Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (173)
- Langlauf (147)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde
Fire turar i Gudbrandsdalen
- Datum:
- 30.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
Kristine, pappa og eg drog til Kvikne i Nord-Fron, og køyrde inn bomvegen mot Øldalen. På det høgaste punktet på vegen parkerte vi i vegkanten. Derifrå gjekk vi på dei to Silikampane. Gjekk utan råk, men i greitt terreng opp til Nordre, derifrå var det råk over til Søre. Det gjekk også eit råk nede i sida nedunder Nordre. Flott utsikt på desse toppane.
Dagens andre tur gjekk på veldig bra råk opp til Teigkampen. Veldig fin utsikt utover udbrandsdalen frå denne toppen. Dagens fineste tur. Her var vi heldige på parkeringsplassen, den var full, men det drog ein bil akkurat da vi kom. Kristine og eg registrerte ein stolpe oppe på Bjørnsonprofilen, men stolpen nede ved elva fann vi ikkje.
Etter turen på Teigkampen køyrde vi ned til Vinstra. Der åt vi softis, før vi køyrde >>>
Lauvåsknollen i Notodden og Vardåsen i Gjerdrum
- Datum:
- 23.07.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 4,0km
Dag 9, og siste dag på ferieturen vår i Telemark. Denne dagen vart prega av at Kristine hadde fått eit vondt auge, og fekk legetime på Stange klokka 14.15.
Vi rakk likevel to små turar undervegs på køyreturen heim. Den første vart Lauvåsknollen i Notodden, og den andre vart Vardåsen i Gjerdrum.
Båe turane gjekk på gode råk i skogen. Ikkje noko utsikt på Lauvåsknollen, men litt utsikt på Vardåsen.
Tåråfjellet
- Datum:
- 22.07.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 13,8km
Dag 8 på Telemarksferie. Denne dagen vart det molte-tur på Tåråfjellet. Vi starta turen med ein liten feilgåing, men det var ikkje lange avstikkaren.
Det var kupert, men ganske bra, råk opp til Tåråfjell, og overraskande bra utsikt på toppen.
På veg ned hadde vi ein lang badepause i Sandtjønn. Vi plukka også ein god del molte på turen nad at, men det var framleis meir kart enn moden bær.
Etter turen vart det bading og soling på bystranda i Notodden, og thai-mat til middag.
To turar i Telemark: Bjørgenuten og Øysteinnatten
- Datum:
- 21.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 13,9km
Dag 7 på Telemarksferie. Første tur for dagen vart Bjørgenuten i Seljord. Det var ein kort og fin tur i varmen. Fint råk heile vegen opp, og flott utsikt frå toppen.
Den andre turen vart Øysteinnatten og Nybufjellet på Lifjell. Vi parkerte oppe ved restauranten, og gjekk på godt råk opp til Øysteinnatten. Litt kupert innover mot toppen. For min del vart det ein liten badepause i Skåråfjellholmen på veg oppover. Sikteskive, og god utsikt på toppen av Øysteinnatten
Vidare frå Øysteinnatenn gjekk vi til Nybufjellet. Det var godt råk eit godt stykke, før vi gjekk i terrenget ned til Skardtjønn. Derifrå gjekk vi også i terrrenget opp til Nybufjellet, men det var fint terreng å gå i. Vi runda høgde 1131moh på austsida for å slippe unna nokre ekstra høgdemeter. Nede i sida >>>
To turar i Telemark: Husnuten og Vehuskjerringi
- Datum:
- 19.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,0km
Dag 5 på ferietur i Telemark. Denne dagen vart det to turar. Hovudmålet for dagen var Husnuten. Vehuskjerringi hadde vi eigentleg snakka om å gå på dagen etter.
For å gå på Husnuten køyrde vi inn den utroleg dyre Vådalsvegen, 100kr for under 2,5km. Vi vurderte å gå det innteikna råket frå Solheim, attmed Mossbekken, til Piggenuten, men det såg vi ikkje frå bilvegen. Så vi køyrde inn til Væting.
Frå parkeringsplassen hadde vi vurdert på å gå rett oppover i terrenget, men syntes det så keisamt ut, så vi følgde råket oppover i feil retning. Over skogen tok vi av frå råket, og gjekk rett opp til råket som går sørover frå Eivindsteinen. Dette råket følgde vi ei god stund, før vi gjekk rett opp mot Husnuten i eit veldig flott fjellterreng. Fin utsikt frå Husnuten.
Mannslagarnuten
- Datum:
- 18.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Tourlänge:
- 4:58h
- Entfernung:
- 15,9km
Dag 4 på Telemarksferie. Målet for dagen var Mannslagarnuten. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå råket frå Kvitsund opp mot Hestestodnuten, og i terrenget derifrå til Mannslagarnuten. Men etter at Kristine hadde sett på rapportene til Otto og JoSo endra vi plan. Det er vi glade for at vi gjorde. For det vart ein veldig fin tur.
Vi parkerte ved bommen innover mot Kvernes, og gjekk ivegen innover på grusvegen. Vi tok så av frå den. og gjekk på godt råk/ATV-veg til Tarren bålplass.
Derifrå gjekk vi i terrenget til toppen. Det var stort sett fine sva å gå på og greitt terreng. Eit lite, bratt parti med småklyving på om lag 850moh, ellers var det veldig greitt å gå. Litt kupert etter at vi kom opp på rundt 1000moh.
Vi gjekk same veg attende, og hadde ein god rast med bakevarer >>>
Skorvetoppen
- Datum:
- 17.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 9,1km
Dag 3 på Telemarksferie. Vi vakna opp på Raudkleiv parkering, og drog ned til Seljord og åt frukost utanfor Shell-stasjonen. Vi køyrde så oppover Kivledalen, på sørsida av Kivleåi, før vi køyrde på nordsida til parkeringa ved Haugan.
Her var det fleire som skulle på tur. Flott råk heile vegen opp. Enormt bratt grusveg nedunder Karlstaul, kva slags køyretøy dei brukar opp der skjønar ikkje eg.
Veldig fin utsikt frå toppen.
Etter turen vart det bading og soling ved Bjørgesanden, middag på eit gatekjøkken i Seljord, og ei ny overnatting på Raudkleiv parkering.
Jøronnatten og Troganattan
- Datum:
- 16.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 17,1km
Dag 2 på ferietur i Telemark. Vi køyrde frå overnattinga mellom Kongsberg og Notodden til Røksbuparkering på Lifjell. Derifrå følgde vi godt råk oppover mot Jøronnatten. God og varmt oppover, og ved Langetjønn vart det ein lang badepause.
Etter badepausa gjekk vi over eit markert toppunkt vest for vatnet. Dette val vi å kalle Tallakslinuten, som står på kartet, men nokre hundre meter sør for toppen. Frå Tallakslinuten gjekk vi vidare oppover mot Jøronnatten, og oppe på 1000moh tok vi av frå råket og gjekk mot Troganatten. Det var teikna inn fleire råk på kartet, og til å byrje med hadde vi bra råk, men midt oppe på høgda forsvann det. Ned mot bekken frå Bjørndalsvatnet vart det noko kratt, men ikkje for ille. Det såg ut som det gjekk eit betre råk litt nord for der >>>
Skaugumsåsen og Bergsåsen i Asker
- Datum:
- 15.07.2021
- Tourcharakter:
- Wanderung
- Entfernung:
- 3,7km
Første dag på ferietur. Målet for ferien var å gå på turar i Telemark. Vi køyrde frå Gåsbu litt utpå dagen, og det vart to små turar i Asker, utanfor Oslo. Båe turane hadde bra råk, og var fine å gå. Det var varmt og godt vêr.
Etter turane bada vi og åt middag på badeplassen ved Finnsrudvannet. Deretter køyrde vi vidare, og overnatta i bilen ved Øksne, om lag midt i mellom Kongsberg og Notodden.
Storebøra, Tunheimshornet, Naustdalskammen og Uppnosi
- Datum:
- 03.07.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
Storebøra og Tunheimshornet i Vanylven, Naustdalskammen i Eid/Stad og Uppnosi i Sjåk
Dagens første tur gjekk til Storebøra i Vanylven. Vi køyrde opp den smale og bratte Fjellvegen, og parkerte på parkeringsplassen i enden.
Derifrå gjekk vi på godt råk opp til toppen av Storebøra. Fantastisk utsikt.
Ned gjekk vi om Litlebøra.
Før dagens andre tur hadde Kristine undersøkt litt, og funne ut at Tunheimshornet såg ut som ein flott tur. Det var det! Fint råk, som gjekk bratt opp til toppen.
Oppe på toppen var det flott utsikt, og ein veldig fin gapahuk, samt benker oppe på toppen.
Den tredje turen for dagen gjekk til Naustdalskammen, litt vest for Nordfjordeid. Vi følgde turskildring frå ut.no. Det var ein flott tur, men fin utsikt. Spesielt ved Dagsturhytta var det fint.
Til dagens siste >>>