Archive - Date

Collected lists

Toppsanking i Sør-Aurdal

Date:
30.04.2020
Characteristic:
Hike

Toppsanking i Sør-Aurdal. Vi forsøkte også å komme oss til Høgberget, men der vart vi stoppa av mykje snø i vegen rett etter krysset ved om lag 500moh. Vi syntes det vart litt langt å gå, så vi utsetter den til ein annan gong. Det vart fem greie turer, der den kortaste, Puttekollen, var den finaste. Der var det flott utsikt utover Sør-Aurdal. Vel verdt å betale 60kr for å slippe å gå på vegen oppover. Vi parkerte i vegkanten heilt inntil der råket tok av frå vegen. Stort sett tørre og fine forhald på dei tre første turane, men litt snø oppover mot Kristiansmokollen. Mot Midtknatten gjekk vi på hard snø etter bilvegen, medan det vart litt kratt i skogen oppover mot toppen, men ikkje så ille. Oppover til parkeringa til Eidskollen måtte vi fjerne eit digert grantre frå vegen. >>>

Map    

Skitur på Vaset

Date:
29.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
3:04h
Distance:
20.2km

Skitur i bra skiløyper på Vaset. Vi gjekk på felleski, det fungerte bra. Vi måtte ta av skiene ved mange veger, det byrjar å minke på snøen no. Dårleg vêr til å byrje med, men det betra seg etter kvart, og på Storhaug hadde vi litt utsikt.

Map    

Gilafjellet og Geiteknappen

Date:
26.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
8.9km

Tur i lokalområdet med Kristine. Ganske bra vêr, litt overskya, men lite vind. Mye spor oppover, og vi møtte ein del folk. Framleis flotte forhald, men litt sikk-sakk for å unngå kratt og steiner. Eit parti på veg mot Geiteknappen måtte vi bære skiene, og vi måtte gå de siste metrene til toppen. Flott snø å køyre ned på.

Map    

Grindane

Date:
25.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.0km

Nok ein dag med flott vêr. Det var spådd ein del vind fleire stader i dag, men på Grindane skulle det vere lite vind til lang utpå dagen, så da gjekk turen dit. Vi parkerte ved vinterparkeringa like etter bommen på Helinvegen, og følgde scooter-spor oppover. Veldig fint å gå. Da vi kom opp til Skavlen på om lag 1000 moh møtte vi på dagens første berrflekk. Det gjekk greitt å gå på ski der, men verre skulle det bli. Vi hadde vore litt betenkte med tanke på snøras i bratta mellom Grindane og Grindetjernet, men det var ingen fare. Der var det nesten ikkje noko snø at. Vi gjekk sikk-sakk for å halde oss på snø, og gjekk igjennom kratt. Til slutt sklei vi 20 høgdemeter ned at, og gjekk i kanten av Grindetjernet. Løypa oppover var heller ikkje den beste før vi kom bort til >>>

Map    

Graveskarnosi og Søre-Knipen i Årdal

Date:
24.04.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.4km

Tur etter jobb. Vi køyrde opp til Tyin og over kommunegrensa til Årdal, og parkerte ved vestenda av Torolmen. Derifrå følgde vi spor oppover mot Søre-Knipen. Ganske bratt eit lite stykke over hyttefeltet. Så vart det slakare oppover mot skardet mellom Søre-Knipen og Graveskarnosi, og veldig slakt opp til Graveskarnosi. Ned frå Graveskarnosi gadd vi ikkje å ta av fellane. Litt vond snø oppover mot Søre-Knipen, men greitt å gå. Ned frå Søre-Knipen tok vi “normalruta”, som var ganske bratt. Kjekt med toppturski ned der. Min første tur i denne delen av Jotunheimen, ein veldig flott tur, og mykje flott utsikt undervegs.

Map    

Gjendehøe

Date:
23.04.2020
Characteristic:
Hillwalk
Distance:
5.0km

Flott kveldstur på Gjendehøe. Litt rart å gå på ein topp som er nesten hundre og femti høgdemetre lågere enn vegen ein køyrar for å komme dit. Lite snø oppover mot Gjendehøe, så vi gjekk med fjellsko og utan truger. Det fungerte fint. Følgde råket opp, men tok ein snarveg ned, som ga hundre høgdemeter aking. På veg attende stoppet vi og gjekk ein kort tur på ein liten haug vi kalla Vinsterånehaugen. Flott utsikt. Stort sett greitt å gå oppå snøen, men nokre stader braut vi igjennom.

Map    

Nordre og Søre Brurskardknappen

Date:
21.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
6.1km

Kort skitur etter jobb. Vi drog frå Slidre litt før halv tre, og var klare til å gå om lag ein time seinere. Mykje snø, og mykje biler langs Valdresflya. Det var greitt å parkere på den vesle parkeringslomma ved kommunegrensa mellom Øystre Slidre og Vågå. Vi vurderte om vi skulle gå på langrennsski eller toppturski. Valet fall til slutt på langrennsski, da det såg ut til å vere ein del berrflekker oppover. Det var eit greitt val, men toppturski hadde nok fungert bra det og. Vi bar skia eit lite stykke frå om lag 1300moh, før vi satt dei frå oss dei siste 60 høgdemetrane opp til toppen. Litt vondt føre å køyre med langrennsski ned frå toppen, men det gjekk greitt. Oppover mot Nordre braut det litt, men det var stort sett greitt føre. Vi satt frå oss ski 100 høgdemeter >>>

Map    

Hallingnatten + en tur til

Date:
19.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
22.6km

To turar i Nesbyen i Hallingdal. Frå Nesbyen rota vi vi litt med køyringa, vi prøvde første veg som er teikna inn på kartet mot Bøgaset. Den fungerte dårleg, så vi måtte snu. Neste veg var den riktige, og holdt høg standard. Vi fann ei lita lomme i vegkanten rett ved skiløypa, og parkerte der. Løypa innover var veldig bra, og vêret var heilt strålande. Full sol, og lite vind. Årets varmaste skitur så langt. Fint føre for felleski. Flott utsikt frå Hallingnatten. På tur attende til bilen gjekk vi oppom Trommenatten. Turen til Høgelinatten og Sjåfunatten 6,5 km - 1t 58min - 360hm Da vi hadde køyrd heile vegen frå Slidre til Nesbyen, tenkte vi det var greitt å få skikkeleg med tur. Så da det var at krefter etter turen på Hallingnatten, vart det ein tur til. Vi køyrde opp mot >>>

Map    

Tur til Høgevarde

Date:
18.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
27.1km

Lang køyretur frå Slidre til Norefjell i Hallingdal. Køyreturen vart ikkje kortere av at bilvegen opp frå Gulsvik var flytt nokre kilometer nordover utan at kart og GPS var oppdatert om det, så ein liten stund trudde vi at vegen opp var stengd. Noko som hadde vore rart med nykøyrde skispor i området. Etter å ha funne rett veg bar det opp til parkeringsplassen ved Gulsviksetran, kor vi så vidt fekk plass til bilen. Mange på tur i området denne dagen. Vi måtte bære skiane nokre meter, før vi gjekk på ukøyrd skiløype til over den første bekken. Derifrå vart det meget god skiløype, til vi tok av frå den på om lag 1220moh. Derifrå gjekk det greitt på skare til toppen av Gråfjell. Vi tok av skiane og gjekk opp dei siste 60 høgdemetrane. Vidare var det bratt, sporete og hardt >>>

Map    

Børrenøse og Vardhovtinden på Filefjell

Date:
17.04.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
15.4km

Tur etter jobb. Vi parkerte ved Grovstølen. Derifrå gjekk vi nokre meter på bilveg før vi tok på langrennskia, og gjekk i terrenget oppover. Vi følgde litt de ukøyrde skiløypa, før vi gjekk meir rett mot Børrenøse. Fantastisk vêr, og nesten vindstille. Strålande flott utsikt frå Børrenøse. Vi hadde vurdert toppturski, men trudde det ville bli langt og litt for flatt mellom Børrenøse og Vardhovdtinden. Det var ein god vurdering, langrennsski var heilt perfekt for denne turen. Det var litt kupert til å byrje med ved Tenlefjorden, før det vart slag stigning oppover vidda mot Vardhovdtinden. Vi satt fra oss skiane like før 1400moh, og gjekk den siste bratta opp til toppen på føttane. Litt meir disig vêr her, men framleis veldig bra utsikt. Returen la vi litt annleis, og vi fekk >>>

Map