Archive - Date
Archive - Activity
- Bike trip (13)
-
Other winter trip (6)
- Snowshoe trip (6)
-
Ski trip (174)
- Backcountry skiing (10)
- Cross-country skiing (148)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Trip by foot (203)
- Alpine trip (6)
- Hike (44)
- Hillwalk (134)
- Jogging (16)
- Walk (3)
Peakbook-Friends

Ruten
- Date:
- 07.07.2025
- Distance:
- 11.0km
Dagstur med Kristine. Henry og Else Margrethe var att på Nygaard med besteforeldra.
Vi var litt late, og køyrde gjennom bommen, og parkerte ved starten av råket. Vdldig fint råk heile vegen opp. Oppe på toppen var det ein stolpejakt-stolpe. Ned att gjekk vi om Bingsbua. Vi vurderte å gå oppom Sprenpiggen, men fann ut at vi ville komme attende til gården før ungane skulle leggast. Vi bomma på stidelet der det tok av stuttaste veg til parkeringa, og vi gjekk ein omveg om Haugasetra.
Litt vekslande vêr, men vi slapp unna regnvêret som gjekk rundt oss.
Blikufjellet
- Date:
- 30.06.2025
- Distance:
- 6.7km
Ny tur på Kristine og meg, medan ungane hadde siste dag i barnehagen før sommeren. Ganske lang køyretur frå Hamar, men heldigvis ein ganske fin tur å gå. På kartet heiter toppen Blikufjellet, på dei lokale skilta sto det Blekkfjellet. Flott råk frå parkeringa til toppen. Liten avstikkar utan råk oppom Måsåknappen.
Deifjellet
- Date:
- 25.06.2025
- Distance:
- 9.0km
Kristine og eg er lærare, så vi får tidleg sommerferie, og med ungane i barnehagen i ei ekstra veke, så vart det tur. Etter å ha levert i barnehagen, drog vi oppover Østerdalen.
Vi køyrde opp til Deset, og oppover gardsvegen/skogsvegen i skogsida. Vi parkerte i krysset før den registrerte parkeringsplassen. Vi angra ikkje på det. Fin traktorveg/råk opp til toppen, og ok utsikt.
Alt i alt ein fin tur.