Arkiv - dato
Arkiv - aktivitet
-
Annen vintertur (6)
- Trugetur (6)
- Fottur (203)
-
Skitur (173)
- Fjellskitur (10)
- Langrennstur (147)
- Randonnée/Telemark (16)
-
Sykkeltur (13)
- Blandet sykling (8)
- Terrengsykling (5)
"Peakbookvenner"
Storefjell og Vidhovd
- Dato:
- 04.04.2020
- Distanse:
- 15,4km
To turar på Golsfjellet.
Den første turen gjekk på Storefjell. Vi parkerte like ved alpinbakken, og gjekk oppover skitrekket, som i likheit med alle andre skitrekk er stengt. Kort tur opp. Berre litt over 150 høgdemeter opp til toppen, og 1,9 km tur-retur. Vi brukte 27 minuttar på turen. Fin utsikt på toppen, men litt sur vind. Kristine gjekk på rando-ski, og eg på telemark. Hardt og vondt skiføre ned at alpinbakken.
Til den andre turen køyrde vi inn til Lauvsjø, og bytta om til langrennsski. Vi bar langrennsskia dei første 300 metrane til vi kom inn på skiløypa. Vi tok ein liten avstikker frå skiløypa og gjekk oppom Store Skinhovda. Dit var det stort sett fint å gå utanom løypa, og utsikten var flott. Vidare gjekk vi mot Vidhovd.
Vi forventa eigentleg at det skulle vere litt >>>