Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (174)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Lister jeg samler etter
Jonsheimtinden
- Dato:
- 03.11.2018
- Distanse:
- 13,6km
Tur i Kvæfjord. Vi hadde eigentleg tenkt til å køyre heilt ut til Kjengsnes og gå på Reinfjellet, men vegen var stengd med bom ved Heimstadneset. Vi orka ikkje å skulle gå så mykje på veg, så vi køyrde litt attende og gjekk på Middagsfjellet og Jonsheimstinden i staden. Vi gjekk fyst til Fossestua, før vi følgde råket opp til Middagsfjellet. Derifrå gjekk vi til Jonsheimstinden. Attende gjekk vi over dei tre toppane på Vestre Jonsheimstinden. Derifrå gjekk vi råket ned Jonsheimskardet og hadde tenkt til å gå råket på vestsida av Austerbekken ned Aspenesdalen, men vi mista råket og kom for langt ned i dalen for bru. Dermed måtte vi gå i terrenget til vi kom inn på råket vi gjekk oppover.
Mersskartind
- Dato:
- 31.10.2018
- Distanse:
- 7,7km
Tur til Mersskartinden etter jobb. Mersskartinden er ein topp med mange namn; Huetoppen eller Huvetoppen, og det samiske Gahperoaivi. Vi parkerte på Trøsemarka parkering. Derifrå følgde vi råket opp til varden på om lag 370 moh, som ligg 1,2 kilometer sør for Flatfjellet. Der tok vi av råket og gjekk nedover myrane til stigninga opp til Mersskartinden. Stillelva, som renn ut frå Store Langvatnet, var større enn vi trudde, men vi kom oss over. Stigninga opp til Mersskartinden var bratt og lang og ein del kratt, og terrenget var glatt av underkjølt regn. Oppe på toppen var det berre så vidt vi kom oss på høgste punkt; det var ein stor steinblokk dekt av stålis. Heldigvis gjekk det eit råk med gras gjennom blokka, som vi kunne gå på og fekk så vidt henda på toppen av blokka. >>>
Kvitberget
- Dato:
- 29.10.2018
- Distanse:
- 6,3km
Tur etter jobb. Køyrde i retning Lofoten etter Tjeldsundbrua, og tok av til høgre ved fyste moglegheit. Vi køyrde gardsvegen oppover mot Fjellet, men parkerte i fyste sving. Bratt og glatt veg. Råket innover var av og til litt vanskeleg og følgje, så vi mista det eit par gonger. Temmeleg kjedeleg tur opp til om lag 300 høgdemeter, da kom vi over skogen, og det vart flott utsikt. Attende måtte vi bruke hovudlykter.
Årsteinen
- Dato:
- 28.10.2018
- Distanse:
- 11,2km
Det var spådd varierande vêr i Lofoten denne dagen, og dårlegast mot vest. Så vi la turen til Stortinden på øya Årsteinen, sør for Digermulen på Hinnøya. Når vi køyrde nordover frå Kabelvåg vart det gradvis betre vêr, men det vart gradvis dårlegare medan vi køyrde sørover at mot Årsteinen. Vi parkerte på Pundslett lengst nord på øya. Det byrja å snø like før vi parkerte, og snøvêret hald frem ei god stund. Råket var greitt å følgje forbi Pundslettvatnet, men oppover mot Årsteinskaret vart det ein del snø, så det vart vanskelegare å sjå råket. Oppe i Årsteinskaret kom det opp eit spor i frå Øvre Årstein og gjekk oppover råket mot Stortinden. Veldig kjekt å kunne følgje spor oppover. Da vi nærma oss skardet mellom Stortinden og Trolldalstinden byrja >>>
Steinetinden og Ureberget
- Dato:
- 27.10.2018
- Distanse:
- 5,3km
Steinetinden
Frå Kabelvåg drog vi ut til Vestvågøya. Vi hadde eigentleg lyst til å gå på ein av dei høge toppane, men mengda med snø fekk oss frå det. Valet fall på Steinetinden ved Stamsund, aust for Leknes. Vi tenkte å parkere på parkeringa ved lysløypa, men der var det fullt, så vi fann ein ledig plass ved eit bilverkstad. Vi følgde råket over Mannfallet til Steinetinden. På denne turen møtte vi ein del folk, deriblant to hyggelege damer som vi prata lengje med på toppen. Fantastisk vêr på turen og storslått utsikt. Vi gjekk same veg ned som opp.
Ureberget
Etter turen på Steinetinden hadde vi lyst på ein tur til. Etter å ha vurdert mange forskjellige toppar, valde vi å gå på Ureberget litt lenger sør. Vi køyrde vegen så langt det gjekk før vi parkerte å gjekk >>>
Saufjellet og Ørnfloget
- Dato:
- 26.10.2018
- Distanse:
- 1,5km
Saufjellet
Helgetur til Kabelvåg i Lofoten. Vi drog rett etter jobb på fredag, uten å ha planlagt dagsturen. Eg køyrde, og Kristine leitte etter tur på kartet. Utruleg nok fann ho ein topp med 200 meter i primærfaktor som ikkje var oppretta på Peakbook, dermed vart han målet for turen. Vi parkerte rett etter Vesterstraumen bru, som går over Øksfjorden/Innerfjorden sørvest på Hinnøya. Ikkje noko råk opp til toppen, men skogen var grei å gå oppover. Mykje snø, men den var lett og fin, så det var raskt og lett ned attende. Sjølv om toppen ikkje var meir enn 235 meter høg, var det flott utsikt frå toppen.
Ørnfloget
Etter den korte turen på Saufjellet ynskja vi å gå ein tur til. Valet fall på Ørnfloget, som er ligg nokre kilometer før Svolvær. Det var nesten mørkt når >>>
Stortinden
- Dato:
- 24.10.2018
- Distanse:
- 6,8km
Tur etter jobb i strålande vêr. Kort tur i kilometer, men mange høgdemeter. Fantastisk flott utsikt frå toppen.
Sørvikfjellet
- Dato:
- 20.10.2018
- Distanse:
- 7,9km
Fyste tur her i nord på topp vi har vore på før. Benedicte vitja oss i helga og ville være med på tur. Vêret var ikkje veldig fint, men det var berre på laurdag det var spådd nokolunde vêr i helga, så Sørvikfjellet var det beste alternativet. Flott tur, og vêret var ikkje for ille.
Nupen
- Dato:
- 15.10.2018
- Distanse:
- 4,5km
Kort tur etter jobb. Vi drog til Nupsneset nord i Harstad etter å ha henta bilen på service. Godt råk opp til Nupen, og flott utsikt undervegs og på toppen.