Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (173)
- Langlauf (147)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde
To turar i Telemark: Bjørgenuten og Øysteinnatten
- Datum:
- 21.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 13,9km
Dag 7 på Telemarksferie. Første tur for dagen vart Bjørgenuten i Seljord. Det var ein kort og fin tur i varmen. Fint råk heile vegen opp, og flott utsikt frå toppen.
Den andre turen vart Øysteinnatten og Nybufjellet på Lifjell. Vi parkerte oppe ved restauranten, og gjekk på godt råk opp til Øysteinnatten. Litt kupert innover mot toppen. For min del vart det ein liten badepause i Skåråfjellholmen på veg oppover. Sikteskive, og god utsikt på toppen av Øysteinnatten
Vidare frå Øysteinnatenn gjekk vi til Nybufjellet. Det var godt råk eit godt stykke, før vi gjekk i terrenget ned til Skardtjønn. Derifrå gjekk vi også i terrrenget opp til Nybufjellet, men det var fint terreng å gå i. Vi runda høgde 1131moh på austsida for å slippe unna nokre ekstra høgdemeter. Nede i sida >>>
To turar i Telemark: Husnuten og Vehuskjerringi
- Datum:
- 19.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,0km
Dag 5 på ferietur i Telemark. Denne dagen vart det to turar. Hovudmålet for dagen var Husnuten. Vehuskjerringi hadde vi eigentleg snakka om å gå på dagen etter.
For å gå på Husnuten køyrde vi inn den utroleg dyre Vådalsvegen, 100kr for under 2,5km. Vi vurderte å gå det innteikna råket frå Solheim, attmed Mossbekken, til Piggenuten, men det såg vi ikkje frå bilvegen. Så vi køyrde inn til Væting.
Frå parkeringsplassen hadde vi vurdert på å gå rett oppover i terrenget, men syntes det så keisamt ut, så vi følgde råket oppover i feil retning. Over skogen tok vi av frå råket, og gjekk rett opp til råket som går sørover frå Eivindsteinen. Dette råket følgde vi ei god stund, før vi gjekk rett opp mot Husnuten i eit veldig flott fjellterreng. Fin utsikt frå Husnuten.
Mannslagarnuten
- Datum:
- 18.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:58h
- Entfernung:
- 15,9km
Dag 4 på Telemarksferie. Målet for dagen var Mannslagarnuten. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå råket frå Kvitsund opp mot Hestestodnuten, og i terrenget derifrå til Mannslagarnuten. Men etter at Kristine hadde sett på rapportene til Otto og JoSo endra vi plan. Det er vi glade for at vi gjorde. For det vart ein veldig fin tur.
Vi parkerte ved bommen innover mot Kvernes, og gjekk ivegen innover på grusvegen. Vi tok så av frå den. og gjekk på godt råk/ATV-veg til Tarren bålplass.
Derifrå gjekk vi i terrenget til toppen. Det var stort sett fine sva å gå på og greitt terreng. Eit lite, bratt parti med småklyving på om lag 850moh, ellers var det veldig greitt å gå. Litt kupert etter at vi kom opp på rundt 1000moh.
Vi gjekk same veg attende, og hadde ein god rast med bakevarer >>>
Skorvetoppen
- Datum:
- 17.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,1km
Dag 3 på Telemarksferie. Vi vakna opp på Raudkleiv parkering, og drog ned til Seljord og åt frukost utanfor Shell-stasjonen. Vi køyrde så oppover Kivledalen, på sørsida av Kivleåi, før vi køyrde på nordsida til parkeringa ved Haugan.
Her var det fleire som skulle på tur. Flott råk heile vegen opp. Enormt bratt grusveg nedunder Karlstaul, kva slags køyretøy dei brukar opp der skjønar ikkje eg.
Veldig fin utsikt frå toppen.
Etter turen vart det bading og soling ved Bjørgesanden, middag på eit gatekjøkken i Seljord, og ei ny overnatting på Raudkleiv parkering.
Jøronnatten og Troganattan
- Datum:
- 16.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 17,1km
Dag 2 på ferietur i Telemark. Vi køyrde frå overnattinga mellom Kongsberg og Notodden til Røksbuparkering på Lifjell. Derifrå følgde vi godt råk oppover mot Jøronnatten. God og varmt oppover, og ved Langetjønn vart det ein lang badepause.
Etter badepausa gjekk vi over eit markert toppunkt vest for vatnet. Dette val vi å kalle Tallakslinuten, som står på kartet, men nokre hundre meter sør for toppen. Frå Tallakslinuten gjekk vi vidare oppover mot Jøronnatten, og oppe på 1000moh tok vi av frå råket og gjekk mot Troganatten. Det var teikna inn fleire råk på kartet, og til å byrje med hadde vi bra råk, men midt oppe på høgda forsvann det. Ned mot bekken frå Bjørndalsvatnet vart det noko kratt, men ikkje for ille. Det såg ut som det gjekk eit betre råk litt nord for der >>>
Storebøra, Tunheimshornet, Naustdalskammen og Uppnosi
- Datum:
- 03.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
Storebøra og Tunheimshornet i Vanylven, Naustdalskammen i Eid/Stad og Uppnosi i Sjåk
Dagens første tur gjekk til Storebøra i Vanylven. Vi køyrde opp den smale og bratte Fjellvegen, og parkerte på parkeringsplassen i enden.
Derifrå gjekk vi på godt råk opp til toppen av Storebøra. Fantastisk utsikt.
Ned gjekk vi om Litlebøra.
Før dagens andre tur hadde Kristine undersøkt litt, og funne ut at Tunheimshornet såg ut som ein flott tur. Det var det! Fint råk, som gjekk bratt opp til toppen.
Oppe på toppen var det flott utsikt, og ein veldig fin gapahuk, samt benker oppe på toppen.
Den tredje turen for dagen gjekk til Naustdalskammen, litt vest for Nordfjordeid. Vi følgde turskildring frå ut.no. Det var ein flott tur, men fin utsikt. Spesielt ved Dagsturhytta var det fint.
Til dagens siste >>>
Hanekammen, Venøya og Kvamfjellet
- Datum:
- 02.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
Dagens første tur gjekk til Hanekammen. Vi parkerte i vegkanten ved "godlukta" til sildeolje-fabrikken. Derifrå gjekk vi i vegen på dårleg råk oppover. På litt over 200moh, kom det nokre andre turgåare frå eit anna råk, dette råket såg mykje betre ut, så vi prøvde det ned.
Fin tur oppover til toppen, og bra utsikt. Toppen var ikkje eit sted å vere, da det var mykje insekt der.
Ruta ned vart litt omveg, men mykje betre råk. Anbefaler andre å bruke denne ruta, men det er kanskje ikkje så lett å finn parkering.
"Kremtur". Hadde lest andre rapportar som skildra turen som ille. Terrenget opp til toppen levde opp til dei forventningane. Tungt og vondt, sjølv om det ikkje var langt. Heldigvis var utsikta overraskande bra.
Dagens tredje og siste tur. Vi følgde ruta >>>
Sankta Synneva-hornet og Vågsøy
- Datum:
- 01.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
Tur 1: Sankta Synneva-hornet Etter ein god hotell-frukost på Nordfjord Hotell pakka vi ut, og drog vidare vestover. Første stopp på turen var Sankta Synneva-hornet, kommunetopp i gamle Vågsøy kommune, men ikkje lenger kommunetopp etter sammenslåinga til Kinn kommune. Det var ein grei tur, på godt råk. Det flottaste undervegs var steinhusa som låg på litt over 400moh. Flott utsikt på toppen, men mykje insekt førte til at vi hasta av gårde nedover.
Tur 2: Veten og Brurahornet
Neste tur vart ute på Vågsøy, til øytoppen Veten. Vi parkerte nede ved barnehagen, og tok med mat opp til Skramsvatnet. Der hadde vi ei god matpause, før vi gjekk i vegen til Veten. Veldig godt råk opp til toppen. Oppe på toppen freiste det å gå runden om Brurahornet. Det var ein fin runde.
Etter turen >>>
Trollvasstinden og Bytingstinden
- Datum:
- 30.06.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 5:37h
- Entfernung:
- 10,5km
Fantastisk flott tur i Volda!
Vi ynskja ein ikkje altfor lang og tung tur denne dagen, og valet fall på Trollvasstinden. Vi drog frå hotellet i Nordfjordeid etter frukost. Vi køyrde opp bomvegen frå Bjørkedalen, inn Laurdalen, og parkerte i vegkanten der det var markert at eit råk skulle gå oppover.
Dette råket såg vi ikkje mykje til oppover, men det var likevel greitt å gå oppover skogen. Oppe i Tuvedalen, på om lag 700moh, vart det eit veldig flott turterreng og denne dalen var flott å gå innover. Det var kolossalt varmt, og det var godt å kjøle seg ned litt med vatnet frå Tverrelva innover.
Nedunder Bytingstinden følgde vi det innteikna råket mot Trollvasstinden. Det var fint å gå der, men med unntak av eit par vardar var det ikkje mykje råk å sjå. Frå salen mellom >>>
Kvitegga
- Datum:
- 28.06.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 8:09h
- Entfernung:
- 19,9km
Vi vakna opp til strålande vêr på gamle Strynefjellsvegen. Derifrå køyrde vi om Stryn til Kjellstad parkering, mellom Hornindal og Hellesylt.
Vi gjekk i vegen i flott og varmt vêr på traktorvegen innover Kjellstaddalen. Vi følgde ruta bratt oppover skogen ved sida av Tverrelva. Her var det enormt mykje plagsam flugu, og ein del klegg. Dei hang på oss langt oppover mot Kvanngrønibba. Råket oppover skogen var bra, men rett etter skogen var det ikkje lenger mogleg å sjå noko råk.
Vidare mot Kvitegga var det ein del snø, og oppe på toppen stoppa vi ein høgdemeter under toppen, fordi vi ikkje var sikre på om det var skavl der eller ikkje. Vi var også bortom toppunktet med ein liten varde litt vest for toppen.
Vi gjekk same veg attende, men unngjekk nokre høgdemeter under eit par >>>