Archive - Date

Collected lists

Storseterhøgda

Date:
29.06.2020

Tur med Kristine og pappa.

Map    

Nordbykollen og Myrehogget

Date:
27.06.2020
Characteristic:
Hike
Distance:
11.4km

Frå overnattinga vår i Sande drog vi Nordby i Drammen. Vi gjekk bratte råk opp til Nordbykollen. Det går også an å følgje slakere og betre råk opp. Vidare drog vi til Skramnæs på hyggeleg besøk. Tante Hanne og onkel Knut var så turguider opp på Myrehogget, og rundt om Eurekatoppen. På veg ned vart det bad i Hoggtjern. Etter badet vart vi nesten enda blautere, da himmelen verkeleg åpna opp slusane. Ein flott og hyggeleg tur. Kort opphald på Skramnæs etter turen, før vi drog til Stange.

Map    

Kølåsen, Haraldsfjellet, Sæteråsen og Hvittingen

Date:
26.06.2020

Andre dag på tur rundt Oslofjorden. Vi køyrde frå parkeringa ved Stikkvannskollen til Holmsbu for dagens første tur. Turen på Kølåsen var veldig kort. Det bygges hytte på høgaste punkt. Neste tur gjekk til Haraldsåsen. Der var det bra råk heile vegen opp. Etter turen køyrde vi ut til Rødtangen og bada i sjøen. Vidare tok vi ferga frå Verket til Svelvik. Der gjekk vi på Sæteråsen. Oppover gjekk vi om Ebbestadvatnet for å bade, men der var det skilt om drikkevann og bading forbudt. Så det vart ikkje noko bad. Flott tårn på toppen. Etter den tredje turen køyrde vi vidare til Sande. Der kjøpte vi pizza på Pizzabakeren, og åt middag ved SKjervikbukta. Etter middag vart det ein siste tur for dagen. Vi køyrde oppover mot Hvittingen, og parkerte ved bommen. Det vart bad i Orebergvatnet >>>

Map    

Tårnåsen, Bollerudåsen, Toåsen og Stikkvannskollen

Date:
25.06.2020

Ferietur og kommunetopp-sanking nedover Oslofjorden. Turen byrja strålande med ein punktering ved Hauketo. Vi skifta til reservehjulet og køyrde til Hauketo CarSpa, som reparerte det punkterte hjulet for berre 300 kroner. Meget god service der! Første "topp" vart Tårnåsen, med 0 i PF. Likevell ein fin tur opp frå skulen, og veldig flott utsikt i det høge tårnet. På den andre turen økte primærfaktoren med ein meter. Sørvest for Bollerudåsen var ein kort tur. Vidare drog vi til Nesodden, og gjekk på Toåsen. Det var ein grei tur, og vi fann litt moden blåbær undervegs. Etter turen drog vi ned på friområdet ved Alværn, der bada vi i sjøen og lagde god middag på stormkjøkken. Det vart ein tur til. Vi drog til Stikkvannskollen, som er kommunetopp i Hurum. Det var ein lenger >>>

Map    

Røssjøkollane

Date:
23.06.2020
Distance:
9.7km

Vi planla Sankthans grilling på Nysetra, så Kristine og eg drog innover Vestfjellet for å gå ein fjelltur før grillinga. Det var ein flott tur rundt Røssjøkollvatnet på dei to høgase Røssjøkollane, med forfriskande bad i vatnet. Koseleg grilling med mamma, pappa, Johannes og tante Sigrid på Ginahytta etterpå.

Map    

Flokofallet og Lundevarden

Date:
22.06.2020

Turen til Flokofallet. 2 km - 95 hm - 49 min Kristine og eg gjekk tur til Flokofallet på veg frå Stange til Gausdal. Køyrde Burmavegen frå Vingrom til Saksumsdalen. Fint råk, og flott foss. Turen på Lundevarden: 4,2 km - 283 hm - 1 t 23 min Kristine, pappa og eg gjekk så ein kveldstur i Østre til Lundevarden. Vi gjekk i frå Houm. Flott råk opp til Lundevarden, og fin utsikt. Ikkje råk til Nord for Lundevarden

Map    

Kveldstur på Svarthamaren og Skreddalsfjellet

Date:
18.06.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
9.9km

Kveldstur etter jobb. Vi hadde undersøkt om vegen til Skreddalen var køyrbar, og nå skulle vi komme nesten heilt fram. Hundre meter før stølen var det ei snøfonn i vegen, og vi parkerte i vegkanten like før den. Innover mot Svarthamaren var råket flott å følgje. Frå Svarthamaren gjekk vi utan råk over Øystre Skreddalsfjellet til Skreddalsfjellet. Ned frå Skreddalsfjellet var det godt råk. På bilturen attende stoppa vi ved både Dalstøltjernet og Javnin for å ta bilde av den vakre naturen.

Map    

Helgetur til Sogn: Store og Vetle Haugmelen

Date:
14.06.2020
Distance:
16.0km

Siste dag på helgetur til Sogn. Parkerte ved den låste bommen over Dalåker. Fullt køyrbart vidare inn, kunne køyrd heilt til der råket tar av frå vegen etter Syresete. Lang veg innover til råket, vi brukte 40 minutter innover grusvegen. Turen ble artigare etter at vi kom inn på råket. Opp til Vassløysa var det traktorveg, vidare var det bra råk, men ein del snø. Fin rundtur om dei to toppane.

Map    

Helgetur til Sogn: Skriki og Storehaugfjellet

Date:
13.06.2020

Etter overnatting i bil ved Resaland i Hafslo, satt vi kurs for Sogndal. Meir utfylldig turrapport her: Kristine sin turrapport To flotte turar i Sogndal vart det, med eit avslappande opphold i strankanten mellom turane.

Map    

Helgetur til Sogn: Molden i Luster

Date:
12.06.2020
Distance:
7.3km

Første dag på helgetur til Sogn. Vi køyrde frå Slidre rett etter jobb og middag. Etter eit stopp i Sogndal for å kjøpe is, drog vi til Hafslo for å gå på Molden. Molden var ein fantastisk flott tur. Godt tilrettelagt råk, og fantastisk utsikt. Vi var lengje på toppen, og vi satt lengje på benken ved Skjødnaklanten. Etter turen køyrde vi vidare innover til Resaland og gjekk den korte turen opp på Storehaug. Bra råk opp til toppen, og overraskande flott varde.

Map