Archive - Date

Collected lists

Bånseterkampene

Date:
31.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
2:12h
Distance:
8.5km

Tur med Kristine og pappa. Vi parkerte på Gammeldalen, og opp til Midtre Bånseterkampen. Videre ut til Østre. Der reistrete Kristine og eg ein stolpe. Vi gjekk så attende til Midtre og til Vestre. Etter Vestre gjekk Kristine og eg ned at til bilen, medan pappa gjekk om Prestkampen. Bra råk heile turen, og ein del folk i fjellet.

Map    

Fire turar i Gudbrandsdalen

Date:
30.07.2021
Characteristic:
Hillwalk

Kristine, pappa og eg drog til Kvikne i Nord-Fron, og køyrde inn bomvegen mot Øldalen. På det høgaste punktet på vegen parkerte vi i vegkanten. Derifrå gjekk vi på dei to Silikampane. Gjekk utan råk, men i greitt terreng opp til Nordre, derifrå var det råk over til Søre. Det gjekk også eit råk nede i sida nedunder Nordre. Flott utsikt på desse toppane. Dagens andre tur gjekk på veldig bra råk opp til Teigkampen. Veldig fin utsikt utover udbrandsdalen frå denne toppen. Dagens fineste tur. Her var vi heldige på parkeringsplassen, den var full, men det drog ein bil akkurat da vi kom. Kristine og eg registrerte ein stolpe oppe på Bjørnsonprofilen, men stolpen nede ved elva fann vi ikkje. Etter turen på Teigkampen køyrde vi ned til Vinstra. Der åt vi softis, før vi køyrde >>>

Map    

Lauvåsknollen i Notodden og Vardåsen i Gjerdrum

Date:
23.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
4.0km

Dag 9, og siste dag på ferieturen vår i Telemark. Denne dagen vart prega av at Kristine hadde fått eit vondt auge, og fekk legetime på Stange klokka 14.15. Vi rakk likevel to små turar undervegs på køyreturen heim. Den første vart Lauvåsknollen i Notodden, og den andre vart Vardåsen i Gjerdrum. Båe turane gjekk på gode råk i skogen. Ikkje noko utsikt på Lauvåsknollen, men litt utsikt på Vardåsen.

Map    

Tåråfjellet

Date:
22.07.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
13.8km

Dag 8 på Telemarksferie. Denne dagen vart det molte-tur på Tåråfjellet. Vi starta turen med ein liten feilgåing, men det var ikkje lange avstikkaren. Det var kupert, men ganske bra, råk opp til Tåråfjell, og overraskande bra utsikt på toppen. På veg ned hadde vi ein lang badepause i Sandtjønn. Vi plukka også ein god del molte på turen nad at, men det var framleis meir kart enn moden bær. Etter turen vart det bading og soling på bystranda i Notodden, og thai-mat til middag.

Map    

To turar i Telemark: Bjørgenuten og Øysteinnatten

Date:
21.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
13.9km

Dag 7 på Telemarksferie. Første tur for dagen vart Bjørgenuten i Seljord. Det var ein kort og fin tur i varmen. Fint råk heile vegen opp, og flott utsikt frå toppen. Den andre turen vart Øysteinnatten og Nybufjellet på Lifjell. Vi parkerte oppe ved restauranten, og gjekk på godt råk opp til Øysteinnatten. Litt kupert innover mot toppen. For min del vart det ein liten badepause i Skåråfjellholmen på veg oppover. Sikteskive, og god utsikt på toppen av Øysteinnatten Vidare frå Øysteinnatenn gjekk vi til Nybufjellet. Det var godt råk eit godt stykke, før vi gjekk i terrenget ned til Skardtjønn. Derifrå gjekk vi også i terrrenget opp til Nybufjellet, men det var fint terreng å gå i. Vi runda høgde 1131moh på austsida for å slippe unna nokre ekstra høgdemeter. Nede i sida >>>

Map    

To turar i Telemark: Brattefjell og Rustfjellet

Date:
20.07.2021
Distance:
15.7km

Dag 6 på Telemarksferie. Vi køyrde inn den lange grusvegen innover Sudbødalen. Det siste stykke frå Skuldalen til parkeringa ved bommen var temmeleg dårleg. Når vegen er så dårleg, er det å foretrekke at dei tar betaling, så dei kan betre vegen sin litt. Frå parkering og oppover til demningen på Sandsetvatn vart vegen faktisk mykje betre enn den var før bommen. Over til Grotvassdalen var det bra råk, og godt tilrettelagt med klopper over myrane. Frå råkslutt ved hytta i Grotvassdalen og opp til Brattefjell gjekk vi i terrenget. Det var litt kratt nederst, men det vart fort eit veldig fint terreng å gå i. Flott utsikt på toppen. Etter turen på Brattefjell, ville vi ta ein tur til. Vi hadde sett ut Rustfjellet som ein flott tur, noko det var. Vi hadde tenkt til å køyre inn >>>

Map    

To turar i Telemark: Husnuten og Vehuskjerringi

Date:
19.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.0km

Dag 5 på ferietur i Telemark. Denne dagen vart det to turar. Hovudmålet for dagen var Husnuten. Vehuskjerringi hadde vi eigentleg snakka om å gå på dagen etter. For å gå på Husnuten køyrde vi inn den utroleg dyre Vådalsvegen, 100kr for under 2,5km. Vi vurderte å gå det innteikna råket frå Solheim, attmed Mossbekken, til Piggenuten, men det såg vi ikkje frå bilvegen. Så vi køyrde inn til Væting. Frå parkeringsplassen hadde vi vurdert på å gå rett oppover i terrenget, men syntes det så keisamt ut, så vi følgde råket oppover i feil retning. Over skogen tok vi av frå råket, og gjekk rett opp til råket som går sørover frå Eivindsteinen. Dette råket følgde vi ei god stund, før vi gjekk rett opp mot Husnuten i eit veldig flott fjellterreng. Fin utsikt frå Husnuten.

Map    

Mannslagarnuten

Date:
18.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
4:58h
Distance:
15.9km

Dag 4 på Telemarksferie. Målet for dagen var Mannslagarnuten. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå råket frå Kvitsund opp mot Hestestodnuten, og i terrenget derifrå til Mannslagarnuten. Men etter at Kristine hadde sett på rapportene til Otto og JoSo endra vi plan. Det er vi glade for at vi gjorde. For det vart ein veldig fin tur. Vi parkerte ved bommen innover mot Kvernes, og gjekk ivegen innover på grusvegen. Vi tok så av frå den. og gjekk på godt råk/ATV-veg til Tarren bålplass. Derifrå gjekk vi i terrenget til toppen. Det var stort sett fine sva å gå på og greitt terreng. Eit lite, bratt parti med småklyving på om lag 850moh, ellers var det veldig greitt å gå. Litt kupert etter at vi kom opp på rundt 1000moh. Vi gjekk same veg attende, og hadde ein god rast med bakevarer >>>

Map    

Skorvetoppen

Date:
17.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.1km

Dag 3 på Telemarksferie. Vi vakna opp på Raudkleiv parkering, og drog ned til Seljord og åt frukost utanfor Shell-stasjonen. Vi køyrde så oppover Kivledalen, på sørsida av Kivleåi, før vi køyrde på nordsida til parkeringa ved Haugan. Her var det fleire som skulle på tur. Flott råk heile vegen opp. Enormt bratt grusveg nedunder Karlstaul, kva slags køyretøy dei brukar opp der skjønar ikkje eg. Veldig fin utsikt frå toppen. Etter turen vart det bading og soling ved Bjørgesanden, middag på eit gatekjøkken i Seljord, og ei ny overnatting på Raudkleiv parkering.

Map    

Jøronnatten og Troganattan

Date:
16.07.2021
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
17.1km

Dag 2 på ferietur i Telemark. Vi køyrde frå overnattinga mellom Kongsberg og Notodden til Røksbuparkering på Lifjell. Derifrå følgde vi godt råk oppover mot Jøronnatten. God og varmt oppover, og ved Langetjønn vart det ein lang badepause. Etter badepausa gjekk vi over eit markert toppunkt vest for vatnet. Dette val vi å kalle Tallakslinuten, som står på kartet, men nokre hundre meter sør for toppen. Frå Tallakslinuten gjekk vi vidare oppover mot Jøronnatten, og oppe på 1000moh tok vi av frå råket og gjekk mot Troganatten. Det var teikna inn fleire råk på kartet, og til å byrje med hadde vi bra råk, men midt oppe på høgda forsvann det. Ned mot bekken frå Bjørndalsvatnet vart det noko kratt, men ikkje for ille. Det såg ut som det gjekk eit betre råk litt nord for der >>>

Map