Archive - Date

Archive - Activity

Collected lists

Søndagstur på utkikk etter skitrasé

Date:
23.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h

Helg til Balestrand betyr tur i fjellet. Sidan eg har vore på Bruhjellstølen 100 gongar før (som for øvrigt har brunne ned til grunnen etter eit lynnedslag), sette eg meg no eit mål om å stake ut ein dugeleg toppturtrasé for skikøyring. Frå stølen gjekk eg vidare til Raunekletten og tok turen nedover sørsida til Kisane (i staden for å gå over og kome ned til Kalbakk). Her er det bart og bratt nok. Steinbra terreng for skikøyring! Frå Kisane er det berre å køyre heilt ned til Skåsheimelva og krysse den. Da kjem du rett inn på stien og kan praktisk talt køyre på ski til botn. Gler meg til vintaren!

Map    

Skreik meg til topps

Date:
16.10.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
3:45h

Nuvel. Akkurat SÅ ille var det ikkje, sjølv om det likevel var ein vaksen tur på over 1100 høgdemeter i det forblåste haustfjellet. Første utfordring var å parkere så høgt eg kunne oppmed stien. Det er sjølvsagt ei parkering like over ungdomshuset ved riksvegen, men da tek det lang tid før du kjem til døra - for å seie det slik. Eg fann heldigvis ein plass på nedsida av fotballbana vel 60 høgdemeter lenger oppe. Det får vere måte på kor mange høgdemeter ein skal gå på ein dag! Elles følgde eg vegen mot høgre fram mot stien (i retning Sogndal). Ein solid mengde bilvrak og ein mannevond hund viser vegen her. Stien travereserer oppover mot Klanten (kvifor ikkje Kanten?!), og vidare til stølen Breisete. Herfra ser du rett opp mot Skriki, som er toppunktet på den lange ryggen >>>

Map    

Fyllesjuk i fjellet

Date:
02.10.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
2:00h

Etter feiringa av Sogndal sitt uavgjort mot Brann på laurdagen var ikkje fysisk fostring det første eg tenkte på når eg rulla ut av senga på sundag. Men etter ein dusj og ein god kopp kaffi steig sjølbiletet ti hakk. Kanskje Frudalshesten kunne nåast i dag? Men nei, etter 1 t vandring innover Frudalen sank ambisjonsnivået vesentleg. I Frudalsbotn var det punktum finale. Så var det rett heim att til sofaen. Skal aldri drikka øl igjen!

Map    

Drit som endte bra

Date:
25.09.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h

Med sjøslaget frå fredagskvelden enno sitjande i kroppen, var det ikkje akkurat duka for ein kjempetur. Planen var eigentleg Skriki, men pga. noko familiegreier kom eg meg ikkje avgarde før kl 14. Og når Sogndal-kampen starta kl. 15.30 kunne eg berre drite i Skriki denne dagen. Kanskje like greitt.. Hunden var, i motsetning til meg sjølv, full av energi og dro konstant i bandet frå vi gjekk. Eg skal innrømme at det kom nokre heftige glosar i det første stykket oppover dalen. Men vel, så skjer det som det skjer på fjelltur. Ting vert lettare, og utsikten vert betre. Så humøret steig etterkvart i takt med høgdemetrane. Elles var det ein greit tur på merka sti. Gjekk opp ryggen mot Helleberget og straks var eg på toppen. Strålande utsikt i alle retningar! På veg ned kom vi over eit >>>

Map    

Sundagstur - frå råte til konge

Date:
18.09.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:00h

Fjellet er til tider bedragersk, men jammen går det andre vegen og. Vi kom oss seint avgarde frå hytta på Beitostølen, i all vissheit om den kjekke utvasken som venta oss når vi kom tilbake. Det var så vidt eg ikkje snudde da vi hadde kjørt opp til parkeringa på Slettafjellet. Tåka låg da tung rundt oss, og det var nesten ingenting å sjå. Men, vi fekk vel rusle litt oppover mot Mugnetinden berre for å suge inn det siste av fjellrest denne sundagen. Og det skulle vi vere glade for. I løpet av den neste timen vart det lettare, og da vi var kome nesten opp til Mugebottjernet - til ein mellombels topp på 1346m - var det utsikt på alle kantar. Nok ein gong ein nydeleg dag - sjølv om jentungen var sint som ein tyrk. Men noko må ein jo tåle.

Map    

Den aller første fjellturen!

Date:
17.09.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h

Sjølv om fjellturen var liten er det stort når det er første fjellturen i livet. 4 månader gammal. Gjendehøe er no hogd i stein. Nydeleg vér og herleg fjelluft var det som møtte oss denne dagen. Vi gjekk frå nedsida av hovudvegen i ein slak stigning rundt toppen og tok deretter til høgre - opp til toppunktet. Jenta låg i selen og var blid og nøgd heile vegen. Akkurat passe langt. Ein tipp-topp familietur.

Map    

Snartur med Snusen

Date:
16.09.2016
Characteristic:
Hike
Duration:
1:00h
Map    

"Snartur" til Nonshaug

Date:
10.09.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:30h

Snarturar på tom mage er sjelden ein god idé. Dette var ein slik tur. Etter å ha lest at det gjekk sti frå Solvorn til Nonshaug/Skinarfjellet, var eg hypp på å prøve frå andre sida. Eg køyrde i retning Barsnes så langt eg kom. Asfaltvegen gjekk etter kvart over til grus, og så var det stopp (men heldigvis parkeringsplass). Herfrå gjekk det skilta sti mot stølen Dalen, og vidare mot Helgasete. Fram dit var det faktisk 5 km. Rimeleg langt når ein ikkje hadde spist på 4 timar, men å snu kom ikkje på tale. Fram til Helgasete var ein grei tur på god sti. Tok vel knapt ein time. Frå Helgasete gjekk stien vidare (sjølv om det ikkje var merkt av på kart) gjennom Hestadalen mot skaret og ned att i Solvorn. Litt før skaret tok eg rett venstre opp mot Småhaugane, hakk i hælane på >>>

Map    

Balestrand på sitt beste

Date:
04.09.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:00h

Endeleg godt vér i Balestrand, og dags for familietur. Gjekk frå Skåsheim opp til Fjærestadstølen og vidare til Buråsi. Her gjekk vi vidare til Raudmelen og ned att til Kalbakk. Vidare ned til Skåsheim. Ikkje noko drit-tur dette!

Map    

Reppanipa - her får du lite gratis

Date:
29.08.2016
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
1:45h

Reppanipa, denne sagnomsuste toppen. Eller tja. Toppen måtte uansett kryssast av Sogndal-lista, og denne turen ville passe fint ein solrik ettermiddag. Eg tok av til venstre frå hovedvegen opp Kollsetevegen. Det var tydeleg at grunneigaren ikkje ville ha trafikk over gardstunet sitt, så eg sette bilen frå meg lenger nede og starta å gå. Eg følgde grusvegen eit godt stykke oppover, og passerte nokre hytter/bustader/palass. Etter ein del trasking kom eg opp til Kollsetestølen. Herfrå var det lite sti og hjelpa seg med, så da var det å brøyte seg gjennom gras og myr og gje blanke i å verte våt på beina. Eg tok luftlinja rett mot Reppanipa, og fann til slutt ein grei, men bratt oppstigning på høgre (nordlege) sida av toppunktet. Litt klyving, men heilt ok. Brukbar utsikt på toppen.

Map