Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Storhornet

Datum:
15.09.2018
Entfernung:
16,4km

Sein frukost før vi drog heime frå. Vi køyrde til Borkenes i Kvæfjord. Turen gjekk på godt råk opp til Rødmålheia. Derifrå gjekk vi utan råk, men på godt underlag, til Storhornet og Nontind. Frå Nontind følgde vi lengje råk nedover. Dette råket gjekk etter kvart i feil retning, så vi gjekk ei lita stund utan råk før vi kom inn på eit nytt råk. Nesten nede tok vi turen oppom Surenåsen. På veg opp fann vi litt kantarell til middagen, vi plukka også litt blåbær til dessert. Fin tur i eit flott turområde, og det var mange folk som var ute og gjekk. Fint vêr tidleg på turen, men det vart gradvis dårlegare.

Karte    

Rismålstind

Datum:
12.09.2018
Entfernung:
16,9km

Tur etter jobb. Vi køyrde i retning Bogen i Evenes, og tok av bomvegen inn mot Laksåvatnet. Vi følgde bra råk opp til Nedre Skinnstakkvatn, derifrå vart råket dårlegare. Vi gjekk rundt Luggevatnet før vi gjekk oppover mot Rismålstinden. Litt oppe i sida kom vi inn på eit merka råk til toppen. Ned frå toppen prøvde vi å følgje ryggen mot Søre, men måtte ta nokre omgåingar på venstre side. Vi tenkte eigentleg også å følgje ryggen opp til Søre, men det såg ganske bratt ut, så vi gjekk litt i flanken i starten. Det var fint å følgje flanken ned til Nedre Skinnstakkvatn. Vi hadde strålande vêr og flott utsikt heile turen. Ettersom vi brukte lang tid på turen og kom oss seint i gang på grunn av jobb, vart det ganske mørkt før vi var attende i bilen.

Karte    

Lødingsaksla

Datum:
10.09.2018
Entfernung:
11,0km

Tur etter jobb. Vi køyrde til Lødingen og parkera på fotballstadion. Derifrå gjekk vi på godt råk ein flott runde over Lødingsaksla. På vegen registrerte vi nokre grøne toppar. Litt overskya vêr, men fin utsikt.

Karte    

Snykolla

Datum:
09.09.2018
Entfernung:
6,3km

Siste dag i Vesterålen, ny kommunetopp. Turen gjekk til Snykolla i Øksnes. Vi følgde same rute som dei fleste andre. Råket var vanskeleg å følgje 200-300 høgdemetrane, men vart veldig bra etter det. Flott utsikt på toppen. Etter turen på Snykolla køyrde vi til Myre og gjekk på Sommarøytoppen. På veg heim til Evenskjer stoppa vi og åt middag i Sortland.

Karte    

Burnestinden

Datum:
08.09.2018
Entfernung:
8,9km

Dag to i Vesterålen. Strålande sol heile dagen. Plan for dagen var å gå på Burnestinden, kommunetopp i Bø. Vi køyrde til Straume i Bø, og parkera på Stråumsjøen p-plass. Frå parkeringa følgde vi bra råk oppover attmed bekken. Da vi kom opp i skardet mellom Nattmålstinden og Vikanfjellet skrådde vi oppover mot Vikanfjellet. Lett å gå i starten, men etter kvart vart det så bratt at vi ga opp, men på veg nedover gjorde vi eit nytt forsøk. Da kom vi opp utan problem. Greitt å gå ned frå Vikanfjellet. Like etter Spikarheia kom vi inn at på råket, det følgde vi til Burnestinden. På veg attende registrerte vi fleire småtoppar og var oppom Nattmålstinden. Ein fantastisk fin tur. Etter turen kjøpte vi is i Straume og køyrde ein runde rundt om Gimstad, Bø og Ramberg, >>>

Karte    

Skrivartind

Datum:
07.09.2018
Entfernung:
11,4km

Vi hadde planlagt helgetur til Vesterålen, med overnatting på Skjellbogen hyttegrend 20 minuttar nordvest for Sortland. Vi drog rett etter jobb, med mål om å gå på Skrivartind, kommunetoppen i Andøy kommune. Vi parkerte på Forfjorden parkering og gjekk i vegen. Vi prøvde å følgje råket innover, men det var vanskeleg. Myra innover var veldig våt, og skoa tørka ikkje at i løpet av helga. Kjedeleg og tungt terreng innover, men det vart betre når sjølve stigninga til toppen starta etter om lag 4-5 kilometer. Ikkje at det vart lett i stigninga, men det vart tørrare. Dei siste 90 høgdemetrane til toppen smalna det inn litt, og det var litt morosam klyving. Attende over myra var det fortfarande veldig vått. Det mørkna medan vi gjekk attende, men vi hadde strålande utsikt heile >>>

Jakobstind

Datum:
05.09.2018
Entfernung:
10,0km

Tur etter jobb. Vi følgde råk opp frå parkeringa ved Sætran til Kvanntomyran. Derifrå gjekk vi i terrenget opp til Tverraksla, og vidare til Jakobstind. Oppe på toppen såg det ut som om den sørlege pinakkelen eigentleg er det høgaste punktet på Jakobstind. Vi forsøkte å komme opp på han, men etter å ha nesten klart å komme heilt opp måtte vi gje oss like før toppen; toppen var ein stor stein som krev sikring. Flott utsikt og fin tur.

Karte    

Kvanntokollen og Kvitfjellet

Datum:
02.09.2018
Entfernung:
16,2km

Skodde, regn og vind. Det fristad ikkje med ein langtur, så valet fall på Kvanntokollen og Kvitfjellet. Vi parkerte ved bommen og følgde vegen til Kvanntokollen. Opp til Kvitfjellet gjekk vi av vegen vell tidleg og fekk ein litt krunglete rute opp. På veg ned att fann vi halvanna kilo kantarell. Fin tur i styggvêret.

Karte    

Spanstinden

Datum:
01.09.2018
Entfernung:
12,8km

Tur til kommunetoppen i Lavangen. Vi køyrde frå Evenskjer til Bjerkvik i Narvik kommune, og vidare til nordover. Vi parkera på den store parkeringsplassen ved E6. Godt råk heile vegen opp til Spanstinden. Strålande vêr heile dagen og flott utsikt. Vi tok avstikkaren oppom Sølvfjellet på tur ned at.

Karte    

Taraldsviktinden

Datum:
31.08.2018
Entfernung:
8,5km

Tur med Kristine etter jobb. Vi parkerte i vegkanten der råket mot Taraldsviktinden byrja. Råket gjekk fyst på veg og traktorveg, før det gjekk oppover mot toppen. Råket var bra i starten, men etter kvart virka det som om dei hadde festa ein GPS-sendar på ein sau, og følgd sporet etter den. Greitt å gå opp uansett. Flott utsikt på toppen.

Karte