Tur til Elgsethytta med jobb (02.10.2013)


Map
Visits of other PBEs Elgsethytta (445m) 02.10.2013

Det har vore laber haustaktivitet på toppfronten. Mykje aktivitet på jobb, og mykje buldring gjer sitt. Har hatt ein og annan tur i bymarka, men ikkje stort å skriva heim om. Så berre for å fortelja at eg fortsatt er i live og er litt på tur så kan eg jo i alle fall skriva ein liten turrapport og leggja ut eit par bilete frå ein hausttur med jobb til Elgsethytta. No står vi jo her i Trondheim i alle fall føre den litt meir kjipe perioden, der marka ofte er for sølete, blaut og kald for vanlig fottur, og ingen snø til å gå på ski på, så det kan ta litt tid til neste rapport (I alle fall om eg ikkje får kjøpt meg bil snart).

Uansett, eg var på tur til Elgsethytta med jobb. Det var nydeleg haustver og ein flott tur. Hadde sjølvsagt ei lita konkuranse med quiz og oppgåver ved hytta før vi åt middag og vendte snuta heimat. Ingen stortur det her, men fyrste gong eg har gått denne vegen på beina. Triveleg tur, og grei unskyldning til å legge ut eit par mobilbilete med hauststemning frå Bymarka.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.