Archiv - Nach Datum
Archiv - Nach Aktivität
-
Andere Wintertour (6)
- Schneeschuhtour (6)
- Fahrradtour (13)
-
Fußtour (203)
- Bergtour (134)
- Hochtour (6)
- Jogging (16)
- Spaziergang (3)
- Wanderung (44)
-
Skitour (173)
- Langlauf (147)
- Randonnée/Telemark (16)
- Tourenskilauf (10)
Peakbookfreunde
Elgåhogna og Herbensen
- Datum:
- 05.06.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 15,9km
Etter frukost i sola ved Blokkodden villmarksmuseum, køyrde vi inn til parkeringa ved Elgåhogna. Derifrå gjekk vi på vegen opp til Hammarvollen, og så på godt råk vidare oppover til Elgåhogna. Dei siste 150 høgdemetrane gjekk vi i ura utan råk, men fin ur å gå i. Flott utsikt på toppen.
Vi vart einige om å ta med Storslåga, så da gjekk vi til Elgåhogna sør. Ned derifrå fann vi ei snørenne vi kunne skli ned frå litt over 1300moh og ned i skaret på 1200moh. Vidare var det fint å gå til Storslåga.
Vi hadde snakka litt om beste rute ned at frå Storslåga, om det var å gå attende mot råket, eller å gå rett ned og følgje vegen til bilen. Vi val det første, og det vart eit fint alternativ. Stort sett lettgått og fint, men litt kjedeleg terreng rett før vi kom inn på >>>
Skagsvola og Sæteråsen i Trysil
- Datum:
- 04.06.2021
- Tourcharakter:
- Bergtour
- Entfernung:
- 8,3km
Ny helgetur oppover Østerdalen, denne helga var Elgåhogna ved Femunden det store målet. På veg oppover på fredag vart det to turstopp i Trysil.
Den første turen var ein kort tur på grusveg, til den vesle toppen Sæteråsen ved Trysil flyplass og motorbane. Vi parkerte i krysset rett etter hovedvegen da vegen vidare inn var stengd med bom. Turen vart på 3,7 km, 110 hm og 44 minuttar.
Neste tur gjekk til Skagsvola. Turen vart prega av at streiken til Kristine vart avlyst, og at ho derfor måtte planleggje ein del undervisning til måndag på teams og telefon. Men ein skikkeleg flott tur var det.
Etter turen køyrde vi vidare mot Femunden, og fann ein fin plass til overnatting mellom Engerdalssetra og Drevsjø.