Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Stenfjellet

Datum:
07.08.2026
Entfernung:
5,7km
Karte    

Høgåsen

Datum:
28.07.2026
Entfernung:
1,7km

Etter turen på Kvitvola parkerte vi på parkeringsplassen til Høgåsen. Der var det lagt til rette for at alle skal kunne komme seg til topps. Stien var gruset og brei, så der kan ein komme fram bed både barnevogn og rullestol, egentleg eit flott tiltak. Kort tur opp til toppen. Kristine satte inn eit rykk dei siste metrane, og kom først opp. Eg må trene meir.

Karte    

Kvitvola

Datum:
28.07.2026
Entfernung:
5,8km

Siste dag på tur i Alvdal og Tynset. Vi køyrde innover Hausdalen, og parkerte ved parkeringsplassen nedunder Kvitvola. Derifrå var det veldig god sti opp til Storkampen og Veslkampen. Flott tur, med fin utsikt. Stort sett fint vêr på turen, men ein del vind. Etter turen køyrde vi attende vegen, og stoppa ved parkeringsplassen ved Høgåsen .

Karte    

Naustervola

Datum:
27.07.2026
Entfernung:
4,3km

Etter turen ved Lomsjøen køyrde vi opp til Nausterdalen, og parkerte ved vegenden. Derifrå gjekk vi ivegen på grei sti. Stien forsvann da eit lite stykke oppe i skogen. Etter litt baldring i terrenget fann vi eit greitt tråkk å følgje oppover. Fin utsikt på toppen. Ned at valde vi ei anna rute, den fungerte fint, men der og vart stien borte øverst i skogen. Sannsynlegvis er Naustervola finere å gå på frå Djupdalen.

Karte    

Toppar på kvar side av Lomsjøen

Datum:
27.07.2026
Entfernung:
9,7km

Dag to på tur i Tynset-område. Vi køyrde inn bomvegen til Sivilldalen ved Strømmen, og opp Lomsjødalen frå sørenden av Savalen. Vi parkerte på stor parkeringsplass like nord for Lomsjøen. Derifrå gjekk turen først opp på Lomnesvola. Fin sti opp, og flott utsikt på toppen. Same veg ned at til parkeringa, og rett vidare til Lomsjøvola. Vi prøvde å gå stien rett opp mot toppen. Den var god til å byrje med, men vart gradvis dårlegare, og til slutt heilt borte. Fin sti der vi gjekk ned at. Fin utsikt her og. Etter turen køyrde vi ned at til Savalen, og opp til Nausterdalen for å gå på Naustervola

Karte    

Eggevola

Datum:
26.07.2026
Entfernung:
4,8km

Etter turen på Kommeren drog vi til parkeringa nord for Eggevola. Derifrå var det god sti, og få høgdemeter, opp til Eggevola. Ikkje noko regn på denne turen, med det gjekk nokre regnbyger rundt oss. Fin utsikt på toppen. Etter turen køyrde vi til Tynset Hotel.

Karte    

Kommeren

Datum:
26.07.2026
Entfernung:
5,5km

Mamma og pappa ville passe Henry og Else Margrethe i nokre dagar, så da vart det tur på Kristine og meg. Vi ordna overnatting i Tynset, og drog til Nysætra i Tylldalen for å gå på Kommeren. Det var ein veldig fin tur, på god sti. Litt varierande vêr. Etter turen drog vi vidare for å gå på Eggevola

Karte    

Hærfjellet

Datum:
24.07.2026
Entfernung:
1,9km

Tur på veg ned at etter tre fine dagar på Ginahytta på Nysetra. Også i dag gjekk Else Margrethe opp til toppen, men vart bore ned at. Mykje fiske, og triveleg besøk i løpet av opphaldet.

Karte    

Hærfjellet

Datum:
22.07.2026
Entfernung:
1,0km

Kveldstur da Kristine, Henry, Else Margrethe og eg skulle overnatte på Ginahytta på Nysetra. Pappa var med på turen, og drog ned at til garden etterpå. Ganske fint vêr heile dagen, men litt vind. Else Margrethe gjekk opp sjølv, men eg bar ho ned at.

Karte    

Ilsengstiene

Datum:
19.07.2026
Entfernung:
3,6km

Tur med Kristine, Henry og Else Margrethe. Flotte stiar på Ilseng.

Karte