Archive - Date

Collected lists

Rasletinden

Date:
01.06.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
13.7km

Tur i flott vêr første pinsedag. Mykje folk på Valdresflya denne dagen.

Map    

Stornubben

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
21.1km

Skitur med Kristine. Vi var forberedt på å gå eit stykke med skiene på sekken denne turen, men at det skulle gå 500 høgdemeter før vi kunne ta dei på, hadde vi ikkje trudd. Uansett fint å gå oppover fjellsida i joggesko, og det var enorme mengdar mogop i lia. På 1390moh kunne vi ta på oss ski, men det var ein del berrflekker vidare. Nokon kunne vi gå over med skiene på, medan andre stader var det for mykje stein. Flott vêr heile dagen. Vi møtte tre andre folk denne dagen, ein som gjekk same runde som oss, og to som gjekk på Stornubben. Fin tur, men litt mykje bæring av ski.

Map    

Gilafjellet og Geiteknappen

Date:
26.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.9km

Tur i lokalområdet med Kristine. Ganske bra vêr, litt overskya, men lite vind. Mye spor oppover, og vi møtte ein del folk. Framleis flotte forhald, men litt sikk-sakk for å unngå kratt og steiner. Eit parti på veg mot Geiteknappen måtte vi bære skiene, og vi måtte gå de siste metrene til toppen. Flott snø å køyre ned på.

Map    

Grindane

Date:
25.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.0km

Nok ein dag med flott vêr. Det var spådd ein del vind fleire stader i dag, men på Grindane skulle det vere lite vind til lang utpå dagen, så da gjekk turen dit. Vi parkerte ved vinterparkeringa like etter bommen på Helinvegen, og følgde scooter-spor oppover. Veldig fint å gå. Da vi kom opp til Skavlen på om lag 1000 moh møtte vi på dagens første berrflekk. Det gjekk greitt å gå på ski der, men verre skulle det bli. Vi hadde vore litt betenkte med tanke på snøras i bratta mellom Grindane og Grindetjernet, men det var ingen fare. Der var det nesten ikkje noko snø at. Vi gjekk sikk-sakk for å halde oss på snø, og gjekk igjennom kratt. Til slutt sklei vi 20 høgdemeter ned at, og gjekk i kanten av Grindetjernet. Løypa oppover var heller ikkje den beste før vi kom bort til >>>

Map    

Graveskarnosi og Søre-Knipen i Årdal

Date:
24.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.4km

Tur etter jobb. Vi køyrde opp til Tyin og over kommunegrensa til Årdal, og parkerte ved vestenda av Torolmen. Derifrå følgde vi spor oppover mot Søre-Knipen. Ganske bratt eit lite stykke over hyttefeltet. Så vart det slakare oppover mot skardet mellom Søre-Knipen og Graveskarnosi, og veldig slakt opp til Graveskarnosi. Ned frå Graveskarnosi gadd vi ikkje å ta av fellane. Litt vond snø oppover mot Søre-Knipen, men greitt å gå. Ned frå Søre-Knipen tok vi “normalruta”, som var ganske bratt. Kjekt med toppturski ned der. Min første tur i denne delen av Jotunheimen, ein veldig flott tur, og mykje flott utsikt undervegs.

Map    

Jutulen i Nord-Aurdal

Date:
30.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
2.3km

Vi oppdaga at vi plutseleg ikkje lengre hadde vore på alle "raude" toppar i Nord-Aurdal, så da måtte det bli ein tur til Jutulen. Da det var spådd fint vêr og vindstille i dag, men litt dårlegare utover veka, passa det bra å gjere det i dag. Vi såg at Olepetter (Ole-Petter Andersen) hadde vore der i går, og starta i frå Jutulstølen, så da køyrde vi og inn dit. Kristine gjekk på randoneeski og eg på telemark. Det fungerte bra, men ikkje den heilt store nedkøyringa på den harde snøen, men betre enn om vi hadde hatt langrennsski. Ein kort og fin tur. Etter turen fann vi ut at vi ville oppom Tveitastølfjellet. Vi køyrde opp vegen søraust for toppen, Skrivarlivegen, og parkerte berre 23 høgdemeter og 180 meter unna toppen. Sida det var ein såpass kort tur gadd vi ikkje ta på feller, men gjekk fiskebein >>>

Map    

Suletinden og Sulefjellet frå Maristova

Date:
21.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.5km

Lang køyring for å komme på tur, men ikkje så lang køyring som vi hadde håpa på. Vi hadde sett på nokon rapporter at dei køyrde heilt øvst i Gramstølen, men vi vart møtt av ein låst bom. Vi parkerte da der bomvegen startar ved Maristova, og gjekk derifrå. Det vart 220 ekstra høgdemeter fordelt på 2,3 kilometer. Tung start, som tok tre kvarter. Vegen var ubrøyta, men greitt å gå i hjulspora. Over hyttefeltet vart det litt tyngre, men finere. Suletinden dukka snart opp, samstundes med at vi hadde fin utsikt bak oss om vi snudde oss. Etter kvart dukka også Hurrungane opp i det fjerne nord, og meir av Jotunheimen. Sulefjellet vart også synleg da vi kom eit stykkje opp i sida. På veg oppover høyrde vi eit alvorleg brak, nesten som torden. Da vi såg bakover såg vi eit gedigent >>>

Map    

Stølsnøse og Galden frå Tyin

Date:
20.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.7km

Det var spådd flott vêr og lite vind, så da passa det bra med ein fjelltur etter jobb. Hektisk heimeundervisning og stans i løypekøyring i Valdres har gjort til at turane denne veka har vorte fotturar i nærområde. Så det var godt å få til ein skikkeleg fjelltur at. Vi parkerte i vegkanten mellom Svejistølen og Tyinstølen litt over halv fire, og gjekk opp til Galdstjernet og opp til Stølsnøse. Oppe på Stølsnese tok vi av fellane, og køyrde ned til skardet mot Galden. Der tok vi på at fellane, og gjekk opp til Galden. Skavlete snø og mykje hard skare, og berre få og små områdar med god snø. Men det vart ein veldig fin tur.

Map    

Skjeltrene

Date:
07.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
7.6km

Det var meldt strålande vêr denne dagen, så vi planla å køyre til Maristova og gå på Suletinden og Sulefjellet. Men da på bilturen såg vi at vêrmeldinga ikkje var like bra, og det skulle bli overskya der tidleg, fann vi ein ny tur. Valet fall på Skjeltrene på Filefjell. Vi parkerte i vegkanten ved Grønlistølen. Derifrå gjekk vi oppover i relativt tett fjellbjørkeskog. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå rett opp på toppen i frå vatnet på 1178moh, men snøskredvarslet frå Varsom.no og nokre store skavler, gjorde til at vi val å gå litt meir rundt og opp på toppen. Flott utsikt på toppen, men det vart litt overskya. Heilt vinstille heile dagen, veldig godt å kunne ta av fella på skia utan vind. Nedkøyringa var litt hard på toppen, men veldig fin frå 1300moh og nedover. >>>

Map    

Binnhovdknatten

Date:
22.02.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
3.5km

Endeleg ein dag med god vêrmelding! På grunn av nokre ærend i Fagernes, kom vi sein avgårde på tur. Vi betalte 20kr inn bomvegen på Aurdalsåsen, og køyrde inn mot Engan. Vegen var så som så, så vi parkerte ved fyste moglegheit. Hadde vi køyrd 150 meter lenger, hadde vi kome til ein litt større parkeringsplass. Oppover var vi heldige, det hadde gått nokon før oss og brøyta spor. Utanom spora deira var det tungt å gå i 20cm tung laussnø. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen. Oppe på toppen var det enormt med vind, så det var utfordrande å få av fellane på skia. Snøen var forblåst på toppen, og nede i skogen var det vel mykje og tung laussnø, og ikkje bratt nok til å få opp den heilt store farta, men det var morosamt. Ein fin, liten tur vart det.

Map