Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Bitihødn

Datum:
30.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
3,9km

Kjap tur på Bitihødn i mellom pakking og utvasking. Mykje folk opp det gode råket, og enda fleire på toppen. Fin tur.

Karte    

Turar til Marabotthornet og Store Sendehornet

Datum:
27.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour

To turar ved Olefjorden i Vang. Første tur gjekk til Marabotthornet. Vi parkerte ved demningen på Olefjorden, og følgde DNT-råket til toppen. På veg ned gjekk eg oppom og oppretta Aust for Marabotthornet. Fin tur. Den andre turen gjekk til Store Sendehornet. Vi parkerte ved bommen mot Sendebottjernet. Vi hadde med ein sykkel oppover, som vi bytta på å sykle ned at. Fint terreng å gå i frå vatnet til toppen, og ein flott topprygg. Turen på Marabotthornet. 8,4km - 458hm - 2t 4min Turen på Store Sendehornet. 11,5km - 622hm - 2t 47min

Karte    

Hemsedaltur dag 4: Røgjin, Systerskardfjellet og Skogshorn

Datum:
25.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour

Vi vakna opp til fint vêr i Mørkedalen, og køyrde til Hemsedal og åt frukost. Vi køyrde så inn bomvegen ved Hemsedal Skisenter. Vi hadde snakka om å gå på Røgjin og Totten. Røgjin vart første topp ut. Vi parkerte i vegkanten der råket byrjar. Flott råk oppover. Vi vurderte å ta ruta som er teikna inn rett oppover, men det såg veldig dårleg ut, så vi gjekk hovudråket. Flott tur, og fin utsikt. Denne turen møtte vi mykje folk, så det er ein populær topp. Vi hadde eigentleg tenkt til å ta Totten som tur to, men vi fann ut at vi heller ville ta Storebottnuten og Systerskardfjellet. Vi parkerte på den store parkeringa ved Fløgatjerne. Derifrå gjekk vi vegen litt oppover, før det vart godt råk til Buaklanten. Godt råk også vidare til Systerskardet. Vi gjekk først på Storebottnuten, >>>

Karte    

Hemsedaltur dag 3: Høgeloft

Datum:
24.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour

Etter frukost i bilen i Mørkdalen, køyrde vi opp til parkeringa nord for Eldrevatnet. Derifrå sykla vi dei fem kilometrane til der råket til Høgeloft tar av. Bakhjulet på syklen til Kristine punkterte like før det. Irriterande! Vi tok ein matpause før vi gjekk i vegen oppover råket. Litt spredte vardar til å byrje med, betre etter kvart. Møtte nokre andre på veg oppover, og det var fire andre på toppen da vi var der. Flott utsikt! Før turen hadde vi snakka om å gå på Bleia etter Høgeloft, men vi hadde nok med litt lite mat til det, og det såg ut som ein flott rundtur å gå om Nordtoppen og Knipenborg. Vi vart einige om å gå rundturen. Fint vidare til Nordtoppen. Ned mot Knipenborgtjørni var det litt laus ur. Hadde vi gått litt meir mot vest hadde vi fått meir snø å >>>

Karte    

Hemsedaltur dag 1: Hallenuten og Solgladberget

Datum:
22.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour

Vêrmeldinga viste nokre dagar med fint vêr, så vi bestemde oss for nokre dagar i Hemsedal. Denne dagen var det ganske bra vêr, men mykje vind, så vi drog ikkje så tidleg frå Slidre. Målet var å ta eit par småturar i Hemsedal. Etter nokon stopp i Leira og Hemsedal, drog vi innover Grøndalen. Vi betalte dei 20 kronane det kosta å køyre inn Fagersetvegen. Der parkerte vi i vegkanten og gjekk den lette turen på godt råk opp til til Hallenuten. Ganske fin utsikt på toppen, men mykje vind. Vidare køyrde vi inn Hydalsvegen, og parkerte ved Oset sør for Vavatn. Derifrå gjekk vi til Solgladberget. Vi følgde bilveg opp til den øvste hytta, og råk derifrå. Fin tur og flott utsikt. Etter turen køyrde vi inn til Ranastøngji parkering. Der åt vi middag før vi overnatta i bilen.

Karte    

Glittertinden og Trollsteineggje

Datum:
16.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Tourlänge:
14:00h
Entfernung:
26,6km

Tur i Jotunheimen med Kristine og Johannes. Kristine og eg drog frå Slidre halv sju, og traff Johannes ved Garmo skule halv ni. Vi satt på med Johannes inn Visdalen, og parkerte rett etter brua over Grjota. Derifrå gjekk vi oppover i terrenget. Tungt og langt oppover til første topp. Men flott utsikt undervegs. Utsikta frå Vestre Glittertindoksle over til Trollsteineggje og Glittertinden var flott. Vidare opp snøen til Glittertinden vart det enda tyngre. Mykje folk på Glittertinden. Lettgått nedover mot Austre Glittertindoksle, og ein ganske kort motbakke opp til toppen. Breutstyret vart brukt det korte strekket frå høgde 2274moh og over til Austre. Frå Austre gjekk vi nedover ryggen, der det var mykje reinsdyr. Vi kryssa så bretunga Grotbrean, og gjekk brekanten opp til skardet til >>>

Gringsdalshøi, Dyrtjørnhøi og Griningsdalskampen

Datum:
12.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour

Tur i Sjodalen. Vi køyrde heilt til enda av Griningsdalsvegen, og parkerte like før Dyrtjørnbekken. Derifrå gjekk vi delvis på råk, på dyretråkk og i terrenget opp til Griningsdalshøi. På veg oppover ryggen oppretta vi den vesle toppen Bjørnberget. Oppe på Griningsdalshøi fekk vi dagens dårlegste vêr; kald vind og snøvêr. Lettgått på gras ned til dalen, før det vart ein ny, tung stigning opp til Dyrtjørnhøi. Vi gjekk via Refjellet Sørvest, som hadde ein del raud stein. Ned at prøvde vi å gå kortaste veg. Veldig fin tur og runde. På køyreturen attende stoppa vi å gjekk på Griningsdalskampen. Bratt og tungt opp, men fint råk. Flott utsikt mot Sjodalen. Kort og fin tur.

Karte    

Bergsfjellet i Vang

Datum:
10.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
19,7km

Tur i Vang. Vi køyrde til Vang, og inn bomvegen Nørre Skakadalen. Vi parkerte ved Øyestølen, nokre hundre meter før den registrerte p-plassen. Derifrå sykla vi ned til vegen mot Vårstølane. Veldig lett sykkeltur. Vi satt frå oss syklane i vegkanten, og gjekk i vegen oppover Uksestigen. Flott og tung tur oppover til Bergsfjellet Øst. Derifrå gjekk vi over Ø2, og mot Bergsfjellet. Dette vart ein tur med mykje oppretting av grønne nåler. I staden for å gå bortom Skjøld, og råket ned at, gjekk vi i terrenget og oppretta nokre nye toppar. Ein flott rundtur.

Karte    

Berdalseken

Datum:
04.07.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
20,4km

Berdalseken har vi sett på i heile år. Vi hadde eigentleg tenkt til å ta han på ski, men vinteren strakk ikkje til. Så med bra vêrmelding vart dette dagen. Og for et vêr det vart! Litt kald trekk, men ikkje mykje. Strålande sol, som varma godt, heile dagen, og nesten ikkje ei sky på himmelen. Vi parkerte på parkeringa på starten av anleggsvegen inn Valdresdalen. Vi følgde anleggsvegen innover eit stykke, før vi gjekk oppover råket på nordsida av Slutedøla. Dette råket følgde vi berre opp til det flata ut i Slutedalen. Derifrå gjekk vi oppover fjellsida mot topp 1416moh, som vi oppretta som Slutenosi sør. Vidare var det fin rygg å gå til Slutenosi. Frå Slutenosi sikta vi mot å runde Ljotetjørn på høgre sida. Vi gjekk på nordsida av Ljotetjørn, og på nedsida av topp >>>

Karte    

Kveldstur på Svarthamaren og Skreddalsfjellet

Datum:
18.06.2020
Tourcharakter:
Bergtour
Entfernung:
9,9km

Kveldstur etter jobb. Vi hadde undersøkt om vegen til Skreddalen var køyrbar, og nå skulle vi komme nesten heilt fram. Hundre meter før stølen var det ei snøfonn i vegen, og vi parkerte i vegkanten like før den. Innover mot Svarthamaren var råket flott å følgje. Frå Svarthamaren gjekk vi utan råk over Øystre Skreddalsfjellet til Skreddalsfjellet. Ned frå Skreddalsfjellet var det godt råk. På bilturen attende stoppa vi ved både Dalstøltjernet og Javnin for å ta bilde av den vakre naturen.

Karte