Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (174)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends

Gyranfisen
- Date:
- 22.09.2019
- Distance:
- 12.3km
Tur på veg heim frå Oslo. Tok av frå E16 sør for Sperillen, og køyrde opp til Vikerfjell. Vi parkerte der vegen er stengd med bom, og råket tok av til Svarttjernskollen. Vi gjekk fyst gjennom skogen, så kom vi opp i skikkeleg flott fjellterreng, men flotte haustfargar. Det var mange som gjekk på Svarttjernskollen i dag, flott råk opp til toppen.
Vidare gjekk vi på eit tråkk ned til nordenden av Svarttjern, og følgde DNT-råket mot Gyranfisen/Treknatten. Vi tok ein lang rast ved den store steinen, der råket tar av til Gyranfisen. Flott utsikt på toppen.
Attende til bilen gjekk vi i terrenget, der var veldig greitt ned til Tronsefisen. Derifrå var det litt meir kronglete, til vi kom inn på skiløypa, som vi følgde til bilvegen.
Ein riktig flott tur.
Nordre Kolsås
- Date:
- 21.09.2019
- Distance:
- 3.2km
Føremiddagstur medan vi var i Oslo. Kurant parkering, og flott råk til toppen. Flott utsikt over Oslo og Oslofjorden.
Høgåsen i Ringerike
- Date:
- 20.09.2019
- Distance:
- 4.9km
Tur på veg til Oslo. God bilveg å gå på opp til Nordre Damtjern, dårleg traktorveg derifrå. Tok av frå traktorvegen på om lag 370moh, og gjekk i terrenget til toppen. Ingen utsikt på toppen.
Svarttjernknatten og Langeberget
- Date:
- 18.09.2019
- Distance:
- 2.4km
Turar med Kristine etter jobb. Vi drog over Tonsåsen, og innover mot Leirskogen. Inn grusvegen til Skardsætri måtte vi gjennom sju eller åtte grinder. Vi gjekk litt på attgrodd traktorveg, elles gjekk vi i terrenget. Små glimt av utsikt på Svarttjernknatten.
Etter turen køyrde vi ned i Bagn, og oppover mot Langeberget. Vi køyrde inn bomvegen Skarsvegen, og parkerte i vegkanten der råket starta. Flott råk, som gjekk bratt og tungt oppover. Litt utsikt, og mange postkasser, på toppen.
Smådalsfjellet
- Date:
- 16.09.2019
- Distance:
- 5.1km
Tur med Kristine etter jobb. Det var fint vêr da vi køyrde frå Slidre, men oppover skya det over, særleg på nordsida av Vangsmjøsa. Det var fint vêr da vi byrja og gå, men ein del vind, og det var litt skodde rundt om kring. Vi hadde fin utsikt ei stund, men så kom skodda, og det kom også litt snø som ikkje la seg. Ein fin og kort tur.
Sirikjerke
- Date:
- 15.09.2019
- Distance:
- 2.3km
Kristine, pappa, onkel Knut og eg drog for å gå på Sirikjerke. Vi parkerte på den registrete parkeringslomma, og gjekk på bra råk opp til toppen. Flott utsikt. Etter turen på Sirikjerke køyrde vi nokon hundre meter vidare innover, og gjekk på Slettfjell. Der var det stor og fin varde, og like flott utsikt som på Sirikjerke.
På veg heim til Slidre tok Kristine og eg ein liten avstikkar, og gjekk på Røysetoppen. Ingen utsikt på toppen.
Lokkeråsen, Solbergvarden og Knabben
- Date:
- 14.09.2019
- Distance:
- 12.5km
Tur med Kristine, pappa og onkel Knut. Vi gjekk frå hytta på Steindamtjern, over Lokkeråsen, Solbebergvarden, Knabben og Solbergfjellet, til bilen mamma hadde satt at på Bjørkedokk.
Vi gjekk ein del på grusveg, men mest på godt råk. Veldig fin tur og mykje flott utsikt.
Kvithovd
- Date:
- 10.09.2019
- Distance:
- 13.1km
Tur åleine etter jobb. Gjekk heime frå oppover Slidre. Følgde turskilta mot Kvithovd inn mot Skori. Etter dei siste husa vart det slutt på veg, og i råket var det mykje høgt gras og buskas. Temmeleg variert kvalitet på råket opp til Klokkargardsberget, og eg vart ganske blaut. Vidare følgde eg bilvegen forbi Slidrestølen, og deretter godt råk og traktorveg opp til toppen av Kvitholvd.
Det skal være ganske så bra utsikt frå Kvithovd, men vêret når eg var på toppen var skodda. Så eg gjekk ikkje bortom nokon av dei to utsiktspunkta, eller varden, denne gongen. Morosamt med hotellet som ligg nesten heilt på toppen.
Ned at gjekk eg same rute til Slidrestølen, og følgde bilvegen heile vegen ned derifrå.
Med denne turen fullførte eg Vestre Slidre pf100-lista, ein dag etter at Kristine >>>
Ålfjell
- Date:
- 09.09.2019
- Distance:
- 5.0km
Tur etter jobb. Vi parkerte øvst i hyttefeltet aust for Ålfjell. Derifrå var det godt råk opp til toppen. Oppe på toppen kom det nokre regndropar.
Vennisfjellet, Høgegge og Tomashelleren
- Date:
- 08.09.2019
- Distance:
- 18.5km
Vi vakna opp til strålande sol i dag, så da ville vi på ein litt høgare topp. Målet for turen i dag vart da Vennisfjellet. Etter å ha vurdert om vi skulle gå i frå aust eller vest, fall valet på vest og Sanddalen. Vi parkerte i innhegninga rett før stølen, og gjekk vegen forbi dei flotte stølane. Vi følgde DNT-råket mot Tomashelleren eit lite stykke, før vi tok av og gjekk bratt oppover att med Gjartrudsåne. Vi følgde bekken litt før vi gjekk ryggen i retning Galnehusfjellet.
Frå Galnehusfjellet gjekk det slakt vidare til Vennisfjellet. Storslått utsikt! Vakkert i mange retningar, men Jotunheim-rekka stel merksemda. Flotte fjell!
Ned frå Vennisfjellet gjekk vi til ein liten knaus vi oppretta og kalla Midtre Vennisfjellet aust. Der diskuterte vi om vi skulle gå til Nordre >>>