Archive - Date

Collected lists

Ranglarhøe etter tur på Storsmeden og Steet

Date:
05.08.2022
Distance:
2.4km

Etter turen på Storsmeden og Steet , stoppa vi i vegkanten i Tjønnbakkvegen. Derifrå gjekk vi den korte turen (med slitne bein) opp til Ranglarhøe, på godt råk. Flott utsikt på toppen. Lang biltur attende til Hamar etter turen.

Map    

Storsmeden og Steet

Date:
05.08.2022
Distance:
28.9km

Fjelltur saman med pappa. Kristine var heime og passa Henry. Traff pappa på Tretten, og køyrde saman derifrå til Spranget. Frå Spranget gjekk vi råket langs Storula, og tok av oppover ved Krokåtbekkbue, og inn i Kaldbekkbotne. Vidare opp til Storsmeden. Etter Storsmeden vart det opp til Steet, vi satt at sekkane på veg oppover. På veg ned frå Steet tok eg avstikkaren bort til Trolltinden sør. Trolltinden sør var ein morosam avstikkar. Urda opp til Steet var overraskande fast og fin samanlikna med urda opp til Storsmeden, som var ganske laus. På veg attende til Spranget gjekk vi om Jutulhogget og Rondvassbu. På Rondvassbu leigde vi sykler, og sykla dei seks lette kilometrane til Spranget. Ein skikkeleg flott tur i strålande vêr. Eigentleg årets einaste skikkelege fjelltur. På veg >>>

Map     2 comments