Archive - Date

Collected lists

Bangsberget

Date:
13.11.2021
Distance:
8.1km

Tur til Bangsberget på Nes med Kristine. Vi var der også på sommeren i 2016, men da gjekk vi berre til den raude nåla, og ikkje til utkikkspunktet. Denne gongen gjekk vi bortom utkikspunktet, der var det veldig flott utsikt utover Mjøsa. Litt snø, og ganske glatt på vegen oppover til toppen.

Map    

Tur til Bronkeberget i Elverum

Date:
06.11.2021
Distance:
2.6km

Tur i Elverum med Kristine. Vi køyrde inn bomvegen ved Karlstad gård på austsida av Glomma. Grei grusveg innover. Vi parkerte i vegkanten der vegen inn til Fisketjennskoia tok av. Oppover klarte vi delvis å følgje råket, men det var ikkje mykje til råk. Halvvegs opp i sida gjekk vi rett opp mot høgaste punkt. På turen ned gjekk vi bortom det nordlege trig.punktet. Nedover fann vi ikkje råket i det heile tatt, men like greitt å gå der vi gjekk ned som der vi gjekk opp. Ingen høydare av ein tur.

Map