Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Grøssete

Date:
17.10.2021
Distance:
2.4km

Kjapp, men nokså våt dag i retning Grøssete i Sogndalsdalen. Gadda ikkje heilt opp sidan gullgåsa uansett hadde lagt sjokoladeegg nedanfor stølen.

Map    

Finnsåsen

Date:
01.10.2021
Distance:
3.2km

Kjekk tur til Finnsåsen med jentungen og hunden. Ein god dose med morsomme skilt på veg oppover. Pappa lo godt, jenta forstod ikkje så mykje. Her har DNT noko å la seg inspirera av.

Map    

Leinefjellet, nesten

Date:
22.08.2021
Distance:
9.0km

Prøvde noko nytt. Sykling langs skogsveg med påfølgjande fjelltur. Varmt og tørt. Sjukt tørt faktisk. Så med lite vatn i sekken var det nesten ikkje forsvarleg å fortsette så veldig mykje lenger enn det vi gjorde. Kos tur uansett.

Map    

Kaupngerholtane

Date:
15.08.2021
Distance:
4.2km
Map    

Dyrhovden, via elsykkel og føtene

Date:
08.08.2021
Characteristic:
Bike trip - mixed
Duration:
4:00h
Distance:
25.8km

Etter gårsdagens suksess var det lite som kunne hindre meg og jentungen i å nå den siste lågtliggjande primærtoppen, Dyrhovden, på motsett side (Sogndalsdalen). Dyrhovden er i underkant av 1000 moh, men kan vere seig å nå fordi den ligg litt langt frå hovudveg og parkeringsmoglegheiter. Det vil seie, viss ein då ikkje tek i bruk skogsvegane inn mot toppen på ein effektiv måte. Med effektiv meiner eg bil eller sykkel, men eg vil likevel ikkje anbefale nokon å nytte teslaen sin inn Drivdalsvegen (sør-vest for toppen) eller stigninga opp mot Liastølen (nord-vest for toppen). Ein får sikkert løyve frå grunneigar til å parkere ved garden Geirane, men herfrå og tilbake egnar seg ikkje for ein gjennomsnitteleg sprek - og gjennomsnitteleg motivert - 5-åring. Altså vart løysinga >>>

Map    

Familietur til Lusaskar, Leikanger

Date:
07.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:30h
Distance:
6.8km

Det starta bra, med ein pissetrengt hund som blauta ut buksa til kona i forsøket på å kome seg fortast mogleg ut av buret. Då hadde altså vi køyrd heilt opp Njøsadalen til stølen Skagasete. Bortsett frå dette gjekk det i godt driv i overkant av 3 km fram til Lusaskar. Det var litt veklsande ver med sur austavind til tider, som resulterte i av- og påkledningar til det kjedsommelege. Men på toppen var det lett å finne le. Returen inkluderte litt leie føter, litt surmuling, litt grining og eit lengre do-besøk. Takk Gud for sjokolade. Likevel ein fin familietur, der til og med minstemann fekk utfodra beina i kupert terreng.

Map    

Stedjeåsen-Hella, Dag 2

Date:
17.07.2021
Distance:
21.0km

Første natta i telt var, som vanleg er på slike turar, av svært varierande kvalitet. Vi vakna elles til ein overskya himmel og ein litt bister vind. Eit tydeleg forvarsel på kva som skulle kome. No gjaldt det å finne den raskaste ruta nordover mot Synnevaskjer, via fjellryggen på vestsida av Store trastadalsvatnet. Tanken var god, men gjennomføringa var elendig. Av ein eller anna merkeleg grunn, kanskje som følgje av mangelfull kartlesing og sondering i terrenget, kom vi alt for langt mot vest og gjekk rett på hytta (eller rønna) Trastå på vestspissen til Henjadalen. På eit tidspunkt var Eirik til og med på veg nedover mot Friksdalen i full fart, i den tru at dette var Trastadalen. Jadda, gutta på tur dette! Hadde vi ikkje kome inn på ein sti i riktig retning, som for øvrig >>>

Map     2 comments

Stedjeåsen-Hella, Dag 1

Date:
16.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
18.5km

Oppfølginga av suksessen frå i fjor (les: Fodnes-Tangen) var planlagt med tre overnattingar frå Sogndal sentrum til Hella fergekai (også i Sogndal kommune). Første dagen skulle Stedjeåsen og Hagafjellet forserast, via Øvstedalen og med overnatting ved Fjærlandssete. Andre dagen skulle vi gå opp Synnevaskjer (1544 moh), og vidare over Myrdalsbreen/Voggebreen og ned Skarholten til Grindsdalen. Deretter, på dag tre, skulle vi finne ei rute forbi Stav og (opp på) Hest, før vi svingte sør-vest ned Storholten og ned til Hella. Nokså greitt, tenkte vi. Ruta var sjølvsagt krevjande og hadde sine udefinerbare utfordringar, men slik var det med førre tur og. Einaste var kanskje breen, som kunne verte "interessant". Likevel var det ingen sure miner. Vi var rett og slett proppfulle >>>

Map    

Terrengsykling frå flyplassen

Date:
13.06.2021
Characteristic:
Bike trip - off-road
Duration:
1:00h
Distance:
20.0km

Forsøk på Breistølfjellet

Date:
29.05.2021
Distance:
3.5km

Hyttetur med "bergensarane" endte med flatfyll og personskade på fredags natta. Men jammen klarte to av oss å presse oss opp nokre høgdemeter dagen derpå likevel. Ikkje dårleg berre det, og difor også kvalifisert for boki.

Map