Archive - Date

Collected lists

Trollvasstinden og Bytingstinden

Date:
30.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
5:37h
Distance:
10.5km

Fantastisk flott tur i Volda! Vi ynskja ein ikkje altfor lang og tung tur denne dagen, og valet fall på Trollvasstinden. Vi drog frå hotellet i Nordfjordeid etter frukost. Vi køyrde opp bomvegen frå Bjørkedalen, inn Laurdalen, og parkerte i vegkanten der det var markert at eit råk skulle gå oppover. Dette råket såg vi ikkje mykje til oppover, men det var likevel greitt å gå oppover skogen. Oppe i Tuvedalen, på om lag 700moh, vart det eit veldig flott turterreng og denne dalen var flott å gå innover. Det var kolossalt varmt, og det var godt å kjøle seg ned litt med vatnet frå Tverrelva innover. Nedunder Bytingstinden følgde vi det innteikna råket mot Trollvasstinden. Det var fint å gå der, men med unntak av eit par vardar var det ikkje mykje råk å sjå. Frå salen mellom >>>

Map    

Glitteregga

Date:
29.06.2021
Distance:
9.4km

Vi vakna til overskya vêr, og litt regn. Vêrvarslet viste at det kanskje skulle betre seg, men at det ikkje var heilt sikkert. Vi drog i retning Glitteregga, og håpa på det beste. Litt betring vart det. Det kom litt sol undervegs, og det var varmt å gå. Ikkje noko regn undervegs, men diverre var det overskya, og inga utsikt på toppen. Men ein ganske fin tur likevel. Frå Randastøylen følgde vi det gode råket oppover Fagredalen. Etter råkdelet på om lag 760moh vart råket litt dårlegare, men framleis veldig greitt å følgje. Etter å ha passert 900moh tok vi av frå råket og gjekk i terrenget opp til toppen. Veldig kurant og greitt terreng opp. Etter turen drog vi til Nordfjord Hotell i Nordfjordeid. Der var det godt å bade i badebassenget og ta boblebad, før vi fekk ein ganske >>>

Map    

Kvitegga

Date:
28.06.2021
Characteristic:
Hillwalk
Duration:
8:09h
Distance:
19.9km

Vi vakna opp til strålande vêr på gamle Strynefjellsvegen. Derifrå køyrde vi om Stryn til Kjellstad parkering, mellom Hornindal og Hellesylt. Vi gjekk i vegen i flott og varmt vêr på traktorvegen innover Kjellstaddalen. Vi følgde ruta bratt oppover skogen ved sida av Tverrelva. Her var det enormt mykje plagsam flugu, og ein del klegg. Dei hang på oss langt oppover mot Kvanngrønibba. Råket oppover skogen var bra, men rett etter skogen var det ikkje lenger mogleg å sjå noko råk. Vidare mot Kvitegga var det ein del snø, og oppe på toppen stoppa vi ein høgdemeter under toppen, fordi vi ikkje var sikre på om det var skavl der eller ikkje. Vi var også bortom toppunktet med ein liten varde litt vest for toppen. Vi gjekk same veg attende, men unngjekk nokre høgdemeter under eit par >>>

Map    

Krosshø

Date:
27.06.2021
Distance:
13.5km

Kristine og eg drog syndag ettermiddag frå Nygaard i retning Vestlandet på ferietur. Plan var nokre overnattingar i bil, før vi skulle overnatte på Nordfjord Hotell i Nordfjordeid. Første tur vart Krosshø ved Grotli. Det var ein fin tur. Fint råk å gå på innover, og greitt terreng da vi tok av råket opp til toppen. Oppe på toppen var det flott utsikt. Ned frå toppen var det effektive snørenner å skli på, det var kjekt. Etter turen vart det eit raskt bad i det vesle vatnet på 942moh ved starten av råket. Deretter køyrde vi innover gamle Strynefjellsvegen og fann ein stad å overnatte.

Map    

Dørålsglupkollane og Storkringla

Date:
24.06.2021
Distance:
8.6km

Vi hadde overnatta i bilen eit par kiliometer aust for Dørålseter. Etter frukost gjekk vi i vegen frå parkeringslomma oppover mot Dørålsglupkollane. Til å byrje med var det tungt skogsterreng, men det vart betre etter kvart. Ganske rask og effektiv gange, og det tok ikkje lange tida før vi var oppe på Vesle Dørålsglupkollen. Oppe på Store Dørålsglupkollen var det tre toppunktar. Vi var oppom alle tre. I følgje Peakbook er det det vestlegaste toppunktet som er høgast, men eg tykkjer ikkje det ser slik ut. Men det er berre ti-meter kotar på kartet, så det bli spannande å sjå når det blir meir detaljerte kart. Vi opretta uansett den midtre toppen som Aust. Ned frå Store Dørålsglupkollen var det litt bratt og laust, men greitt å gå. Vi var slitne, og merka turen på Smedhamrane >>>

Map    

Smedhamran

Date:
23.06.2021
Distance:
25.4km

Tur til Rondane med Kristine. Vi gjekk i vegen frå Nedre Dørålseter klokka ett, og følgde det gode råket mot Rondvassbu. Strålande flott vêr, og varmt. Ved Piktjønne tok vi av frå Rondvassburåket, og gjekk over Bergedalsbekken, som var så stor at vi berre så vidt kom tørrskodde over. Vidare følgde vi lengje det gode råket over den enorme Storflye, før vi like etter Smedbekken tok av råket og byrja på den tunge stigninga opp til Nørdre Smedhamran. På Nørdre Smedhamran var det flott utsikt i alle retninger. Enkelt vidare til Søre Smedhamran, via ein liten fortopp. Vegen derifrå var vi litt usikre på, om vi måtte over Nørde ein gong til, eller om det gjekk ann å gå ned i Smedbotnen. Det såg bratt ut, men mogleg, og vi fann ein rapport på Peakbook som hadde gått der. >>>

Map    

Moberget i Elverum

Date:
15.06.2021
Characteristic:
Hike
Distance:
2.4km

Tur til Elverum med Kristine. Kort tur opp på Moberget i Nordskogbygda. Greitt råk/traktorveg til å byrje med, men han forsvann etterkvart, men fint terrerng å gå i. Kjedeleg topp. Etter turen vart det ein liten handletur i Elverum, før vi gjekk på stolpejakt i koselege omgjevingar på Glomdalsmuseet, Prestøya og Skogmuseet.

Map    

Oppsalåsen, Åborsjøkampen og Tutrudkampen

Date:
13.06.2021
Characteristic:
Hike

Tre turar i Ringebu og Øyer med pappa og Kristine. Den første turen gjekk til Oppsalåsen, eller Hemrumsvarden som ser ut til å vere det lokale namnet, i Fåvang. Vi kørde vegen innover mot Mjogdalen, og parkerte i vegkanten litt sør for turstart. Veldig fint råk oppover til toppen. På veg oppover var det eit lite punkt på Oppsalberga med flott utsikt, og høgt stup ned i Oppsaldalen. Oppe på toppen var det stor varde, og flott utsikt alle retninger. Vi gjekk same veg ned. Den andre turen vart Åborsjøkampen ved Venabyga. Vi parkerte i vegkanten på Jønnhaltvegen. Derifrå gjekk vi på bra råk opp Vangkleiva til salen mellom Åborsjøkampen og den vesle nordtoppen, som vi oppretta. Til toppane var det ikkje råk, men greitt terreng å gå i. Overraskande flott utsikt på toppen. Den >>>

Map    

Stolpejakt på Gåsbu

Date:
10.06.2021
Distance:
2.9km
Map    

Fire turar i Engerdal og Trysil

Date:
06.06.2021
Characteristic:
Hillwalk

Vi vakna opp i bilen til strålande flott vêr. Etter frukost gjekk vi i vegen mot Veslfjellet frå der vi hadde overnatta. Typisk nok vart vêret meir overskya då vi gjekk i vegen. Turen opp til Veslfjellet var kort og fin, men litt tungt underlag. Neste tur gjekk på Kvitvolaknappane . Stor parkeringsplass ved start, og flott råk heile vegen. På tur til Nordre Kvitvolaknappen oppretta vi Søndre Kvitvolaknappen, på turen attende følgde vi råket som gjekk på nedsida av Søndre. Flott utsikt mot Sølen på denne turen. Dagens tredje tur vart Den brune høgda . Vi parkerte i vegkanten, og gjekk gjennom skogen til toppen. Overraskande lettgått terreng, men ingen høydare av ein tur. Dagens fjerde, og siste, tur gjekk til Ulvsjøberget ved Vestby. Her var det igjen fint råk. Godt merka turstart. >>>

Map