Archive - Date

Collected lists

Brumundkampen

Date:
10.07.2026
Distance:
1.6km

Familietur til rasteplassen ved Åsta ved Bringbusetra innover Fjellvegen frå Gåsbu. Der bada, fiska og telta vi. Dagen etter vart det ein tur til Brannhytta på Brumundkampen med spreke barn. Strålande flott vêr båe dagar, og veldig varmt.

Map    

Hjerskavlen på Hjerkinn

Date:
08.07.2026
Distance:
9.2km

Tur fra Hjerkinn fjellstue med Kristine. Flott sti på Kongevegen over Dovrefjell. Oppe på snaufjellet var det valdsam vind. Flott utsikt frå toppane. Etter turen drog vi til Gausdal.

Map    

Mehøe

Date:
07.07.2026
Distance:
8.0km

Tur i frå Dovregubbens hall. Før turen gjekk vi å såg på Anfinnsbrue. Vi hadde sett ut ein tur der vi kunne gå på sti heile vegen, men vi tok feil sti etter stikrysset nedunder Vålåsjøberget, og gjekk i terrenget dei siste hundre høgdemetrane. Fin sti ned att. Etter turen drog vi til Hjerkinn fjellstue.

Map    

Storhøe

Date:
06.07.2026
Distance:
18.4km

Langtur på Dovrefjell. Vi køyrde frå Dovregubbens hall til Fokstugu fjellstue. Derifrå gjekk vi på bra sti opp til Gråhøi. Derifrå gjekk vi utan sti, men i stort sett fint terreng til Storhøe. I partiet rett aust for Gråhøi, om til om lag 1300moh, var det ein del kratt som var keisamt å gå i, men det var berre ei kort periode. Vi hadde medvind opp til Storhøe. Frå Storhøe hadde vi sterk motvind heile vegen til Haustgravhøin, men det var fint å sitte i le bak varden på Fokstuguhøe. Fin utsikt på heile turen. Etter turen drog vi attende til Dovregubbens hall.

Map    

Grønhøe i Dovre

Date:
05.07.2026
Distance:
5.1km

Etter turen på Grisunghøe køyrde vi opp til Grønsætrin for å gå på Grønhøe, eller Grønseterhøe som han heitar i Lesja. Frå parkeringa gjekk vi på god sti opp til skardet mellom Måsåhøe og Veslehøi. Derifrå var det ikkje teikna inn sti på kartet, men det var god sti opp til omlag 1300 moh. Derifrå var det fint terreng å gå i. På toppen var det sterk vind og litt snøvêr, men fint å sitte i le bak varden. Flott utsikt mot Dovrefjell og Dombås. Etter turen stoppa vi ved Jorabrue, før vi køyrde til Dovregubbens hall.

Map    

Grisunghøe i Dovre

Date:
05.07.2026
Distance:
7.1km

Kristine og eg drog i frå Gausdal på morgonen, med Dovre som mål. Varierande vêrmelding, og litt regnvêr undervegs. Kristine fann to toppar nordaust for E6, og vi køyrde inn vegen til Gardsenden. Frå parkeringa var det god sti oppover til Kjelsungskardet, og fint terreng å gå i opp til toppen av Grisunghøe. Mykje vind på turen, og innslag av litt snøvêr, men heldigvis ikkje noko regn. FLott utsikt oppe på toppen, men ein del skodde på dei høge toppane rundt oss. Etter turen køyrde vi opp til Grønsætrin for å gå på Grønhøe/Grønseterhøe .

Map    

Skurufjellet

Date:
29.06.2026
Distance:
6.4km

Tur med Kristine medan ungane var i barnehagen. Fint turvêr, fint og lettgått turterreng og fin utsikt. Tok også nokre stolpar i stolpejakten, og møtte på ein stolpejegar som sleit med appen. Gode råk, og tydeleg at det er mange som går turar i området.

Map    

Heievola

Date:
26.06.2026
Distance:
11.0km

Tur med Kristine medan ungane var i barnehagen. Ikkje like bra vêr som det var spådd, men veldig fint turvêr. Det var fint å gå på vegen oppover, og ganske bra sti oppover frå vegen, men vi mista det mot slutten. Stien var såpass bra at den kunne vore teikna inn på kartet. Da vi kom ned at til bommen krøyp det ein huggorm over vegen, men han forsvann for fort ut i vegetasjonen til at eg rakk å fotografere han.

Map    

Søre Gråhøa

Date:
24.05.2026
Distance:
5.3km

Tur med Kristine. Ungane var at på gården med besteforeldra sine. Ganske fint vêr, men mykje vind i høgda. Nesten ikkje snø at i terrenget, og tørt og fint å gå.

Map    

Tur med ungene

Date:
09.05.2026
Distance:
3.2km

Hyggeleg tur med Kristine, Else Margrethe og Henry. Mykje kos med sauer undervegs, og lang pause på gapahuken i Lierberget. Fin tur som er med på "10 turer i Hamar". Henry gjekk heile runden sjølv, men Else Margrethe var sliten og trøtt, og vart måtte bæres på slutten.

Map