Bomtur på Øystre Fagerdalshøe (29.04.2021)


Duration 1h 53min
Distance 5.7km
Vertical meters 236m
GPS

Tur til Beitstølen i permisjonen med ein god kollega er kjekke greier. Med godt mot sette vi av garde frå bilvegen innover hardpakka snø. Smart som eg var fjerna eg setet i pulken, slik at minsten heller skulle få liggje på skrå og sove. Det han likte han svært dårleg. Når vi var komne ca halvveges var det berre å gi opp. Minsten var sint som ein tyrk og la ned klar protest på vegen vidare. Ikkje fan om han ville liggje (skrått) i pulken.

I all forvirringa gløymde eg sjølvsagt å ta av meg fellene og heldt på å tryne ned fjellsida rett ved nokre andre turgåarar. Viss det hadde skjedd hadde vel minsten gått fullstendig av hengslene.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.