å gå tur over Bispberget og sjå etter lapprosa.
Etter >>>
Sundagstur til Herbernsheia og Stadsheia
- Datum:
- 05.05.2013
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Tourlänge:
- 1:53h
- Entfernung:
- 5,0km
Ny topp på Trondheimslista. Har tenkt på denne turen ei stund, og no byrjar jo snøen å gå så det er litt lettare å koma seg rundt i marka igjen. Nevnte turen for Andreas som hadde litt lyst til å ta med familien, men med liten unge var han ikkje heilt sikker på været. Søndag morgon fekk eg melding om at dei ville "ligge litt på været". Yr.no sa det ville skine opp i 10-tida og eg stola blindt på det. Etter ein lengre sundagsfrokost pakka eg sekken, og var klar for tur. Det peip i telefonen og Andreas ville også bli med. Fekk det litt travelt med å koma meg opp til Byåsen butikksenter i tide, men med litt ekstra sprut i sykkelpedalane ankom eg som avtala "litt før 11", altså 10:59. Vi kjøyrde inn til Tømmerdalen og parkerte. Herifrå fulgte vi vegen innover. >>>
Sykkeltur til Gråkallen
- Datum:
- 01.05.2013
- Tourcharakter:
- Fahrradtour gemischt
- Tourlänge:
- 2:00h
Fridag fra jobb må jo bety ut på tur? Som sagt så gjort; satsa på å få lagt til enda ein topp på Trondheimslista i dag. Kanskje den mest markante toppa (og lettaste?) i byen: Gråkallen. Denne toppa som "ragar" over byen med sine merkjelege radarinstallasjonar. Pakka sekken og sykla meg i veg over Stavnebrua, opp mot Byåsen butikksenter og vidare innover Fjellsetervegen mot skistua. Her går det kun ein veg, og det er oppover. Det hadde jo ikkje eg tenkt så veldig nøye over da eg kledde på meg.. Eg skulle jo på "fjelltur".. Så det kokte godt innunder allværsjakka da eg kom meg opp til Skistua. Her sette eg ifrå meg sykkelen og gjekk stien gjennom alpinanlegget mot toppen. Brukte litt tid ved kartinstallasjonen på toppen, der eg peika meg ut tidlegare toppar >>>
Påskeklassiker nr.1 i Skjåk: Skridulaupen
- Datum:
- 30.03.2013
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 6:34h
- Entfernung:
- 23,8km
Skridulaupen, kanskje den mest klassiske av alle påsketurar i Skjåk. Merkjeleg nok har eg aldri gått denne turen. Så denne påska hadde eg stygge planar om å få skvisa inn denne klassikaren i turprogrammet som eit passe tillegg til monsterturen Gråhø. Eg forhøyrte meg litt rundt om nokon ville vera med og fleire viste interesse, men av ulike årsakar var Pappa den einaste som stod igjen når dagen rann.
Vi hadde alle intensjonar om å kosa oss på tur, og ingen intensjonar om å springa som gale på toppen. Så i passe behageleg morgontid sette vi oss i bilen og kjøyrde til Grotli. Framme på Grotli fann vi fort ut at vi ikkje var dei einaste som hadde tenkt oss ut i fjellet denne dagen. Det var trongt om plassen på parkeringsplassane. Kanskje ikkje så merkeleg med tanke på at dei >>>
Vinterjuving i Tundra
- Datum:
- 28.03.2013
- Tourcharakter:
- Eisklettern
- Entfernung:
- 7,8km
Eg har nyst kjøpt meg nye stegjern, og ville gjerne få testa dei i påsken. Så eg, onkel og søskenbarn Elin la ut på tur i Tundra. Ein tur som eg nok vil karakterisera meir som "vinterjuving", enn som isklatring. Uansett kva ein kallar det, dette er ein spanande tur fordi ein kjem til plassar ein aldri kan få besøkt ellers. Vi kjøyrde opp til omlag Brumillom, der vi parkerte. Vi pakka med oss langt meir "skrammel" enn vi nok trengte, men det ser jo skikkeleg profft ut med mykje utstyr i klatreselen.. Eller var det nybyrjar?
Vi gjekk ned mot elva, og turen kunne nok godt ha enda alt her. For her var det realt glatt, og vi hadde ikkje fått på oss stegjerna. Både eg og onkel sklei stygt på veg ned mot Tundra, og eg trur onkel slo skuldra si skikkeleg godt. Vi kom oss uansett med litt >>>
Påsketur til Gråhøe
- Datum:
- 26.03.2013
- Tourcharakter:
- Tourenskilauf
- Tourlänge:
- 11:24h
- Entfernung:
- 36,7km
Gråhøe, Løyfthøe, eller berre tjugefjorten? 2000-meters toppa i "mitt" fjellområde er så anonym og bortgjøymd at ein ikkje eingong er sikker på om den har eit navn. Denne vesle haugen som så vidt har krafsa seg over 2000 meter ligg godt gjøymd blant andre meir prangande fjellformasjonar som sin navnebror Gråhøa, det utkjende Stammåhjulet og den langt kvassare Skarvedalsegga.
Men det var altså til Gråhøe vi skulle. Vi har prata om det i lengre tid, og no var påska og den fastsette datoen her, så det var berre å pakka sekken og førebue seg på langtur. Rundt klokka 9 om morgonen var vi klar ved Billingen seter, der graderstokken synte -18. Sjølv om vi gleda oss til at sola skulle renne, kjentest det langt i frå så kaldt ut. Så vi la på fellene og byrja å labbe >>>
Topptur til Ruten
- Datum:
- 10.03.2013
- Tourcharakter:
- Randonnée/Telemark
- Tourlänge:
- 4:18h
- Entfernung:
- 10,8km
Tidleg sundag morgon koka eg kaffi og smurte nistepakke, vi skal på topptur til Ruten i Hemne. Etter ein vinter med heller skuffande treff på tidspunkt for fri og føre for nedoverski var det endeleg klart for årets fyrste orntlege topptur. Når eg kjika på graderstokken lurte eg eigentleg litt på kvifor eg ikkje berre hadde rulla meg over og sove berre "eeeein time til". Nei, her var det berre å hoppe rett i ullundertøyet og pakke balaclava og ekstra lag med fleece i sekken. Skyssen kom og den halvannen times lange bilturen til Hemne var ikkje stort å fortelja om. Heimdal, Buvika, Børsa, Orkanger, Hemne! Her var det -17 og i skuggesida. Vi satt lenge i bilen og kvia oss for å gå ut. Telemarksstøvlane blei dratt på under tronge kår i baksetet. Fellane blei dratt på, >>>
Ekspedisjon Storheia
- Datum:
- 10.02.2013
- Tourcharakter:
- Expedition
- Tourlänge:
- 4:39h
- Entfernung:
- 22,7km
Med februar kom det også endeleg realt skiføre i Trondheim. Realt skiføre og strålande vær, det er ikkje ein kombinasjon ein ofte ser her i byen. Det var difor med lange blikk mot bymarka eg gjekk til jobb denne veka. Det tok ikkje lenge før planane om å få gjennomført ein av dei klassiske ekspedisjonane i Bymarka var lagde; nemleg å toppe ut Storheia. Som reale ekspedisjonsmenn var vi ut av senga før fuglen feis, og i tolvtida var sekken full av kvikk lunsj, nistepakke og kaffi. Med eit godt lag blåswix under skia stod vi der og kika litt skeptisk på barnskirenn (Sverresborgrennet, eller noko slikt..), og lurte på om den hardaste delen av ekspedisjonen skulle bli å tråkle seg gjennom folkemengden og ut i den "orntlege villmarka". Nesten ute av barnskirennlabyrinten >>>