Archive - Date

Collected lists

Veslsnippen i Stor-Elvdal

Date:
03.09.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
3.0km

Vi skulle på helgetur til Alvdal. Da var Veslsnippen i Stor-Elvdal en kort og grei tur å ta på vei nordover etter jobb. Vi parkerte i vegkanten der traktorvegen tok av. Vi trudde at vi måtte gå utan råk etter at traktorvegen slutta, men til vår overrasking og glede gjekk det blåmerka råk opp til toppen. Fin utsikt sørover og austover frå toppen. Litt enkel klyving like nedunder toppen. Dette vart ein veldig fin tur, til ein ganske låg topp.

Map    

Lauvåsknollen i Notodden og Vardåsen i Gjerdrum

Date:
23.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Dag 9, og siste dag på ferieturen vår i Telemark. Denne dagen vart prega av at Kristine hadde fått eit vondt auge, og fekk legetime på Stange klokka 14.15. Vi rakk likevel to små turar undervegs på køyreturen heim. Den første vart Lauvåsknollen i Notodden, og den andre vart Vardåsen i Gjerdrum. Båe turane gjekk på gode råk i skogen. Ikkje noko utsikt på Lauvåsknollen, men litt utsikt på Vardåsen.

Map    

Tåråfjellet

Date:
22.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
13.8km

Dag 8 på Telemarksferie. Denne dagen vart det molte-tur på Tåråfjellet. Vi starta turen med ein liten feilgåing, men det var ikkje lange avstikkaren. Det var kupert, men ganske bra, råk opp til Tåråfjell, og overraskande bra utsikt på toppen. På veg ned hadde vi ein lang badepause i Sandtjønn. Vi plukka også ein god del molte på turen nad at, men det var framleis meir kart enn moden bær. Etter turen vart det bading og soling på bystranda i Notodden, og thai-mat til middag.

Map    

Skaugumsåsen og Bergsåsen i Asker

Date:
15.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
3.7km

Første dag på ferietur. Målet for ferien var å gå på turar i Telemark. Vi køyrde frå Gåsbu litt utpå dagen, og det vart to små turar i Asker, utanfor Oslo. Båe turane hadde bra råk, og var fine å gå. Det var varmt og godt vêr. Etter turane bada vi og åt middag på badeplassen ved Finnsrudvannet. Deretter køyrde vi vidare, og overnatta i bilen ved Øksne, om lag midt i mellom Kongsberg og Notodden.

Map    

Moberget i Elverum

Date:
15.06.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
2.4km

Tur til Elverum med Kristine. Kort tur opp på Moberget i Nordskogbygda. Greitt råk/traktorveg til å byrje med, men han forsvann etterkvart, men fint terrerng å gå i. Kjedeleg topp. Etter turen vart det ein liten handletur i Elverum, før vi gjekk på stolpejakt i koselege omgjevingar på Glomdalsmuseet, Prestøya og Skogmuseet.

Map    

Oppsalåsen, Åborsjøkampen og Tutrudkampen

Date:
13.06.2021
Characteristic:
Hike

Tre turar i Ringebu og Øyer med pappa og Kristine. Den første turen gjekk til Oppsalåsen, eller Hemrumsvarden som ser ut til å vere det lokale namnet, i Fåvang. Vi kørde vegen innover mot Mjogdalen, og parkerte i vegkanten litt sør for turstart. Veldig fint råk oppover til toppen. På veg oppover var det eit lite punkt på Oppsalberga med flott utsikt, og høgt stup ned i Oppsaldalen. Oppe på toppen var det stor varde, og flott utsikt alle retninger. Vi gjekk same veg ned. Den andre turen vart Åborsjøkampen ved Venabyga. Vi parkerte i vegkanten på Jønnhaltvegen. Derifrå gjekk vi på bra råk opp Vangkleiva til salen mellom Åborsjøkampen og den vesle nordtoppen, som vi oppretta. Til toppane var det ikkje råk, men greitt terreng å gå i. Overraskande flott utsikt på toppen. Den >>>

Map    

Vålertoppar og stengd bom

Date:
22.05.2021
Characteristic:
Hike

Tur saman med Kristine til Våler. Sjå rapporten til Kristine.

Map    

Stolpejakt i Furuberget

Date:
15.05.2021
Characteristic:
Hike
Duration:
1:11h
Distance:
5.2km

Stolpejakt i Furuberget med Kristine.

Map    

Gitvola

Date:
18.10.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
13.5km

Tur til Gitvola på Hedmarksvidda. Vi parkerte på Gåsbuvegen, bommen innover mot Brennsætra var åpen, men vi valgte å parkere der uansett. Vi gjekk to kilometer på grusvegen, før vi tok av på råk vest for Synsåsen. Ikkje så veldig tydeleg råk, men veldig godt merka. Råket vart ein del betre etter krysset nord for Synsåsen. Fint å gå over dei tre haugane på Synsåsen, litt utanom råket på dei to siste. Aust for Synsåsen kom vi inn på DNT-råket til Snippkoia. På Snippkoia tok vi ein kort pause, før vi gjekk opp til Gitvola. Mykje folk ved hytta på toppen. Vi tok matpause ved Snippkoia på veg attende. Vi fann ein del kantarell på turen. Sjølv om det er seint på hausten, og kantarellen var frossen, plukka vi den med. Etter forvelling og steking smakte det veldig godt.

Map    

Tre turar aust i Elverum

Date:
09.10.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
9.7km

Tre småturar i Elverum. Første tur gjekk til Storberget. Kort tur i skogen, men litt utsikt i hogstfeltet på toppen. Andre tur gjekk til Høgknosen. Der køyrde vi inn der det såg best ut på kartet. Der møtte vi ein låst bom, og turen vart lenger på veg enn vi hadde tenkt. Den siste turen var ein meget kort tur. Den gjekk til søppelplassen på Skuruberget. Der brukte vi ni minuttar på 500 meter, og 27 høgdemeter

Map