Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (174)
- Langlauf (148)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)

Veten i Hemnes
- Datum:
- 16.07.2019
- Entfernung:
- 11,8km
Parkerte nede ved hovudvegen, og gjekk traktorvegen opp til grusvegen, følgde grusvegen opp til toppen. OK vêr, men lite utsikt.
Valviktinden
- Datum:
- 15.07.2019
- Entfernung:
- 3,7km
Køyrde til Valvikdalen p-plass nord for Bodø. Vi gjekk i vegen på råket til klatreveggen. Godt råk att med klatreveggen, dårlegare lengre opp, så vi sleit med å finne ein god veg. Fann råket betre på veg ned. Skodde så ingen sikt på turen.
Etter turen køyrde vi om Bodø og over den flotte Saltstraumen til Mo i Rana
Jensvasskollen, Sommarsethågen og Straumklumpen
- Datum:
- 14.07.2019
Tre turar på veg frå Tortenåsen i Hamarøy til Bodø.
Fyste tur gjekk til Jensvasskollen, eller Fløyfjellet som det feilaktig heitar på Peakbook. Det var ein lettgått og fin tur på godt råk. Vi hadde grei utsikt på toppen, men den er nok mykje betre i fint vêr.
Den andre turen gjekk til Sommarsethågen i Tysfjord. Det var godt råk/firhjulingveg opp til masta. Derifrå var det kort utan råk i lettgått terreng bort til toppen. Det såg ut til at det kom opp eit til toppen i frå nordaust.
Den tredje, og siste turen for dagen gjekk på Straumklumpen i Sørfold. Fint råk opp til toppen, men overskya vêr og ingen sikt.
Higravtinden og Hatten i Hamarøy
- Datum:
- 13.07.2019
- Entfernung:
- 5,9km
Higravtinden var målet denne dagen. Eg hadde lest meg opp på Peakbook om ruta mellom fortoppen og toppen, og trudde vi skulle få det til. Da vi køyrde til parkeringa Eide var det grått og lågt skydekke. Vi gjekk i vegen oppover litt før elleve.
Råket slynget seg bratt oppover til venstre for Sandbekken. Ved 350moh krysset råket bekken, og held høgda ut mot høgre, før det på nytt går oppover. Ved rundt 400moh kom vi inn i skodda, og ved 700moh kom vi til renna. Der ligg det framleis mykje snø. Snøen var mjuk og god å gå på, men vi tok på broddar og eg gjekk med isøks. Mellom 850moh og 950moh kom vi over skodda, og sola varma godt. Oppe av renna på om lag 1000moh fekk vi storslått utsikt, fyst mot Geitgallien, seinare hele rundskuet.
Lett klyving opp til fortoppen før vi >>>
Møysalen
- Datum:
- 12.07.2019
- Entfernung:
- 21,9km
Møysalen er eit av dei fjella Kristine og eg har hatt mest lyst på medan vi har budd i Nord-Norge, no var dagen her. Vi køyrde frå Lødingen i elleve-tida i skya og grått vêr. Ved Ingelsfjorden parkering hadde vêret betra seg, og vi pakka tursekkane våre. Alt snøutstyr la vi att i bilen etter å ha høyrd med Peakbook-brukar Hawkeye om naudsynet av det, som hadde vore der nokre dagar før oss.
Vi viste det var ein lang tur, men var usikre på korleis terrenget innover var. Den fyste biten att med Storvatnet var litt kjedeleg, men innover Forkedalen var det frodig og utruleg flott. Skikkeleg fint å gå innover der, det var også godt tilrettelagt med klopper, og råket var veldig bra og godt merka.
Like før breen nådde vi att eit eldre, utanlandsk par, som må ha snudd like etterpå. >>>
Vassbruntinden
- Datum:
- 11.07.2019
- Entfernung:
- 7,8km
Vi gjekk i vegen på turen klokka 00:04. Til å byrje med var vi tunge i føtene, men plutseleg satt Kristine opp tempoet, og vi gjekk opp på berre halvanna time. Vi følgde merka råk opp til toppen, kanskje det beste råket vi har gått på i Troms. Flott utsikt på toppen, men diverre ingen sol. Vi satt å naut utsikta i godt over ein halvtime, før vi gjekk i vegen ned att. På veg ned følgde vi snørenner i staden for råket ei fyste 400 høgdemetrane. Flott tur.
Etter turen før vi satt kursen for Lødingen. Køyrde via Silsand for å hente tilhengaren.
Uløya
- Datum:
- 10.07.2019
- Entfernung:
- 16,4km
Tok ferga over til Hamnes, og køyrde opp til parkeringsplassen på om lag 70moh. Derifrå følgde vi først veg, deretter traktorveg og så godt råk oppover. På oversida av tregrensa forsvann råket, men det var fint å gå. Vi skrådde mykje mot venstre for å kunne fylle vatn i den innteikna bekken, vi fylte flaskene på om lag 580moh. Ein del snø dei siste 150 høgdemetrane opp til Kjelvågtinden. Fint å gå om Uløytinden til Blåtinden, men litt langdrygt attende. Ned att satt vi opp farta for å rekkje ferga klokka 18.25. Det gjekk. Flott utsikt heile turen, særleg mot Lyngen.
Etter turen åt vi pølser på fergekaia, før vi drog til parkeringsplassen ved Vassbruntinden i Lenvik.
Store Kågtinden
- Datum:
- 09.07.2019
- Entfernung:
- 13,2km
Parkerte på p-plassen rett sør for traktorvegen som går innover til Storbuktvatnet. Gjekk traktorvegen innover, og tok av frå vegen like før det vesle Storbuktvatnet. Følgde merkinga opp til toppen. Flott utsikt på toppen, men litt overskya. Ned att følgde vi snørenner ned bratta og på oversida av punkt 485moh. Flott tur.
Arnøyhøgda og to turar på Skjervøya
- Datum:
- 08.07.2019
- Entfernung:
- 12,4km
Arnøyhøgda på Arnøya i Skjervøy var turmålet i dag. Vi tok ferga frå Kågen via Laukøya til Arnøya klokka 10. Vi køyrde innover ein traktorveg og parkerte like før steinbrotet mellom Tjuvdalen og Nygård, kunne ha køyrd heilt inn.
Vi såg ikkje råket som starta like før steinbrotet, så vi gjekk i ur og kratt til å byrje med. Mykje betre å følgje råket som vi gjorde på returen. Fint oppover Tjuvdalen, med litt sporadisk råk.
Frå 400moh og oppover var det ein del snø. Grei å gå i oppover, veldig fin å gå/skli på nedover, det spara mykje tid. Gjekk for det meste på berg/ur oppover og på snø nedover.
Fenomenal utsikt på toppen og strålande sol. På veg ned gjekk vi oppom Silstøaksla. Var attende på fergekaia i god tid til ferga som gjekk klokka 17.05.
Attende i leilegheita >>>
Koppartind, to toppar i Skjervøy og helleristingane i Alta
- Datum:
- 07.07.2019
- Entfernung:
- 10,9km
Endeleg flott vêr at! Vi skulle køyre sørover frå Alta til Skjervøy, turmålet undervegs vart Koppartind.
Fyst vart det eit stopp i Alta, på helleristingane på Hjemmeluft.
Koppartind
Turen opp til Koppartind byrja på bra og merka råk. Men råket forsvann ikkje høgt oppi lia. Men terrenget var fint og lett å gå i, så det var ikkje noko problem.
På båe Laslettind og Olderbakkfjellet var det store vardar og turbok. Båe stader var disse plassert eit lite stykke unna høgaste punkt.
I mellom Olderbakkfjellet og Koppartind var det ein del snø, men det var fint å gå der.
På Koppartind bygde vi to nye vardar. Den fyste på ein liten sidetopp/pinakkel med 4-5 meter i primærfaktor. Den andre varden var ein kraftig forstørring av den som allereie var på toppen.
Ein flott tur i strålande >>>