Archivo - fecha

Listas obtenidas

Skitur til Målia

Fecha:
22.12.2022
Tipo de excursión:
Esquí de fondo
Duración:
1:45h
Distancia:
24.9km
Mapa    

Ranglarhøe etter tur på Storsmeden og Steet

Fecha:
05.08.2022
Distancia:
2.4km

Etter turen på Storsmeden og Steet , stoppa vi i vegkanten i Tjønnbakkvegen. Derifrå gjekk vi den korte turen (med slitne bein) opp til Ranglarhøe, på godt råk. Flott utsikt på toppen. Lang biltur attende til Hamar etter turen.

Mapa    

Storsmeden og Steet

Fecha:
05.08.2022
Distancia:
28.9km

Fjelltur saman med pappa. Kristine var heime og passa Henry. Traff pappa på Tretten, og køyrde saman derifrå til Spranget. Frå Spranget gjekk vi råket langs Storula, og tok av oppover ved Krokåtbekkbue, og inn i Kaldbekkbotne. Vidare opp til Storsmeden. Etter Storsmeden vart det opp til Steet, vi satt at sekkane på veg oppover. På veg ned frå Steet tok eg avstikkaren bort til Trolltinden sør. Trolltinden sør var ein morosam avstikkar. Urda opp til Steet var overraskande fast og fin samanlikna med urda opp til Storsmeden, som var ganske laus. På veg attende til Spranget gjekk vi om Jutulhogget og Rondvassbu. På Rondvassbu leigde vi sykler, og sykla dei seks lette kilometrane til Spranget. Ein skikkeleg flott tur i strålande vêr. Eigentleg årets einaste skikkelege fjelltur. På veg >>>

Blanka Pannan i Arvika

Fecha:
10.07.2022
Distancia:
2.5km

Tur til Blanka Pannan i Arvika i Sverige. Henry i bæresele. Fin tur i Arvika etterpå.

Mapa    

Vardåsen i Kongsvinger

Fecha:
09.07.2022
Distancia:
0.4km

Kort tur til Vardåsen i Kongsvinger, på veg til Arvika i Sverige.

Mapa    

Brumundkampen

Fecha:
29.06.2022
Distancia:
6.4km

Trilletur på Brumundkampen med pappa, Kristine og Henry

Mapa    

Naturstien på Gåsbu

Fecha:
09.06.2022
Distancia:
3.7km
Mapa    

Kollmyrkampen

Fecha:
18.04.2022
Tipo de excursión:
Esquí de fondo
Distancia:
12.1km

Påskas siste skitur. Framleis bra skispor på Hedmarksvidda. Fantastisk vêr, så vi satt i solveggen på Stenfjellhytta i ein og ein halv time.

Mapa    

Påsketur på Vestfjellet

Fecha:
15.04.2022
Tipo de excursión:
Esquí de fondo
Distancia:
14.2km

Påsketur på Vestfjellet med pappa og Kristine. Pappa gjekk på Prestkjerringa, medan Kristine og eg gjekk til Nysetra. Der satt vi i nærmare to timar. Pappa, onkel Jan og tante Anne Marit kom også innom på Nysetra. SÅ det vart eit hyggeleg treff der. Eg og Kristine gjekk til Værskei, medan pappa gjekk til Astridbekken etter bilen.

Mapa    

Kollmyrkampen

Fecha:
10.04.2022
Tipo de excursión:
Esquí de fondo
Distancia:
13.2km

Skitur med Kristine. Flott vêr, og flott føre.

Mapa