Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (174)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends

Ruten
- Date:
- 21.06.2017
- Distance:
- 18.2km
Tur med Kristine og pappa. Vi køyrde til Dalseter, og litt innover Per Gynt-vegen, før vi parkerte ved bommen. Vi gjekk på godt råk til Bingsbua, og vidare til Sprenpiggen. Derifrå gjekk vi først utan råk ned frå toppen, før vi kunne følgje brukbare råk i retning Svarttjønnhøgda. Etter at vi passerte Svartbekken vart råket mykje dårlegare, og det vart vanskeleg å følgje. Det betra seg heldigvis noko ved Svarttjønnhøgda. Råket vart igjen vanskeleg å følgje etter at vi gjekk over Heståa. Det skal til ein del vedlikehald for at dei gamle råka skal bestå. Det er uansett ikkje noko råk opp til Storslåkampen, eller til Ruten frå denne sida. Vi gjekk oppom alle dei tre toppunkta på Ruten. Det var litt surt vær, men det vart ein fin tur.
Jonsknuten
- Date:
- 19.06.2017
- Distance:
- 2.6km
Dette var siste feriedag for denne gong. Etter ein god frukost køyrde vi i frå Skinnarbu klokka ni. Vi tok først ein kjapp stopp på vegen for at eg skulle få tatt eit bilete av Vemork, før vi stoppa på ferjehamna på Mæl. Der var vi heldige, og fekk ta ein gratis kikk inne på togferja Storegut. Vidare i frå Rjukan køyrde vi mot Notodden. Vi hadde først eit stopp på Heddal stavkyrkje, den største stavkyrkja i Noreg. I Notodden stoppa vi og åt ein is.
I frå Notodden køyrde vi til Knutehytta i Kongsberg. Dagens turmål var høgaste topp i Kongsberg, Jonsknuten. Vi gjekk vi den korte, men fine turen på Jonsknuten i frå Knutehytta. På veg heimover til Hamar stoppa vi først og kjøpte middag i Hønefoss, før vi var i hyggeleg 81-årslag på Stange.
Gaustatoppen
- Date:
- 18.06.2017
- Distance:
- 10.7km
Etter frukost på Skinnarbu, køyrde vi til Rjukan og oppover mot Gaustatoppen. Vi parkerte på den store parkeringsplassen ved Stavsro. Derifrå gjekk vi, og mange andre, mot Gaustatoppen. Det var mykje vind, skodde og yr på veg oppover. Dette været ga seg ikkje før vi var på veg nedover igjen, når vi var nede att på omtrent 1700moh lyste det opp. Vi møtte heile tida mykje folk på veg oppover til turisthytta, og det var ein del utanfor hytta, som var stengd. Utover mot toppen møtte vi berre to karar, så det virka ikkje som om sjølve toppen er så mykje besøkt, men merkinga ut dit var god.
På veg ned att gjekk vi bortom Gaustaråen og det høgaste punktet i Hjartdal kommune, her byrja været bli skikkeleg bra. På kommunetoppen bygde vi ein varde. Frå kommunetoppen gjekk vi rett >>>
Store Ble
- Date:
- 17.06.2017
- Distance:
- 21.1km
Vi vakna tidleg opp, og pakka saman teltet. Vi køyrde den stutte vegen til Sundhaugen mellom Eikeren og Fiskumvannet, der åt vi frukost på ein badeplass. Etter frukosten køyrde vi vidare til Blefjell, via Kongsberg. Vi tok av frå riksveg 37 ved Helleberg, og køyrde inn til parkeringa. Råket frå parkeringa var veldig bra og godt merka. Vi gjekk opp Langedalen og opp på Bletoppen.
Derifrå hadde vi tenkt til å følgje råket til Nystulnuten, men ved høgde 1275 klarte vi å gå av råket. Vi kom ned til Bletjønnan, der fann vi ut at vi skulle gå oppom og registrere Fosskardnuten. Oppe på Fosskardnuten bygde vi ein varde. Vidare gjekk vi rett mot Nystulnuten, dei første 40 høgdemetrane var bratte. Etter å ha vore på Nystulnuten gjekk vi til Brørsteinene, og vidare til Fleseblekkble.
Svarttjernshøgda, Mørkgonga og Gyrihaugen
- Date:
- 16.06.2017
Kristine og eg hadde langhelg denne helga, og vi hadde lyst til å ta ein større tur. Etter å ha sjekka vêrmeldinga, og funni eit godt tilbod på Skinnarbu Nasjonalparkhotell, la vi turen i retning Telemark. Vi køyrde i vegen frå Hamar litt ut på formiddagen. Vi hadde to hyggelege stopp på Stange, før vi kom i vegen mot dagens første tur; Svarttjernshøgda, kommunetopp i Jevnaker. Vi køyrde forbi den Peakbook-registrerte parkeringsplassen, og parkerte ved ein koseleg hytte. Kort tur opp på toppen. Råket opp var bra, men veldig vått.
Vidare køyrde vi tilbake til Jevnaker og vidare i retning Hønefoss. Vi tok av ved Eggemoen flyplass, og køyrde mange småvegar til Elvika ved Steinsfjorden. Der parkerte vi på Mørkegonga parkering. Målet for turen var Mørkegonga og Gyrihaugen. >>>
Klundbykampen
- Date:
- 05.06.2017
Tre turer på veg til Hamar frå Gausdal. Vi køyrde først av ved Biri og køyrde riksveg 164, og parkerte ved Klundby. Derifrå hadde vi ein fin tur på bra råk over Klundbykampen og Sør før Klundbykampen. Det var eit fint utsiktspunkt søraust for Klundbykampen. Vidare køyrde vi over Mjøsbrua og utover mot Nes. Stoppa i vegkanten nedanfor Farbergshagen, og gjekk på Farbergstoppen. Dette er eit av dei verste terrengane eg har gått i, berre kratt og vondt. Siste turen var i frå vegen mot Hovesvea til Saukampen.
Trettehøgda og Muribrekkhøgda
- Date:
- 03.06.2017
- Distance:
- 6.9km
Kort og roleg tur frå parkeringsplassen ved Bosshaugmyra. Vi gjekk først på Trettehøgda, så på Muribrekkhøgda. Tur i skog og myr. Båe toppane er feil plassert på Peakbook. Trettehøgda er plassert i skråninga nordaust for toppen, mens høgaste punkt på Muribrekkhøgda er ein del lenger vest. Toppen på Muribrekkhøgda er også to meter høgare på kartet enn på Peakbook.