Archive - Date

Collected lists

To turar i Nordre Land

Date:
23.05.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
2.8km

To turer på veg til Gausdal frå Slidre. Frå Slidre køyrde vi om Steinsetbygda til Gamlestølen, og bomvegen til Hugulia. På vegen stoppa vi og gjekk opp på Munkhatthøgda. Mykje snø enda, så vi gjekk på truger. Overskya, og litt regn. Litt utsikt mot Spåtind. Vidare køyrde vi ned til Nord-Torpa, og innover mot Jørnonlia. Oppe på Nordheim var den blide og trivelege gardbrukeren ute, og vi fekk lov til å parkere på garsdplassen medan vi gjekk på Høgda. På turen til Høgda var det for mykje snø til å vere ein bra fottur, og for lite snø til å vere ein bra trugetur. Vi gjekk på trugane til å byrje med, men etter å tatt dei av for andre gong, satt vi dei frå oss ganske tidleg på turen. Ikkje noko utsikt på turen.

Map    

Tre turar i Etnedal og Nordre Land

Date:
22.05.2020
Characteristic:
Snowshoe trip

Grått og overskya vêr. Litt sol på Kollhaugen, og overraskande bra utsikt. På dei to første turane bar vi med oss truger innover bilvegen, og gjekk på truger i terrenget. På den siste turen gjekk vi på truger heile tida. På turen til Kollhaugen køyrde vi til vi møtte snø i vegen, og parkerte i vegkanten.

Map    

Ålfjell

Date:
17.05.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
4.7km

17. mai tur i Vestre Slidre. Vi gjekk på truger til Ålfjell, følgde skiløypa opp og ned. På veg heim stoppa vi i vegkanten og gjekk på Skorta. Til slutt vitja vi Mo kyrkjeruin.

Map    

Kvithøvd

Date:
03.05.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
5.8km

Kort køyring til dagens tur. Greitt vêr, og fin utsikt frå dei to utsiktspunktane. Framleis ein del snø, så det var kjekt å ha truger.

Map    

To turar på veg frå Gausdal til Slidre

Date:
13.04.2020
Characteristic:
Snowshoe trip

To turer på truger i Søndre og Nordre Land. Turen på Venholhøgda: 1t 59 min - 6,4 km - 340 hm

Map    

Klinkenberg og Stutsberget i Ringebu

Date:
11.04.2020
Characteristic:
Snowshoe trip

Kristine, pappa og eg drog til Lillehammer og kjøpte truger, før vi drog til Ringebu for å gå på to topper oppover mot Friisvegen. Johannes og Sivanja var og med på turane. Turen på Klinkenberg: 8,4 km - 2t 15min - Om lag 200 hm Turen på Strutsberget: 2,6 - 1t 6min - 234 hm

Map