Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Rindåsen og Kinnkølen

Datum:
27.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
2:00h
Entfernung:
12,3km

Johannes, pappa, Kristine og eg drog opp på Rindåsen, da løypekøyraren hadde køyrd opp løyper dagen før. Det var flotte skiforhald på vegane, men litt for lite snø i løypane som går i terrenget. Kristine, pappa og eg gjekk oppom toppunktet på Rindåsen, og vi brøyta opp løype til Kinnkølen. Flott vêr. Utsikta ser ein lite av på Kinnkølen, men på Rindåsen og på Kinna er det flotte utsiktpunkt.

Karte    

Prestkjerringa

Datum:
25.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
3:10h
Entfernung:
20,0km

Skitur frå Værskei med pappa. Lite snø i fjellet, og lite skiløyper. Vi gjekk skiløypa frå Værskei til Nysetra. Derifrå brøyta vi til Prestkjerringa. Vi sank litt i laussnøen, og det var mykje kratt, men det var eigentleg greitt og fint å gå. Vi gjekk over Gammelhans og Myssmørhelje til Prestkjerringa, men vi gjekk ikkje oppom dei på returen. Oppe på Prestkjerringa møtte vi på eit par som hadde gått på truger frå Flugstadsetra. Flott vêr, og ikkje så mykje vind som det var spådd.

Karte    

Skitur til Hærfjellet

Datum:
24.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
1:33h
Entfernung:
15,3km

Skitur frå Værskei med Johannes og pappa. Lite snø i fjellet, så det er få løyper som er køyrd. Vi gjekk frå Værskei og ned til Staumseterkrysset, og opp til Nysetervegen. Den gjekk vi inn til Nysetra, før vi snudde og gjekk til bommen. På turen attende gjekk vi oppom Hærfjellet, ikkje dei beste forhald opp dit, men det gjekk greitt. Flott vêr for skitur.

Karte    

Skitur på Rokosjøen

Datum:
23.12.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
1:36h
Entfernung:
14,4km

Skitur med Kristine på veldig flotte scooterspor på Rokosjøen. Flott vêr.

Karte    

Ongsjøfjellet

Datum:
08.05.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
20,0km

Tur med pappa, Johannes og Kristine. Vi parkerte på Roasetra, og derifrå følgde vi bra skispor opp til Ongsjøfjellet. Det var tydeleg at Ongsjøfjellet er ein populær tur både for rando og fjellski frå Roasetra. Ikkje så rart, då det er ein kort og fin tur med ein fin nedkøyring frå toppen. Det var pent vêr, men litt sur vind. Vidare gjekk vi over dei nordre toppane på Ongsjøfjellet til Leppskardet. Her var det ingen andre som hadde gått i det siste, men det var lett å fin snø og brøyte i. I ei bratt kneik ned mot Leppskardet bar vi skiane. Opp til Leppfjellet tok vi ei god rast i sola. Oppe på toppen splitta vi lag mot Lepphytta. Pappa og Johannes gjekk vidare over sørtoppen, medan Kristine og eg gjekk litt attende og følgde bekken mot Leppvatnet. Ny rast på Lepphytta. >>>

Karte    

Finnsjøvola

Datum:
02.05.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
12,0km

Siste tur på helgeturen i Nord-Østerdalen. Litt slitne etter gårsdagens tur, og ikkje så altfor bra vêrmeldign utover dagen førte til at vi ikkje ville ta ein så altfor lang tur. Snømengda i området er også ganske liten, så vi valde ein topp vi trudde skulle ha greitt skiføre. Finnsjøvola vart eit bra val. Vi kunne ta på skiane med ein gong, og måtte berre ta dei av ein gong oppover sætervegen. Frå Øverdalssætra var det heilt bert der skiløypa skulle gå i følgje skisporet.no, men vi fann uansett ei bra rute i terrenget. Litt sikk-sakk for å ha snø under skia, men veldig fint å gå. Vi hadde fint vêr opp til Pika, men på Pika byrja det å blåse og det vart meir overskya. Flott utsikt på toppen, og vi tok ein liten matpause før vi gjekk vidare mot Finnsjøvola. Flott >>>

Karte    

Skjellåkinna med meir

Datum:
01.05.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
23,4km

Langtur på fjellski over fire toppar. Vi parkerte nedanfor Solvang gård, og bar skiane oppover vegen. Vi kunne ta på skiane med ein gong vi gjekk i vegen oppover skogen. Det var nokre berrflekker, men vi slapp å ta av skiane altfor mange gonger. Over Storbekken måtte vi ta dei av. Opp til Sleukampen satt vi frå oss skiane på om lag 1300moh. og gjekk opp til toppen. Flott utsikt! Vidare var det flatt og lettgått terreng over Eriksrudkvølve, før oppstigninga til Bukletten. Der og satt vi frå oss skiane før toppen. Flott utsikt der og, særleg mot Sølnkletten. Oppover mot Skjellåkinna følgde vi flanken, før vi satte frå oss skiane 80 høgdemeter nedunder toppen. Deretter gjekk vi over Østre Skjerallen, og fekk flott nedkøyring før oppstigninga til Eriksrudhøe. Der og satt vi >>>

Karte    

Midtvola ved Atnbrua

Datum:
30.04.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
7,9km

Helgetur til Nord-Østerdalen. Vi drog frå Gåsbu etter jobb, og installerte oss på ei campinghytte på Skogli camping, rett sør for Atnsjøen. Vi drog så til skiløypa til Midtvola. Derifrå gjekk vi oppover mot toppen på fjellski. Vi måtte bære skia litt på starten, men føret og snøen var overraskande bra. Flott utikt på toppen. Kort og fin tur.

Karte    

Skitur til Målia

Datum:
18.04.2021
Tourcharakter:
Langlauf
Tourlänge:
3:07h
Entfernung:
24,4km

Skitur med Kristine

Karte    

Kvilåsen og Venberget i Åmot

Datum:
17.04.2021
Tourcharakter:
Tourenskilauf
Entfernung:
17,1km

Målet for dagen var eigentleg Deifjellet frå søraust, men der var området stengt på grunn av mykje millitæraktivitet i skytefeltet. Da måtte vi leggje om turplanane. Kvilåsen og Venberget vart da det nye målet. Vi hadde håpa å kunne køyre opp til Holmsjøen, eller i det minste forbi Ulvåsetra, men det gjekk ikkje. Vi vart stoppa av mykje snø i vegen, og vi parkerte i vegkanten. Fint skiføre i vegen oppover mot Holmsjøen, og også fint i terrenget. På Kvilåsen var det flott utsikt nordover, og det var godt å sitte i sola der. Vi tok av kortfellane frå fjellskia før vi gjekk i vegen nedover frå Kvilåsen. Vidare mot Venberget vart det ikkje naudsynt å ta dei på igjen. Ikkje noko utsikt på Venberget, men like nedunder toppen kom vi til eit skogholdt der det var flott utsikt >>>

Karte