Archive - Date

Collected lists

Lyngkampen og Nordre Gråvola

Date:
29.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
18.2km

Tur med Kristine. Vi køyrde innover frå Gåsbu, til Øvre Åstbru. Derifrå kosta det 130 kroner å køyre vidare innover Birkebeinervegen. Frå Birkebeinervegen var det veldig godt råk over til Lyngkampen. Ned frå Lyngkampen gjekk vi i terrenget. Det var veldig greitt terreng å gå i, men litt kratt nederst mot råket. Oppover til Nordre Gråvola gjekk vi også i terrenget, litt kratt og skog til å byrje med, men ikkje ille. På veg ned var det keisamt kratt og myr eit lite parti i bunnen før det gjekk oppover igjen. Ein flott tur, og det er fine haustfargar i fjellet nå. Med denne turen er alle dei ni "raude" toppane i Øyer kommune besteget.

Map     2 comments

To turar i Øyerfjellet

Date:
21.08.2021
Characteristic:
Hillwalk

To turar i Øyerfjellet med pappa og Kristine. Kristine og eg hadde ikkje vore på Goppollfjellet før, medan pappa ikkje hadde vore på Skinnfjellet før. Der var Kristine og ein haustdag for fire år sidan. Goppollfjellet vart første tur. Vi parkerte på Hjellsetra. Der vart vi møtt av nokon veldig tamme geiter. Vi gjekk så på godt råk opp på Nordtoppen, før vi gjekk vidare til hovudtoppen, eller Høgtinden, som det står på kartet. Kristine og eg hadde med bærplukkare, og vi plukka ganske mykje blåbær. Vi fann også litt molte. Det var bra råk også ned til Trosvik. Vi køyrde så attende vegen, og over til Slåsetra. Derifrå gjekk det godt råk opp til både Skinnfjellet og Rokfjellet. Rokfjellet var ein flott topp, og utsikta over til Djupdalskampen og Svangkampen var særs >>>

Map    

Middagsfjellet og Trolltinden

Date:
08.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
10.6km

Siste dag på vestlandsferie. Vi køyrde inn bomvegen frå Tomrefjord, og parkerte på den store parkeringsplassen ved lysløypa. Oppover derifrå var det godt råk. På trigpunktet 848moh var det stor og flott varde. Ikkje like flott varde på sjølve Middagsfjellet, men fin utsikt. Videre gjekk vi til Trolltinden. Vi hadde lest at denne ruta blir kalt for "Lille-Besseggen", men det var vanskeleg å sjå dei heilt store likhetane, men det var uansett veldig fint å gå der. På Trolltinden var det to store vardar. Toppboka var på varden litt nedunder toppen. Vi såg så vidt på ruta nedover og over til Ytstetinden, men den var ikkje aktuell da vi skulle køyre heim att til Austlandet. Kanskje ikkje så truleg at vi hadde prøvd uansett. Ryggen ned frå Trolltinden såg bratt, spiss >>>

Map    

Flott tur til Blåskjerdingen, og ein liten tur på Åsnakken

Date:
07.08.2021
Distance:
9.1km

Blåskjerdingen var målet denne dagen. Vi gjekk i veg frå parkeringa like før klokka 11 i flott vêr. Det var godt råk oppover, men oppe i høgda gjekk vi bare i ura. Det var veldig mange som gjekk denne turen i dag. Om lag halvparten av dei vi traff gjekk kanskje over på hovudtoppen. Vi hadde sett litt på klyvepunktet, og var nysgjerrige på korleis det var. Det var ikkje nokon stor utfordring, men litt ekstra krydder på turen. Morosamt å klyve litt, men aldri ekkelt eller luftig. Verkeleg flott tur, med flott utsikt. Etter turen drog vi ned til Fiksdal. Der fotograferte vi Melen, som tar seg flott ut frå denne kanten, og vi åt eit par is på den lokale butikken. På køyreturen vidare til Vestnes fann vi ut at vi ville gå på Åsnakken, som var ein kort og grei tur på godt råk.

Map    

To turar; til Meraftafjellet og Grøtshornet

Date:
06.08.2021

Etter ein god hotellfrukost på Borg sommerhotell i Spjelkavik, drog vi austover Uksenøya, til Gudmundset. Derifrå gjekk vi til Meraftafjellet. Først var det grusveg, så vart det godt råk oppover skogen. Fin utsikt da vi kom over skogen. Ein flott topp, og ein fin tur. Etter turen køyrde attende til fastlandet og opp til Vatnefjorden. Dagens andre, og siste, tur gjekk til Grøtshornet. Vi parkerte på parkeringslomma ved Hagardshaugen. Derifrå var det godt råk heile vegen opp til toppen. Oppe på toppen hadde vi ein hyggeleg prat med ein lokal turgåar. Etter turen vart det bad i Vatnevatnet, tacosalat på stormkjøkken, og overnatting i bilen i Vatne.

Map    

Tre turar: Sula, Godøya og Sukkertoppen

Date:
05.08.2021

Dagens første tur vart Vardane på Sula. Det var veldig bra råk oppover, og det var mange som gjekk. Vonhytta var stengd, den holder berre oppe på raude dagar, men det var uansett fint å ta ein pause der. Mange folk på toppen. På veg ned møtte vi færre folk, men det var fint råk der og. Dagens andre tur gjekk til Storhornet på Godøya. Det var ein skikkeleg flott tur, veldig fint opp frå Alnesvatnet og til toppen. Mange folk på tur her og. Det er veldig forståeleg, flott utsikt på toppen. Dagens siste tur gjekk til Sukkertoppen. Fint råk og fin utsikt på toppen. Vi møtte mykje folk på denne turen og. Etter turen drog vi til Spjelkavik og overnatta på Borg sommerhotell.

Map    

Frostatinden

Date:
04.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.9km

Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på litt høgare toppar denne dagen, men det var litt overskya, og skodde på ein del av dei høgare toppane, så da vart det Frostatinden. Det var ikkje noko dårleg val, for det vart ein fin tur. Mange bilar på parkeringsplassen da vi parkerte. Råket oppover mot Litlevatnet var bra, og vi møtte på nokon få personar. Etter at vi hadde passert grusvegen som går frå Høgsetra til Svartevatnet vart råket veldig stort, og der var det mykje folk som gjekk. Vi gjekk over Vardtua til Frostavarden, der det var ein stor og flott varde. Her var det tydeleg at dei aller fleste seier seg nøgd på turen, for vidare mot Frostadtinden vart råket mykje mindre. Forsåvidt ikkje mykje "tind" over Frostatinden. Frå Frostatinden følgde vi råket nedover til >>>

Map    

Kleneggen

Date:
03.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
16.8km

Etter sein tur til Vardhøi dagen før, vart det ein sein morgen denne dagen. Vi parkerte på Kleneggen p-plass litt utpå dagen, og kom i veg på tur kvart over eitt. Vi fann nokre sporadiske tråkk til å byrje med, men det var fint terreng å gå i. Mykje gras til å byrje med, men etter kvart som vi kom høgare vart det meir og meir ur. Klyvepunktet merka vi ikkje så mykje til. Tung stigning opp til fortoppen, lang rygg derifrå til toppen. Flott utsikt på toppen. Ein del namn i boka, og eit morosamt troll i postkassa. Vi var ein god stund på toppen for å fotografere. På veg attende mot fortoppen møtte vi peakbooker FjellEggen, og hadde ein hyggeleg prat med han. Vi hadde snakka om å berre gå på Kleneggen, eller å utvide turen med Kaldbottinden og Kaldhøa. Da vêret var flott og >>>

Map    

Vardhøi i Dovre

Date:
02.08.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
4.2km

Den siste veka av summarferien, og det var spådd fint vêr i Ålesund, så Kristine og planla ein ferietur dit. På vegen over til vest planla vi eit par turar, med Kleneggen som eit hovudmål. Denne dagen kom vi seint av gårde frå Gåsbu, og klokka vart 22:59 før vi gjekk av gårde frå parkeringsplassen ved den gamle bomstasjonen inn mot Grimsdalen. Kristine hadde heldigvis vore smart nok til å tenkt på å ta med hovudlykter, dei fekk vi god bruk for ned frå toppen. Sjølve turen og toppen verka flott, og burde nok kanskje gjentas i dagslys ein gong. På grensa til meiningslaust å gå når ein nesten ikkje ser noko, men det vart ein fin tur. Vi følgde vegen inn til Krokstadsetra, der såg vi ikkje at råket gjekk av, så vi gjekk over lykkja og måtte klatre over piggtrådgjerdet for >>>

Map