Arkiv - dato

Arkiv - aktivitet

Lister jeg samler etter

Skitur på Vestfjellet

Dato:
25.02.2020
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
30,0km

Skitur frå Astridbekken, med Kristine og pappa.

Kart    

Bjørgovarden og Fjellenden

Dato:
24.02.2020
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
18,8km

Vi parkerte ved skiheisen på Danebu. Derifrå gjekk vi i gode skispor til Bjørgovarden. Vidare følgde vi skiløypane til Fjelltjernet. Der tok vi av frå løypane, og gjekk opp til Fjellenden. Delvis skare og hardt utanfor løypa, men også stader med betre snø. Nord-Aurdal pf100 vart fullført med bestigninga av Fjellenden. Ein fin tur i eit flott turområde. Fint vêr, men ein del vind.

Kart    

Rundtur på Nordre Fjellstølen

Dato:
23.02.2020
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
20,0km

Skitur frå Røysvang på Nordre Fjellsjøstølen. Vêret var strålande, men ein del vind. Noko som førte til at dei flotte skiløypane vart attblese. Vi gjekk stort sett i løyper, men opp på toppane måtte vi gå utan løyper. Utanom sporet var føret varierande. Nokre stader var det god laussnø, medan andre stader var det skare. Ein skikkeleg flott tur, i eit flott turområde.

Kart    

Binnhovdknatten

Dato:
22.02.2020
Turtype:
Randonnée/Telemark
Distanse:
3,5km

Endeleg ein dag med god vêrmelding! På grunn av nokre ærend i Fagernes, kom vi sein avgårde på tur. Vi betalte 20kr inn bomvegen på Aurdalsåsen, og køyrde inn mot Engan. Vegen var så som så, så vi parkerte ved fyste moglegheit. Hadde vi køyrd 150 meter lenger, hadde vi kome til ein litt større parkeringsplass. Oppover var vi heldige, det hadde gått nokon før oss og brøyta spor. Utanom spora deira var det tungt å gå i 20cm tung laussnø. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen. Oppe på toppen var det enormt med vind, så det var utfordrande å få av fellane på skia. Snøen var forblåst på toppen, og nede i skogen var det vel mykje og tung laussnø, og ikkje bratt nok til å få opp den heilt store farta, men det var morosamt. Ein fin, liten tur vart det.

Kart    

Smørlifjellet

Dato:
15.02.2020
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
14,7km

Sol og pent vêr på morgonen. Kristine hadde time hos optiker klokka 11.30, og ble der i om lag ein time. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen, og like etter vi gjekk i vegen forsvann sola, og ho dukka ikkje opp att. Det vart likevel ein fin skitur i eit flott område. Vêret held seg ganske bra, og løypane var litt attblese, men ganske bra. Utsikta frå toppen er nok riktig fin i skyfritt vêr.

Kart    

Synet

Dato:
07.02.2020
Turtype:
Langrennstur

Skitur etter jobb saman med Kristine. Vi køyrde til Vaset rett etter jobb, og parkerte ved skiheisen. Derifrå gjekk vi til Gomobu, og vidare til Synet. Frå Synet gjekk vi om Valtjernet attende til Gomobu, og til bilen. Flott vêr på turen. Vi hadde solskinn til å byrje med, før det vart ein flott solnedgang, og flott kveldsljos. Vi rakk akkurat attende til bilen før det vart mørkt, for øvrig ljoste månen bra. Veldig bra skiløyper på Vaset denne turen.

Kart    

Hærfjellet

Dato:
01.02.2020
Turtype:
Langrennstur
Kart    

Eggeåsen

Dato:
29.01.2020
Turtype:
Langrennstur
Kart    

Skitur i Kvæfjord

Dato:
16.12.2018
Turtype:
Langrennstur
Distanse:
20,2km
Kart    

Skitur Nysætra

Dato:
06.11.2016
Turtype:
Langrennstur
Turlengde:
2:00t
Kart