Archiv - Nach Datum

Archiv - Nach Aktivität

Gesammelte Listen

Målia og Svaen frå Budor

Datum:
28.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
13,6km

Skitur med Kristine. Vi parkerte på Budor Gjestegård, og gjekk om Ruskåsen til Målia. Derifrå gjekk vi til Svaen, og så ned til Budor igjen.

Karte    

Skolthaugen

Datum:
27.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
10,4km

Kort skitur med Kristine på veg frå Gausdal til Stange. Bra skiløype, men berre skog. Tok ein liten avstikkar frå løypa, og oppretta Skolthaugen. Bratt skog der vi gjekk opp, men slakere hogstfelt der vi køyrde ned.

Karte    

Peer Gynt og Maridalen frå Skei

Datum:
26.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
31,7km

Skitur med pappa og Kristine. Kristine var ikkje i form, og snudde på bakketoppen etter kommunegrensa til Ringebu. Eg og pappa fortsatte innover Peer Gynt-vegen og gjekk opp på Dørdalsknappen. Attende til Skei gjekk vi Maridalen, med avstikker på Røgnhøgda, til Skardbua.

Karte    

Skitur på Vestfjellet

Datum:
25.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
30,0km

Skitur frå Astridbekken, med Kristine og pappa.

Karte    

Bjørgovarden og Fjellenden

Datum:
24.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
18,8km

Vi parkerte ved skiheisen på Danebu. Derifrå gjekk vi i gode skispor til Bjørgovarden. Vidare følgde vi skiløypane til Fjelltjernet. Der tok vi av frå løypane, og gjekk opp til Fjellenden. Delvis skare og hardt utanfor løypa, men også stader med betre snø. Nord-Aurdal pf100 vart fullført med bestigninga av Fjellenden. Ein fin tur i eit flott turområde. Fint vêr, men ein del vind.

Karte    

Rundtur på Nordre Fjellstølen

Datum:
23.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
20,0km

Skitur frå Røysvang på Nordre Fjellsjøstølen. Vêret var strålande, men ein del vind. Noko som førte til at dei flotte skiløypane vart attblese. Vi gjekk stort sett i løyper, men opp på toppane måtte vi gå utan løyper. Utanom sporet var føret varierande. Nokre stader var det god laussnø, medan andre stader var det skare. Ein skikkeleg flott tur, i eit flott turområde.

Karte    

Binnhovdknatten

Datum:
22.02.2020
Tourcharakter:
Randonnée/Telemark
Entfernung:
3,5km

Endeleg ein dag med god vêrmelding! På grunn av nokre ærend i Fagernes, kom vi sein avgårde på tur. Vi betalte 20kr inn bomvegen på Aurdalsåsen, og køyrde inn mot Engan. Vegen var så som så, så vi parkerte ved fyste moglegheit. Hadde vi køyrd 150 meter lenger, hadde vi kome til ein litt større parkeringsplass. Oppover var vi heldige, det hadde gått nokon før oss og brøyta spor. Utanom spora deira var det tungt å gå i 20cm tung laussnø. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen. Oppe på toppen var det enormt med vind, så det var utfordrande å få av fellane på skia. Snøen var forblåst på toppen, og nede i skogen var det vel mykje og tung laussnø, og ikkje bratt nok til å få opp den heilt store farta, men det var morosamt. Ein fin, liten tur vart det.

Karte    

Smørlifjellet

Datum:
15.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Entfernung:
14,7km

Sol og pent vêr på morgonen. Kristine hadde time hos optiker klokka 11.30, og ble der i om lag ein time. Vêret vart meir og meir overskya utover dagen, og like etter vi gjekk i vegen forsvann sola, og ho dukka ikkje opp att. Det vart likevel ein fin skitur i eit flott område. Vêret held seg ganske bra, og løypane var litt attblese, men ganske bra. Utsikta frå toppen er nok riktig fin i skyfritt vêr.

Karte    

Synet

Datum:
07.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf

Skitur etter jobb saman med Kristine. Vi køyrde til Vaset rett etter jobb, og parkerte ved skiheisen. Derifrå gjekk vi til Gomobu, og vidare til Synet. Frå Synet gjekk vi om Valtjernet attende til Gomobu, og til bilen. Flott vêr på turen. Vi hadde solskinn til å byrje med, før det vart ein flott solnedgang, og flott kveldsljos. Vi rakk akkurat attende til bilen før det vart mørkt, for øvrig ljoste månen bra. Veldig bra skiløyper på Vaset denne turen.

Karte    

Hærfjellet

Datum:
01.02.2020
Tourcharakter:
Langlauf
Karte