Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Tur til Tøbustilfallet

Datum:
23.10.2021
Entfernung:
6,1km

Tur fra St. Olav saman med Kristine. Kristine og eg køyrde inn til St. Olav for å hente bilen min, som sto parkert der etter at eg hadde vore på jobbfest der kvelden før. Vi ville kombinere bilturen med ein fottur, og valet fall på Tørbustilfallet. Vi gjekk nedover bilvegen til Tørbustilen. Bommen der var ikkje stengd, så vi hadde kunne køyrd om vi ville det. Fint råk til fossen frå Tørbustilen. Fossen var eit flott skue. Fin tur.

Karte    

Blåenga

Datum:
15.10.2021
Entfernung:
8,8km

Topptur og stolpejakt med Kristine. Vi parkerte på ein parkeringsplass like ved der råket med den første stolpen tok av. Vi følgde så bra råk oppover. Litt uten råk, da råket ikkje var teikna inn riktig på kartet, men greitt nok terreng å gå i. Vi gjekk også uten råk langs Blåengstjerna, for å slippe mykje opp og ned. Derifrå vart det stort sett bra råk. Koseleg hytte på toppen, og fin utsikt frå tårnet.

Karte