Archive - Date

Collected lists

Målia

Date:
25.09.2021
Distance:
7.4km

Tur til Målia i flott haustvêr. Vi gjekk i frå parkeringa ved Kveådammen. Derifrå var det godt råk, med klopper de blauteste stadane. Vi kom for seint til Målia for å få kjøpt noko på kafeen. Flott utsikt frå Målifjellet.

Map    

Raudmyrhøgda frå Hamar hundekøyringsarena

Date:
18.09.2021
Distance:
4.0km

Tur med pappa og Kristine. Mamma og pappa var på besøk hos oss på Vangsåsen, og pappa hadde lyst på ein liten tur. Da vart det til at vi køyrde opp til Hamar hundekøyringsarena. Bra og merka råk frå hundekøyringsarenaen, men ikkje råk på "toppunktet". Ikkje mykje topp å snakke om, ingen utsikt i nokon retning, men det vart ein fin rundtur. Mykje flotte råk i området her, på grunn av lite regn i haust var det også ganske tørt.

Map    

Blåvola og Urdskardkampen i Alvdal

Date:
05.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.4km

Siste dag på helgetur til Alvdal. Vi køyrde inn Aumdalsvegen, og parkerte i vegkanten nedanfor Urdskardet. Derifrå følgde vi traktorvegen oppover lia. Frå Urdskardet gjekk vi i terrenget opp til Blåvola. Opp til Urdskardskampen gjekk vi på råk opp til Urdskardstjønna, og i terrenget derifrå. Fin tur.

Map    

Måna og Bellingan i Alvdal og Tynset

Date:
04.09.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
7.6km

Helgetur til Alvdal. Vi hadde overnatta i ei fin tømmerhytte vi fann på AirBnB litt nord for Langodden. Derifrå køyrde vi opp til Gaupskardet på ein litt humpete skogsvei. Vi gjekk i vegen på brukbart råk, men det forsvann plutseleg. Det gjorde ikkje noko, terrenget i skogen var fint å gå på, og vi kom fort inn på DNT-råket. Fint råk oppover, men før Måna måtte vi gå i terrenget oppover. Fint terreng, men tungt å gå i mosen. Flott utsikt på toppen av Måna. Vidare gjekk vi ned at til skardet mot Bellingan. Derifrå gjekk det eit bra råk oppover. Det råket forsvann om lag 60 høgdemeter før toppen. Flott utsikt på Bellingan og. Ned at gjekk vi rett mot bilen, da det var fint terreng å gå i utan råk. Ein flott tur og flotte fargar i fjellet. Etter turen drog vi tilbake >>>

Map    

Veslsnippen i Stor-Elvdal

Date:
03.09.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
3.0km

Vi skulle på helgetur til Alvdal. Da var Veslsnippen i Stor-Elvdal en kort og grei tur å ta på vei nordover etter jobb. Vi parkerte i vegkanten der traktorvegen tok av. Vi trudde at vi måtte gå utan råk etter at traktorvegen slutta, men til vår overrasking og glede gjekk det blåmerka råk opp til toppen. Fin utsikt sørover og austover frå toppen. Litt enkel klyving like nedunder toppen. Dette vart ein veldig fin tur, til ein ganske låg topp.

Map