Archive - Date

Collected lists

Gåsbu

Date:
31.10.2020
Characteristic:
Walk
Distance:
4.0km

Spasertur på gruslagte råk på Gåsbu

Map    

Tur på Åshagahøgda frå heime

Date:
24.10.2020
Distance:
9.4km

Map    

Gitvola

Date:
18.10.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
13.5km

Tur til Gitvola på Hedmarksvidda. Vi parkerte på Gåsbuvegen, bommen innover mot Brennsætra var åpen, men vi valgte å parkere der uansett. Vi gjekk to kilometer på grusvegen, før vi tok av på råk vest for Synsåsen. Ikkje så veldig tydeleg råk, men veldig godt merka. Råket vart ein del betre etter krysset nord for Synsåsen. Fint å gå over dei tre haugane på Synsåsen, litt utanom råket på dei to siste. Aust for Synsåsen kom vi inn på DNT-råket til Snippkoia. På Snippkoia tok vi ein kort pause, før vi gjekk opp til Gitvola. Mykje folk ved hytta på toppen. Vi tok matpause ved Snippkoia på veg attende. Vi fann ein del kantarell på turen. Sjølv om det er seint på hausten, og kantarellen var frossen, plukka vi den med. Etter forvelling og steking smakte det veldig godt.

Map    

Fire turar sør i Stor-Elvdal

Date:
17.10.2020
Characteristic:
Hillwalk

Fire turar i Stor-Elvdal. Vi køyrde inn bomvegen til Strandsetra ved Strand kyrkje. Til første tur tok vi av vegen som går rett nordover like nedunder 500moh. Rett før Kroksetervegen var det stengt med bom, men heldigvis var han ikkje låst. Så vi fekk køyrt nedover, og innover mot Veslehorta. Vi parkerte i vegkanten, og gjekk litt på vegen før vi gjekk gjennom skogen opp til Veslehorta. Bratt skog opp, men fin utsikt på toppen, og ein liten trekonstruksjon. Same veg ned. Etter turen køyrde vi attende til Stransetervegen, og opp til Opphussetra. Derifrå gjekk vi litt på hytteveg, og så på godt råk til Hovdsjøfjellet. Oppe på Hovdsjøfjellet gjekk vi ut eit utsiktspunkt litt aust for toppen. Veldig flott utsikt på denne toppen. Den tredje turen gjekk til Vesle Hovdsjøfjellet. >>>

Map    

Tre turar aust i Elverum

Date:
09.10.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
9.7km

Tre småturar i Elverum. Første tur gjekk til Storberget. Kort tur i skogen, men litt utsikt i hogstfeltet på toppen. Andre tur gjekk til Høgknosen. Der køyrde vi inn der det såg best ut på kartet. Der møtte vi ein låst bom, og turen vart lenger på veg enn vi hadde tenkt. Den siste turen var ein meget kort tur. Den gjekk til søppelplassen på Skuruberget. Der brukte vi ni minuttar på 500 meter, og 27 høgdemeter

Map    

Skogstopp-sanking i Søndre Elverum

Date:
06.10.2020
Characteristic:
Hike

Turane Vi køyrde inn Flotsvegen, 50kr for 80km grusveg. Vi køyrde rundt inne i Elverum-skogen og gjekk fem småturar. Første tur gjekk vi på veg, før det var ein kort avstikkar i skogen. Litt utsikt på toppen. På andre tur var det teikna inn råk på kartet, det såg vi ikkje noko av. Så det vart ein ny skogstur. Tredje tur vart også kun skog utan råk, og ingen utsikt. Fjerde tur vart dagens flotteste. Veldig flott råk opp til toppen. Koseleg hytte før toppen, og tårn på toppen. På siste tur var det teikna inn råk, men det var ikkje så lett å følgje. Vi tok feil på veg opp, men følgde det ned at.

Map    

Konnerudkollen/Gruvåsen og Vardåsen i Drammen

Date:
04.10.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
5.1km

To turar i Drammen med Kristine, pappa og onkel Knut. Det var spådd ein del regn, men vi var heldige med vêret. Gruvåsen, eller Konnerudkollen, vart første tur. Det var ein kort tur på bra råk. Sjølve toppunktet ligg litt inne i skogen. Til Vardåsen gjekk vi ruta som såg best ut på kartet, men traktorvegen vi gjekk var ganske attgrodd. Ned gjekk vi på bra råk. Fine turar.

Map    

Gunhildrudknatten og Nesfjell i Øvre Eiker

Date:
03.10.2020
Characteristic:
Hike
Duration:
3:45h
Distance:
11.4km

Helgetur til Mjøndalen. Pappa, onkel Knut, Kristine og eg drog ut på tur. Frå bilen gjekk vi på godt råk opp til Gunhildrudknatten. Derifrå gjekk vi vi terrenget ned til vi traff på råket mot Gunhildrudsetra. Vi gjekk oppom Gunhildrudsetra og hadde ein matpause ved Fisås-Brånavann, før vi gjekk i terrenget opp til Nesfjell. Ned frå Nesfjell gjekk vi i terrenget. Det var heilt greitt å gå, fram til vi kom til eit felt der dei har rydda skog, der var det veldig kronglete. Traktorveg mot slutten. Fin tur, men diverre ikkje bra nok vêr til å sjå utsikta på toppane.

Map