Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Dyrhovden, via elsykkel og føtene

Date:
08.08.2021
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
4:00h
Distance:
25.8km

Etter gårsdagens suksess var det lite som kunne hindre meg og jentungen i å nå den siste lågtliggjande primærtoppen, Dyrhovden, på motsett side (Sogndalsdalen). Dyrhovden er i underkant av 1000 moh, men kan vere seig å nå fordi den ligg litt langt frå hovudveg og parkeringsmoglegheiter. Det vil seie, viss ein då ikkje tek i bruk skogsvegane inn mot toppen på ein effektiv måte. Med effektiv meiner eg bil eller sykkel, men eg vil likevel ikkje anbefale nokon å nytte teslaen sin inn Drivdalsvegen (sør-vest for toppen) eller stigninga opp mot Liastølen (nord-vest for toppen). Ein får sikkert løyve frå grunneigar til å parkere ved garden Geirane, men herfrå og tilbake egnar seg ikkje for ein gjennomsnitteleg sprek - og gjennomsnitteleg motivert - 5-åring. Altså vart løysinga >>>

Map    

Terrengsykling frå flyplassen

Date:
13.06.2021
Characteristic:
Bike trip - off-road
Duration:
1:00h
Distance:
20.0km

Terrengsykling via Hasleeggi, Sogndal

Date:
09.07.2019
Characteristic:
Bike trip - off-road
Duration:
1:30h
Distance:
15.0km

Sykkeltur i kjekt terreng med Jomar og Håvard som diverre endte med punktering på tampen.

Map    

Amlaholten på sykkel

Date:
08.05.2019
Characteristic:
Bike trip - off-road
Duration:
1:30h
Distance:
7.0km

Jada. Amlaholten for n’te gong. Men denne gongen på sykkel, så då må det vere lov å skrive ei setning i boki.

Map    

Slakkafjellet - tur med sykkel, snarare enn "sykkeltur"

Date:
07.08.2016
Characteristic:
Bike trip - off-road
Duration:
2:00h

No er ikkje akkurat eg ein toppidrettsutøvar, men om du ikkje heiter Gunn Rita Dale så er vel ikkje akkurat dette sykkelturen eg vil anbefale. I alle fall ikkje på ein slik våt dag. Sykkelen var med meg opp til toppen ja, men eg sat ikkje akkurat på han på veg opp. Eg parkerte på motsett side vegen frå der grusvegen mot Slakkafjellet startar. Sykla oppover grusvegen til skiltet mot Slakkafjellet, og prøvde meg vidare litt oppover på stien. Eg gjekk fort over til å trilla sykkelen framføre meg. Stien kryssa grusvegen to gongar, og eg angra difor på at eg ikkje følgde grusvegen lengre. Det vart etterkvart brattare, smalare, meir attgrodd og ikkje minst gjørmete. Ikkje akkurat tipp-topp sykkelforhold i bratt oppoverbakke - med ein vilter hund i band. Greitt nok. Nådde til slutt ein >>>

Map     2 comments

Rallarvegen ned

Date:
09.06.2016
Characteristic:
Bike trip - mixed

Vatnahalsen ned på sykkel er ein (kollega)tur som er verdt å føre i boki, til tross for at det ikkje er mange høgdemeter å skryte av. Syklar leigde vi i Flåm før vi kasta oss på toget oppover dalen. Ved Vatnhalsen fjellhotell var det rett ned att. Mykje moro og stor ståheim!

Map