Archive - Date

Collected lists

Jutulen i Nord-Aurdal

Date:
30.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
2.3km

Vi oppdaga at vi plutseleg ikkje lengre hadde vore på alle "raude" toppar i Nord-Aurdal, så da måtte det bli ein tur til Jutulen. Da det var spådd fint vêr og vindstille i dag, men litt dårlegare utover veka, passa det bra å gjere det i dag. Vi såg at Olepetter (Ole-Petter Andersen) hadde vore der i går, og starta i frå Jutulstølen, så da køyrde vi og inn dit. Kristine gjekk på randoneeski og eg på telemark. Det fungerte bra, men ikkje den heilt store nedkøyringa på den harde snøen, men betre enn om vi hadde hatt langrennsski. Ein kort og fin tur. Etter turen fann vi ut at vi ville oppom Tveitastølfjellet. Vi køyrde opp vegen søraust for toppen, Skrivarlivegen, og parkerte berre 23 høgdemeter og 180 meter unna toppen. Sida det var ein såpass kort tur gadd vi ikkje ta på feller, men gjekk fiskebein >>>

Map    

Skjellingshovde

Date:
22.03.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Distance:
35.4km

Lang bilkøyring for å komme seg på tur i dag. Bilvegen opp Etnedalen til parkeringsplassen ved Orrhaugen var bratt, svingete og stadvis glatt. Bomveg 80 kr. Skiløypene vart køyrd opp på torsdag, men var framleis perfekte. Det gjekk radig til å byrje med, vi brukte to timer på dei 16,4 kilometrane opp til Vesle Skjellingshovde. Der gjekk vi ein tur opp i tårnet, eg synes slike tårn er litt ekle, men utsikta var storslått, og hytta på toppen var triveleg. Vi åt niste på “solbenken” på toppen før vi gjekk mot Store. Turen opp mot Vesle vart strabasiøs. Tett skog, snø vi sank igjennom og stadvis bratt terrengeng gjorde turen tarren og ufjampeleg. Eg var kjei, og fornøgd (men mest kjei), på toppen. Nedturen starta betre, men det vart fort ulendt terreng. Det var kolossalt godt >>>

Map    

Suletinden og Sulefjellet frå Maristova

Date:
21.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
18.5km

Lang køyring for å komme på tur, men ikkje så lang køyring som vi hadde håpa på. Vi hadde sett på nokon rapporter at dei køyrde heilt øvst i Gramstølen, men vi vart møtt av ein låst bom. Vi parkerte da der bomvegen startar ved Maristova, og gjekk derifrå. Det vart 220 ekstra høgdemeter fordelt på 2,3 kilometer. Tung start, som tok tre kvarter. Vegen var ubrøyta, men greitt å gå i hjulspora. Over hyttefeltet vart det litt tyngre, men finere. Suletinden dukka snart opp, samstundes med at vi hadde fin utsikt bak oss om vi snudde oss. Etter kvart dukka også Hurrungane opp i det fjerne nord, og meir av Jotunheimen. Sulefjellet vart også synleg da vi kom eit stykkje opp i sida. På veg oppover høyrde vi eit alvorleg brak, nesten som torden. Da vi såg bakover såg vi eit gedigent >>>

Map    

Stølsnøse og Galden frå Tyin

Date:
20.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
9.7km

Det var spådd flott vêr og lite vind, så da passa det bra med ein fjelltur etter jobb. Hektisk heimeundervisning og stans i løypekøyring i Valdres har gjort til at turane denne veka har vorte fotturar i nærområde. Så det var godt å få til ein skikkeleg fjelltur at. Vi parkerte i vegkanten mellom Svejistølen og Tyinstølen litt over halv fire, og gjekk opp til Galdstjernet og opp til Stølsnøse. Oppe på Stølsnese tok vi av fellane, og køyrde ned til skardet mot Galden. Der tok vi på at fellane, og gjekk opp til Galden. Skavlete snø og mykje hard skare, og berre få og små områdar med god snø. Men det vart ein veldig fin tur.

Map    

Klukkargardsberget

Date:
19.03.2020
Characteristic:
Hike

Spasertur med Kristine.

Map    

Einangsteinen

Date:
18.03.2020
Characteristic:
Hike

Spasertur med Kristine.

Map    

Klukkargardsberget

Date:
17.03.2020
Characteristic:
Hike

Spasertur med Kristine.

Map    

Skjeltrene

Date:
07.03.2020
Characteristic:
Randonnée/Telemark
Distance:
7.6km

Det var meldt strålande vêr denne dagen, så vi planla å køyre til Maristova og gå på Suletinden og Sulefjellet. Men da på bilturen såg vi at vêrmeldinga ikkje var like bra, og det skulle bli overskya der tidleg, fann vi ein ny tur. Valet fall på Skjeltrene på Filefjell. Vi parkerte i vegkanten ved Grønlistølen. Derifrå gjekk vi oppover i relativt tett fjellbjørkeskog. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå rett opp på toppen i frå vatnet på 1178moh, men snøskredvarslet frå Varsom.no og nokre store skavler, gjorde til at vi val å gå litt meir rundt og opp på toppen. Flott utsikt på toppen, men det vart litt overskya. Heilt vinstille heile dagen, veldig godt å kunne ta av fella på skia utan vind. Nedkøyringa var litt hard på toppen, men veldig fin frå 1300moh og nedover. >>>

Map    

Skurvehovda frå Vaset

Date:
06.03.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
1:38h
Distance:
10.7km

Skitur etter jobb. Flott vêr, og flotte løyper. Brøyta den korte vegen frå løypa opp på Skurvehovda. Som dagen før skulle vi køyre ned alpinbakken, men allereie i første sving kløna eg det til. Eg datt og øydela bindinga på ski. Resten av bakken vart køyrd med ein ski, så det vart fleire fall nedover.

Map    

Valtjernet frå Vaset

Date:
05.03.2020
Characteristic:
Cross-country skiing
Duration:
2:35h
Distance:
18.8km

Ettermiddags tur på ski med Kristine. Strålande flott vêr. God temperatur fyrste del av turen, men etter solnedgongen ved Valtjernet vart det bitande kaldt. Vi gjekk oppom Saukollen, før vi køyrde ned alpinbakken til bilen. Veldig gode forhold i bakken for langrennsski. Flott tur.

Map