Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Kvithovd

Datum:
07.10.2019
Entfernung:
5,7km

Tur til Kvithovd etter jobb. Vi køyrde opp til Slidrestølen og gjekk derifrå. Kaldt og vinterleg vêr. Flott utsikt frå dei to utsiktpunktane.

Karte    

Mykkeltveitveten i Voss

Datum:
06.10.2019
Entfernung:
6,3km

Tur i Voss på veg heim frå Askøy. Vi tok av frå E16 ved Bulken, og køyrde inn til Flagastølen. Derifrå gjekk vi oppover til Mykkeltveitveten. Vi følgde råk til å byrje med, men mista det tidleg. Det var likevel fint å gå oppover. Ved toppen kom vi inn på råket att, men vi klarte ikkje å følgje det særleg lengje. Litt bratt gras der vi gjekk ned, men greitt nok. Ein veldig fin tur, i flott haustvêr.

Karte    

Sotra og Lille Sotra

Datum:
05.10.2019
Entfernung:
0,6km

Vi skulle eigentleg gå på Lyderhorn, men ein liten feilkøyring i ein rundkøyring sendte oss inn i tunellen mot Sotra. Da vart plan endra, og vi gjekk den korte turen på Botlenipa, som er høgaste punkt på Lille Sotra. Vidare drog vi ut til Sotra og gjekk på Liatårnet, som er høgast på øya, og kommunetopp i Fjell. Flott tur som var godt tilrettelagt. Siste tur gjekk til kommunetoppen i Sund, Førdesveten. Flott tur, og kul gitar på starten av turen.

Karte    

Gullfjelltoppen

Datum:
04.10.2019
Entfernung:
8,6km

Tur på veg frå Myrkdalen i Voss til Askøy for å vitje Mari og familien. Mange flotte vardar på tur oppover, og godt råk. Fin utsikt på toppen. Fint vêr, men sterk vind og kaldt på toppen.

Karte    

Larsfonnberget og Valafjellet

Datum:
03.10.2019
Entfernung:
11,1km

Ny fin tur i Voss. Vi køyrde inn god grusveg til Kvanndalen (50kr i bompenger). Derifrå gjekk vi delvis på råk oppover mot Skjolsetdalen, før vi tok av og gjekk oppover mot Geitaberget, og vidare til Larsfonnberget. Det var skodde da vi var på desse to toppane. På veg mot Valafjellet betra vêret seg noko, og på veg attende over Høgafjellet fekk vi ganske bra vêr. Vi gjekk mesteparten av turen utan råk, men det var flott og lettgått terreng, og litt snø i høgda.

Karte    

Hjortahorgi og Torfinnshorgi

Datum:
02.10.2019
Entfernung:
20,2km

Etter ein meget god hotellfrukost i Myrkdalen, satt vi kurs mot Tesdalen i Bordalen sør for Vossavangen. Der parkerte vi i jordekanten, og gjekk i vegen oppover. Bilvegen vidare oppover var så-som-så, men da vi kom opp på høgaste punkt på vegen (om lag 730moh) sto det parkert eit par mellomstore SUVer der. Oppover frå Roksbotnen fann vi ikkje noko råk, så vi gjekk i terrenget oppover, og følgde nokon lunde spora til peakbookere som har gått turen før. Ved Skaret tok vi rett nordover mot Torfinnshorgi, og vi kunne delvis følgje DNT-merka råk. Frå Torfinnshorgi var det ganske kupert over til Hjortahorgi. Det same var terrenget ned att frå Hjortahorgi, og vi tok turen oppom Skjemmehorgi. Mange av breane som er teikna inn på kartet er enten kraftig reduserte eller fordufta, og nokon >>>

Karte    

Borgund stavkykje med meir

Datum:
01.10.2019
Entfernung:
3,8km

Etter ein overnatting i Stange satt vi kursen mot vestlandet. Vi skal vitje Mari og familien på Askøy, men fyst skal vi ha nokre dagar på hotell i Myrkdalen i Voss. Det er ein lang biltur frå Stange til Voss, så det vart nokon stopp undervegs. Den fyste stoppen vart av det korte slaget. På vegen mellom Gjøvik og Dokka køyrde vi inn til Tjernsvehaugen. Frå parkeringa gjekk vi 15 høgdemeter og 200 meter til toppen. Ingen utsikt på toppen. Så vart det to stopp i Valdres, før vi køyrde frå Slidre mot Myrkdalen. Da vart det stopp i Borgund. Der såg vi fyst på den flotte stavkyrkja, før vi gjekk opp på Klantenovi. Vi gjekk litt i terrenget, men mest på råk. På veg ned til bilen gjekk vi bortom vestsida av Vindhellevegen, og såg på den fantastiske vegen dei bygde på 1800-talet.

Karte    

Tre turar rundt Kvitfjell

Datum:
29.09.2019

Tre turar i Gudbrandsdalen med pappa og Kristine. Ikkje så bra vêr på Segelstadseterkampen, og bratt opp alpinbakken. Mykje betre vêr da vi var på Nårkampen, og flotte haustfargar. Ormsetra var ei skikkeleg fin setergrend. Kort tur på Storhaugen. Vi sleit litt med å finne råket på veg opp, men følgde det på veg ned.

Karte    

Liaberget

Datum:
27.09.2019
Entfernung:
2,1km

Kort tur i Etnedal på veg frå Slidre til Gausdal. Gjekk i terrenget heile turen. Regn og kaldt vêr.

Karte    

Synet

Datum:
24.09.2019
Entfernung:
2,5km

Vi måtte ein tur til Fagernes etter jobb, og på veg heim ville vi ta ein liten tur. Valet fall på Synet. Synet var ein riktig flott tur, sjølv om den var kort. Vêret var ikkje det beste, diverre, så utsikta vart så som så, her er det nok eigentleg fantastisk utsikt. Men flotte haustfargar i fjellet no.

Karte