Archive - Date

Collected lists

Veslfjellkampen og Finnbølshaugen på Jotunheimvegen

Date:
31.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
8.0km

I dag flytta vi i frå Valdres, og om ei veke flyttar vi inn i nytt hus på Hamar. Vi køyrde med oss flyttelasset over dei vakre omgjevingane på Jotunheimvegen, og tok tu fjellturar undervegs. Eller, det er vel berre den første turen som eigentleg kan kalles ein tur. Første tur gjekk til Veslfjellkampen og Svartkampen. Det var ein flott tur, som stort sett gjekk på godt råk. Litt kratt ned frå Svartkampen. Brukte litt over to timar på den turen. Den andre turen gjekk til Finnbølshaugen. Vi satt frå oss hengeren der vegen tok av, og køyrde til vegs ende. Derifrå var det ein kort tur opp til toppen, men 50 tunge høgdemeter. Vi brukte om lag 10 minuttar opp og ned. 450 meter opp og ned.

Map    

Bitihødn

Date:
30.07.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
3.9km

Kjap tur på Bitihødn i mellom pakking og utvasking. Mykje folk opp det gode råket, og enda fleire på toppen. Fin tur.

Map    

Turar til Marabotthornet og Store Sendehornet

Date:
27.07.2020
Characteristic:
Hillwalk

To turar ved Olefjorden i Vang. Første tur gjekk til Marabotthornet. Vi parkerte ved demningen på Olefjorden, og følgde DNT-råket til toppen. På veg ned gjekk eg oppom og oppretta Aust for Marabotthornet. Fin tur. Den andre turen gjekk til Store Sendehornet. Vi parkerte ved bommen mot Sendebottjernet. Vi hadde med ein sykkel oppover, som vi bytta på å sykle ned at. Fint terreng å gå i frå vatnet til toppen, og ein flott topprygg. Turen på Marabotthornet. 8,4km - 458hm - 2t 4min Turen på Store Sendehornet. 11,5km - 622hm - 2t 47min

Map    

Hemsedaltur dag 4: Røgjin, Systerskardfjellet og Skogshorn

Date:
25.07.2020
Characteristic:
Hillwalk

Vi vakna opp til fint vêr i Mørkedalen, og køyrde til Hemsedal og åt frukost. Vi køyrde så inn bomvegen ved Hemsedal Skisenter. Vi hadde snakka om å gå på Røgjin og Totten. Røgjin vart første topp ut. Vi parkerte i vegkanten der råket byrjar. Flott råk oppover. Vi vurderte å ta ruta som er teikna inn rett oppover, men det såg veldig dårleg ut, så vi gjekk hovudråket. Flott tur, og fin utsikt. Denne turen møtte vi mykje folk, så det er ein populær topp. Vi hadde eigentleg tenkt til å ta Totten som tur to, men vi fann ut at vi heller ville ta Storebottnuten og Systerskardfjellet. Vi parkerte på den store parkeringa ved Fløgatjerne. Derifrå gjekk vi vegen litt oppover, før det vart godt råk til Buaklanten. Godt råk også vidare til Systerskardet. Vi gjekk først på Storebottnuten, >>>

Map    

Hemsedaltur dag 3: Høgeloft

Date:
24.07.2020
Characteristic:
Hillwalk

Etter frukost i bilen i Mørkdalen, køyrde vi opp til parkeringa nord for Eldrevatnet. Derifrå sykla vi dei fem kilometrane til der råket til Høgeloft tar av. Bakhjulet på syklen til Kristine punkterte like før det. Irriterande! Vi tok ein matpause før vi gjekk i vegen oppover råket. Litt spredte vardar til å byrje med, betre etter kvart. Møtte nokre andre på veg oppover, og det var fire andre på toppen da vi var der. Flott utsikt! Før turen hadde vi snakka om å gå på Bleia etter Høgeloft, men vi hadde nok med litt lite mat til det, og det såg ut som ein flott rundtur å gå om Nordtoppen og Knipenborg. Vi vart einige om å gå rundturen. Fint vidare til Nordtoppen. Ned mot Knipenborgtjørni var det litt laus ur. Hadde vi gått litt meir mot vest hadde vi fått meir snø å >>>

Map    

Hemsedaltur dag 2: Ranastøngji

Date:
23.07.2020

Etter ei natt i bilen ved parkering åt vi frukost i bilen og gjorde oss klare til å gå på tur. Målet for turen var Ranastøngji og Storebottegge, som er på pf100+ lista i Vang. Medan vi åt kom det tre biler til, og før vi gjekk i vegen hadde dei tre turfølgjane gått i vegen før oss. Vi følgde det gode råket opp til 1400moh, derifrå gjekk vi i terrenget til Hydalsberget. Ein del gras til å byrje med, etter kvart berre ur. Frå Hydalsberget gjekk vi til Østre Ranastøngji. Bratt frå 1620moh litt over 1700moh, deretter slaka det ut, før det vart ein lang, slak steinvidde til toppen. På toppen var det mykje stein å ta av, så vi kunne ha bygd ein stor varde, men vi tok oss ikkje tid til det. Det var morosamt og sjå på rekka av folk som kom og gjekk på sjølve Ranastøngje. >>>

Map    

Hemsedaltur dag 1: Hallenuten og Solgladberget

Date:
22.07.2020
Characteristic:
Hillwalk

Vêrmeldinga viste nokre dagar med fint vêr, så vi bestemde oss for nokre dagar i Hemsedal. Denne dagen var det ganske bra vêr, men mykje vind, så vi drog ikkje så tidleg frå Slidre. Målet var å ta eit par småturar i Hemsedal. Etter nokon stopp i Leira og Hemsedal, drog vi innover Grøndalen. Vi betalte dei 20 kronane det kosta å køyre inn Fagersetvegen. Der parkerte vi i vegkanten og gjekk den lette turen på godt råk opp til til Hallenuten. Ganske fin utsikt på toppen, men mykje vind. Vidare køyrde vi inn Hydalsvegen, og parkerte ved Oset sør for Vavatn. Derifrå gjekk vi til Solgladberget. Vi følgde bilveg opp til den øvste hytta, og råk derifrå. Fin tur og flott utsikt. Etter turen køyrde vi inn til Ranastøngji parkering. Der åt vi middag før vi overnatta i bilen.

Map    

Tur i Slidre

Date:
21.07.2020
Map    

Hugakøllen

Date:
20.07.2020
Duration:
1:55h
Distance:
5.7km

Liten tur i Vang med Kristine. Vi oppretta to toppar undervegs på turen, og klatra på Alasteinen. Flott utsikt på Hugakøllen.

Map    

Møsaryggene og Skølten

Date:
19.07.2020
Duration:
3:08h
Distance:
8.4km

Kort og fin tur ved Tyin. Stort sett overskya og litt vind, men fint turvêr. Flott utsikt, særleg mot Gjendealpane og Midt-Jotunheimen. Mot Møsaryggene gjekk vi litt attende bilvegen før vi fann ei fin rute opp. Vi følgde råk/dyretråkk langt innover, før vi gjekk mot trigpunktet rett sør for toppunktet. Ned i frå Skølten var det veldig bratt, og ganske sleipt, men vi fann ei grei rute. Ikkje så mykje kratt mot bilen som frykta, men litt var det jo. Ganske blautt i terrenget under 1200moh.

Map