Kilimanjaro via Rongairuta (11.02.2012)


Start point Nalemoru (1,950m)
Endpoint Nalemoru (1,950m)
Characteristic Hike
Duration 152h 00min
Distance 70.5km
Vertical meters 3,945m
Map
Ascents Uhuru Peak (5,895m) 16.02.2012

Prolog
Det var ein haustdag i 2011 da haustdepresjonen byrja å setja inn at eg såg Kilroy hadde bursdag denne dagen og feira med å gi gode rabattar på alle turar bestilt denne dagen. Eg hadde reisefeber og den einaste kuren eg kom på var meir reise. Eg sprang sporenstreks bort til sjefen og spurte "Når kan eg tidlegast få ferie i 2012?". Vi blei enige om at byrjinga av februar skulle vera greit. I lunsjen sykla eg ned til Kilroy og nokre få timar etter at eg såg annonsen hadde eg bestilt meg spontantur.. Til toppen av Afrika, Kilimanjaro!

Dag 1: Moshi
"And on your left side, you can now see the Kilimanjaro" sei piloten. I neste sekund gjer han eit svalestup som føles som om det sveiper veggen på dette gigantiske massivet som reiser seg frå sletta under oss. Eg sit i eit lite fly frå eit lite afrikansk selskap på tur inn til landing i Moshi, og trur eg skal døy før eg i det heile får toppa ut Kilimanjaro. Dei fleste rundt meg ser litt skrekkslagne ut, ja til og med flyverten ser litt bleik ut om nebbet. Heldigvis går det som det vanlegvis gjer, bra. Inne på flyplassen står eg ei lengre stund og ventar på bagasjen. Jo færre sekkar det blei på bandet, jo meir svann håpet; Det var nok berre å stilla seg i den stadig veksande "Lost luggage" køen. Der var det berre å fylla ut eit skjema og håpa på det beste. Sekken min skulle dei få sendt på neste fly frå Nairobi. Ja, det var jo berre å håpa.. Det kunne bli ein ganske kjip tur opp dersom eg skulle bli nødt til å basera meg berre på utstyret eg kunne få leigd på hotellet..

Eg blei plukka opp på flyplassen av ein representant for reiseselskapet Zara. Eg og ein brite som også mangla bagasje blei stabla inn i ein gamal folkevognbuss før vi sette i veg mot hotellet. Ut på humpete grusvegar som etterkvert eigentleg slutta å vera vegar bar det. Etter eit par humpete timar i baksetet var vi endeleg framme på hotellet. Resten av kvelden blei brukt til å smake på det lokale brygget "Kilimanjaro", møte dei andre i gruppa, lure på korleis vi skulle smugle ei geit opp fjellet, eta litt mat og bekymre oss for om bagasjen skulle koma fram før vi måtte dra. Klokka halv to om natta kom baggen min med taxibud. Da var det berre å pakka om for å klargjera sekkane for tur. Ikkje heilt optimal start på turen verken stressmessig eller søvnmessig med andre ord.

Dag 2: Rongai Gate (1950) til Simba Camp (2750)
Litt trøytt og spent vakna eg neste dag. Som verdsmeister i bekymring var eg jo bekymra for det meste. Om at eg kom til å få høgdesjuke, eller bli matforgifta, eller.. Eigentleg så følte eg meg litt forkjøla, kanskje eg skulle bli sjuk slik at det ikkje blei noko av i det heile tatt. Vi åt frokost, pakka sekkane, vog sekkane slik at bærarane ikkje skulle få ryggproblemer, før vi heiv oss i bussen mot Rongai gate. Eit par timar seinare var vi klar for denne ekspedisjonen. Vi satt der og venta i eit lite skur, medan sola steika og guidane våre gjorde seg klar og fiksa alt papirarbeidet for oss. Før vi la ut på tur måtte vi signere oss inn i ei bok. Ved oppstart stod eit skilt som med store bokstavar proklamerte at dette var ein real tur, og alskens forhåndsreglar måtte bli tekne. Dersom vi var forkjøla kom vi til å døy der oppe. Eg kjende meg med eitt litt meir sår i halsen, men traska i veg oppover den tørre skogsbilvegen.

Overraskinga var stor da vi alt etter ein kort marsj på 3 timar, for det meste med kultivert og kjedeleg skog, var ved første camp. Her såg vi rett opp på Kibo og Mawenzi, og det blei teke i overkant mange bilete av toppen vi skulle gå mot dei neste dagene. Teltkampen blei slått opp og vi følte oss mest som kvit overklasse på safaritur der guidar og bærarar styra rundt med klappstolar og vaskevatten for å varta oss opp.. Etter kvart kom middagsteltet opp, og det var berre å setja seg og få servert. Vi var heldige med kokk og middagsgryta var kjempegod. Til kvelds dukka også ein del av dei meir spenstige pålegg og matvarer opp; "Blue band low fat spread", "Milo" som var ein slags blanding mellom maltekstrakt og sjokolademjølk, og eit syltetøy som var så sjølvlysande at det fort berre fekk navnet "Nuclear Jam". Vi blei sitjande ei lita stund utover kvelden og drikka te og spela kort, men gårsdagens bagasjeventing og den friske lufta gjorde at vi fort fann både teltet og soveposen.

Dag 3: Simba Camp (2750) til Kikelelwe Camp (3450)
Denne dagen labba vi fyrst ut i eit lende eg hatar over alt på jord, nemleg tette Erica-kratt. Dette er nok det pollenet i heile verda eg er mest allergisk mot. Heldigvis gjekk det ganske greit. Dette området var og prega av spreidde brannar, og vi gjekk jevnleg over større nedbrente flater. Etterkvart kom vi oss også ut av Erica-kratta, og Kenya breidde seg ut i all si prakt nedanfor oss. Samtidig byrja Mawenzi Peak å stiga opp i all si prakt ovanfor oss. Eg kan ikkje hjelpa for det, men berre må byrja å nynne på Toto's klassikar "Africa". Denne himmelske utsikta var likevel lumsk; vi såg nokre tunge skyer som bygde seg opp bak oss, og som byrja å driva nærmare og nærmare oss. Ja dei seig rett så fort inn, og vi kjende den rå, kalde lufta mot nakken. Plutseleg byrja guidane våre og gå i eit tempo som var langt i frå "pole, pole". Da vi spurde dei kor langt det var igjen til campen, peika dei ein kilometer fram i lendet der berarane var i ferd med å setja opp camp. Deretter tok beina på nakken og meir eller mindre forlet oss. Sekundet seinare bøtta det ned, og vi var akkurat lenge nok i villråde om vi skulle ta på regnklede eller ikkje til at vi rakk bli så blaute at det ikkje spelte noko rolle. Her var det med andre ord berre å fylgja guidanes eksempel og springja etter. Regnet roa seg like fort som det kom, og vi kunne etterkvart kjike ut og opp på majestetiske Mawenzi peak i strålande solskinn. Denne kvelden blei i tillegg til te-drikking, eting og kortspel også brukt til å tørka klær så godt det lot seg gjera.

Dag 4: Kikelelwe Camp (3450) til Mawenzi Tarn Camp (4330)
Da vi vakna neste morgon hadde regnet roa seg og landskapet var tørt igjen. I dag gjekk turen eigentleg ganske så rett opp. Vi fulgte eit ravinelandskap oppover, medan busker og trær sakte men sikkert måtte gjeva tapt. Etterkvart kom vi inn i eit meir eller mindre reint grasbekledd landskap, med ein del gamle, daude trær. På mange måtar minna dette meg om landskapet ein kan sjå i gamle westerfilmar, eg berre venta på at ein høyball skulle koma blåsande forbi. Etterkvart kom også eit tåkedrag forbi, og følelsen av forlatt westernlandskap meldte seg for fullt. Nesten oppe bles tåka vekk, og vi kunne snu oss og sjå attende. Til tross for at dette er ei av dei minst trafikkerte rutene såg vi ein lang orm av menneske (i all hovudsak bærara snirkle seg oppetter ravinene nedunder. Vel oppe ved Mawenzi Tarn var det klart kjølegare enn det vi var vant til frå lågare trakter, og til og med antydning til snø. Etter middag var det klart for ein liten aklimatiseringstur opp i fjellsida til Mawenzi. Utsikta ned mot Mawenzi Tarn og campen var virkeleg verdt å få med seg. Etter turen var det som vanleg kveldsmat, te og kortspel. Natta synte seg å væra merkbart kaldare enn tidlegare, og eg vakna fleire gongar av å væra frosen.

Dag 5: Mawenzi Tarn Camp (4330) til Kibo Hut (4700)
Denne dagen vakna vi til frost på bakken. Vi var heilt tydeleg oppe i meir alpint lende, så eg kledde på meg godt med ullundertøy. I dag skulle vi over salen til foten av Kibo og sjølvaste "base camp". Vi bevega oss snart inn i ein steinørken av for det meste runde, vulkanske småstein, og ei og anna grastusten. Smått trasig og bevega seg på. Ettersom sola kom sigande på vart også dei ekstreme klimasvingningane her oppe klare. Temperaturen steig brått og brutalt, og det var ikkje stort anna å gjera enn å dra ned buksa og flekke av seg ullstilongsen. Trur faktisk at dette var det absolutt varmaste punktet på heile turen! Vi kom oss over brotet og vinka farvel til utsikten over Kenya. Framom oss kunne vi nå sjå Kibo stiga majestetisk opp. Midt på denne store steinsletta passerte vi restane etter eit småfly som styrta her i 2008. Rart at ingen har teke seg bryet med å rydde opp eigentleg. Høgda byrja å merkast, og stega våre blei kortare og kortare. Det hindra oss likevel ikkje frå å småbuldre på eit par steinar som låg alt for pent til rett i nerkant av campen. Vel oppe ved campen var det berre å hive innpå middag og forberede seg på toppstøytet ved midnatt. Forsøkte å få litt blund på augene, men det blei mest med forsøket.

Dag 6: Kibo Hut (4700) til Uhuru Peak (5895) til Horombo Hut Camp (3700)
Ved midnatt blei vi vekka, og servert litt te og ein kjeks eller to. Utsikta mot stjernehimmelen her er noko eg aldri kjem til å gløyma. Det kjendes omlag som om ein kunne berre strekke ut ei hand og ta på dei. Også så klåre som dei var her langt unna alt som kunne kallast ljosforureining! Oppover bergsida såg vi alt ein "ljosorm" av hovudlykter som snirkla seg oppover, sakte, sakte. Etterkvart var det vår tur til å byrja å gå. Her var det berre å labbe avgarde, sakte, sakte, i mi eiga lille boble beståande av det vesle eg kunne sjå i ljoset frå hovudlykta. Med andre ord, skoa til han før meg. Kaldt var det også, i fylgje guidane var det omlag -17 C. Så ein av hovudeigenskapane frå forsvaret blei fort henta fram; Komahating. Tilstanden der du innerst inne syns synd på deg sjølv, samtidig som om den "intelligenten" delen av hjernen syns du skal ta deg saman. Ein endar etterkart i ei slags trance, der ein berre flytter ein fot etter den andre og "I have walked 500 miles" går på repeat inni hovudet. Ganske tidleg i leiken bikka vårt eldste gruppemedlem (78) av vegen, og blei geleida ned igjen. Det går sakte oppover med oss. Langs heile vegen høyrer eg lyden av folk som har problemer i begge endar av fordøyingssystemet. "Det er så jævla kaldt!" Du kan sei kva du vil, men -17 på nærmare 5000 meters høgde var noko av det kaldare eg har vore med på. Toppen såg aldri ut til å koma nærmare og kvar gong eg sjekka klokka hadde det sjeldan gått meir enn 10 minutt. 1 time. 1 time og 10 minutt. Vi passerer eit fylgje av japanere i identiske skalljakker, som ser ut som om dei ikkje burde vore her i det heile tatt. 1 time og 20 minutt. Og slik går det oppover.

Etter omlag 6 timar er vi oppe på Gillman's Point og kan ta ei velfortjent pause medan vi ser sola stå opp over Afrika. Alt hatet, og tankane om å gje opp renn sakte av medan sola renn. Nok ei oppleving for livet breier seg ut under meg. Til tross for at sola byrjar å kjike på oss er det fortsatt utruleg kaldt her, så vi blir etterkvart utålmodige på å koma oss vidare. Vi fylgjer eit tråkk i breen bortetter på innsida av krateret, og passerer etterkvert Stella Point. Herifrå og opp går det berre saktare og saktare. Det heile utviklar seg eigentleg til eit slags snegleløp, der vi går sakte, sakte, sakte forbi kverandre medan ein av oss heng på stavane. Einkvan meinte at ei 90 år gammal geriatrisk kjerring ville ha gått fortare baklengs, og eg er ikkje ueining... Men til slutt nådde vi Afrikas tak! Uhuru Peak! Vi hadde greidd det! Ein kort, obligatorisk fotosession før vi returnerte mot Kibo hut i omlag tre gonger så høgt tempo som det vi hadde på tur opp. Med sola kom også etterkvart varmen, og det blei uuthaldeleg varmt i solhellinga ned Kibo. Men vi var såpass gira, og klar for ein cowboystrekk i teltet før vi skulle vidare så vi hadde ikkje tid til å stogge for å justere antrekket der vi sklei nedover på rullesteinen. Skulle gjerne byrja med den nye sporten "Skree skidding" eg! Skal seie det gjekk unna. Vel nede ved telta, bikka vi alle mann over og sovna omlag på flekken. Eit par timars cowboystrekk blei det før vi fekk lunsj og byrja på nedturen til Horombo.

Til tross for at vi nå fekk sjå ei anna side av fjellet enn på oppturen føltes dette langt og slitsomt etter nattas strabaser. Om vi ikkje hadde fått det før fekk vi ved Horombo verkeleg kjenne på TURISTMASKINA Kilimanjaro. Her var det fullt av folk av alle slag. Mykje folk som i mine auge aldri burde vore her. Ungdom som hyla nedpå med øl, folk i klede som hadde egna seg bedre til storbyweekend.. Ja folk av alle slag rett og slett.. Vi følte oss uansett mykje kulare der vi slo opp telt midt blant alle desse folka som sov i hytter! Middagen blei fort fortært før vi alle saman bikka over og sovna som steinar.

Dag 7: Nedstigning - Horombo Hut Camp (3700) til Marangu Gate (1830) til Moshi
Da vi kjika ut av telopninga denne dagen hadde guidane/bærarane våre skreve "Asante" (Takk på swahili) i sanda utanfor. Skikkeleg hyggeleg gest! Før vi begir oss på tur nedover så blir vi behørig "feira" av teamet vårt med obligatorisk sang og fotosession. Nedturen går fort, og vi passerar regnskog som er langt meir intressant og livat enn den vi passerte på tur opp. Vi får blant anna med oss eit par-tre forskjellige apeartar, og ulike fuglar. Desverre gjorde nok tanken på øl og dusj oss meir utolmodige enn vi burde vera, så nedturen gjekk i lynande tempo. Vel nede igjen på hotellet synte det seg at strømmen hadde gått. Med andre ord; Null varmt vatn i dusjen. Så her blir det ikkje anna enn ein kjapp kattevask av ein dusj, men det gjer ingenting for vi har bestege Kili (Ja, det er lov å si Kili no!) og vi har øl. Kanskje den beste øllen eg har fått sidan eg fekk ein Mack lettøl etter helvetesveka i forsvaret.. Kvelden avsluttas med gaveseremoni, der vi gir bærarane og guidane våre tips. Dei syng og dansar for oss, og dei tvingar oss til å synge sang for dei.. Det ender jo sjølvsagt med ei heller uryddig framføring av "Hakuna Matata" frå Løvenes konge. Ei velfortjent feiring etter ein særs vellykka tur. Asante Kilimanjaro!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.