Archive - Date

Collected lists

Stornubben

Date:
30.05.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
21.1km

Skitur med Kristine. Vi var forberedt på å gå eit stykke med skiene på sekken denne turen, men at det skulle gå 500 høgdemeter før vi kunne ta dei på, hadde vi ikkje trudd. Uansett fint å gå oppover fjellsida i joggesko, og det var enorme mengdar mogop i lia. På 1390moh kunne vi ta på oss ski, men det var ein del berrflekker vidare. Nokon kunne vi gå over med skiene på, medan andre stader var det for mykje stein. Flott vêr heile dagen. Vi møtte tre andre folk denne dagen, ein som gjekk same runde som oss, og to som gjekk på Stornubben. Fin tur, men litt mykje bæring av ski.

Map    

To turar i Nordre Land

Date:
23.05.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
2.8km

To turer på veg til Gausdal frå Slidre. Frå Slidre køyrde vi om Steinsetbygda til Gamlestølen, og bomvegen til Hugulia. På vegen stoppa vi og gjekk opp på Munkhatthøgda. Mykje snø enda, så vi gjekk på truger. Overskya, og litt regn. Litt utsikt mot Spåtind. Vidare køyrde vi ned til Nord-Torpa, og innover mot Jørnonlia. Oppe på Nordheim var den blide og trivelege gardbrukeren ute, og vi fekk lov til å parkere på garsdplassen medan vi gjekk på Høgda. På turen til Høgda var det for mykje snø til å vere ein bra fottur, og for lite snø til å vere ein bra trugetur. Vi gjekk på trugane til å byrje med, men etter å tatt dei av for andre gong, satt vi dei frå oss ganske tidleg på turen. Ikkje noko utsikt på turen.

Map    

Tre turar i Etnedal og Nordre Land

Date:
22.05.2020
Characteristic:
Snowshoe trip

Grått og overskya vêr. Litt sol på Kollhaugen, og overraskande bra utsikt. På dei to første turane bar vi med oss truger innover bilvegen, og gjekk på truger i terrenget. På den siste turen gjekk vi på truger heile tida. På turen til Kollhaugen køyrde vi til vi møtte snø i vegen, og parkerte i vegkanten.

Map    

Rundtur på Sørbølfjellet og Ørneflag

Date:
21.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
29.4km

Vi har sett på denne turen ei stund, og vi har sett på fleire ulike ruter å ta han på. Valet fall til slutt på å køyre til Sør-Aurdal sida av Vassfaret. Turr og berr veg oppover i frå parkeringa. Vi festa skiene på sekken, og skiskoa i sekken og gjekk oppover med joggesko. I krysset før Storekrakkoia skifta vi sko, og satt frå oss joggeskoa og litt ekstra oppakning. Derifrå håpa vi å kunne gå på ski, men det var berre bort til brua. Så skiene vart bore til der vi gjekk av bilvegen. Derifrå kunne vi gå på ski opp til Storrustefjellet. Vi hadde egentleg tenkt til at det berre skulle bli Storrustefjellet og Ørneflag denne turen, men vi fann ut at det var greitt å gå bortom Sørbølfjellet. Ned frå Storrustefjellet er det berre om lag 100 høgdemeter, og veldig kupert, så >>>

Map    

Rundtur sør for Torolmen

Date:
20.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
14.1km

Tur etter jobb. Strålande flott vêr, så vi drog så snart vi hadde moglegheit. Vi parkerte rett aust for Torolmen, og følgde skispora ned til brua over elva frå Tyin. Derifrå gjekk det jamt og trutt oppover mot Svarteknippa på flott skiføre. Kort og grei køyring ned frå Svarteknippa, før vi tok ein liten pause i sola før oppstigninga til Slettningsegge. Flott skiføre mellom Slettningsegge og Sletterustvatnet SØ, og også attende til bilen. Ein skikkeleg flott tur i strålande vêr. Fantastisk utsikt mot Jotunheimen og særleg Hurrungane store deler av turen.

Map    

Ålfjell

Date:
17.05.2020
Characteristic:
Snowshoe trip
Distance:
4.7km

17. mai tur i Vestre Slidre. Vi gjekk på truger til Ålfjell, følgde skiløypa opp og ned. På veg heim stoppa vi i vegkanten og gjekk på Skorta. Til slutt vitja vi Mo kyrkjeruin.

Map    

Fagernes

Date:
16.05.2020

Tur på Storøya i Fagernes og Valdres Folkemuseum.

Map    

Grønsennknippa på fjellski

Date:
13.05.2020
Characteristic:
Backcountry skiing
Distance:
10.0km

Tur etter "jobb". Litt rart å dra på skitur etter sjukefråver frå jobben, men i desse corona-tider er det jo nok med milde symptomer for å ikkje kunne møte opp på jobb dagen etter. Heldigvis symptomfri i dag, så i morgon blir det første dag med elever sida nedstenginga. Turen var også den første på nye fjellski. Det fungerte veldig godt. Stort sett skareføre heile turen, og kortfeller fungerte godt opp. Mykje betre å køyre ned med stålkanter, enn med langrennsski. Litt vind og litt overskya, men ellers fint vêr.

Map    

Toppsanking i Ringerike

Date:
09.05.2020

Det var nykøyrde skiløyper opp til Høgfjell i Ringerike, så da gjekk turen dit. Etter først eit stopp i Bagn for å plukke opp nye fjellski, køyrde vi opp Flaskerudvegen og parkerte ved Langtjern. Flotte løyper oppover mot Høgfjell. Vi tok ein bitte liten avstikker oppom Rokofjellet. Vi gjekk utanom løyper opp til Høgfjell. Fint føre utanom skiløypa og. Litt vind på toppen, men flott utsikt. Skikkeleg luggete sugeføre på veg ned at til bilen. Kort køyretur til neste tur. Vi parkerte i vegkanten ved ei hytte, og gjekk den korte turen opp og ned til Veslefjell på truger. Litt utsikt på toppen. Den tredje turen gjekk til Strandekollen. Vi tenkte å parkere ved grustaket, men vegen videre var fullt køyrbar, så vi køyrde vidare. Ein kan nok også køyre litt vidare innover. Kort >>>

Map    

Geitskallin i Slidre

Date:
07.05.2020
Characteristic:
Walk

Rusletur i Slidre med Kristine

Map