Archive - Date

Collected lists

Loppebolegge og Målegge

Date:
27.10.2019
Distance:
10.6km

Tur med Kristine på austsida av Tyin. Vi parkerte ved nokre hytter, og gjekk på ein hytteveg til å byrje med. Vi gjekk fort av vegen, og gjekk i terrenget. Ein del kratt nede i sida, men tele og ein del snø. Kom etter kvart over krattet, og vi held høgda på sørsida av Målnestjernan. Frå Loppebolegge til Målegge gjekk vi oppom to småtoppar. Vi vurderte å gå oppom Målegge nordvest på veg ned, men fann ut at vi heller ville gå rett nedover, dermed avslutta vi turen med om lag ein kilometer på bilvegen. Det var litt glatt enkelte stader undervegs, men stort sett fint å gå. Flott utsikt heile vegen, særleg Uranostinden tok seg bra ut. Fin tur.

Map    

Skitur på Valdresflya

Date:
26.10.2019
Distance:
11.4km

Valdresflya leverte skare og stein til vinterens fyste skitur. På bilturen innover var vi i tvil om det skulle bli skiføre, men på om lag 1300moh byrja det å liggje litt snø. Vi parkerte rett sør for Valdresflye Vandrarhjem. Derifrå gjekk vi opp på Fisketjernnuten. Det var to andre som kom på toppen rett før oss, dei gjekk på føtene. Flott utsikt på toppen mot Jotuntoppane. Skiføret ned frå Fisketjernnuten var så som så, skare og ein del stein. Det var nokon som dreiv med kiting nede på flya, og eit par til som gjekk på ski, elles var det ikkje så mykje aktivitet og sjå. Vidda over mot Øystre Fagerdalshøe virka lang, mykje på grunn av ein del motvind. Oppover mot Fagerdalshøe satt vi frå oss skia tidleg, på om lag 1350moh. Derifrå gjekk vi på beina opp til toppen, >>>

Map     1 comment

Reinehamaren og Stuvelihøgde

Date:
20.10.2019
Distance:
7.2km

To turar i Nord-Aurdal. Vi køyrde inn bomvegen til Svarthamar i Skrautvål. Lang stølsveg derifrå til Susstølen, like innafor Svarthamar. Frå Susstølen var det ein flott tur opp til Reinehamaren. Vi gjekk feil ved fyste stikryss, og måtte gå litt i terrenget. Tungt i terrenget i dag, eit lite skarelag og ein del snø. Overskya vêr, så det var lite sikt. Frå Susstølen køyrde vi i retning Røssjøen, men måtte stoppe ei stund før stølen. Vegen var dårleg, og egna seg betre for spasering enn for bilkøyring. Vi prøvde å følgje råket mot Stuvelihøgda (som det står på kartet, på Peakbook heiter toppen Skardshøgde nord), men råket forsvann. Så vi gjekk for det meste i terrenget. Litt kjedeleg topp utan utsikt, men vi fekk eit flott blikk mot Djupternkampen frå Baktjernet.

Map    

Fire turar i Øystre Slidre

Date:
19.10.2019

Ikkje det beste vêret i dag, så fire småtoppar i Øystre Slidre vart målet. Vi køyrde inn bomvegen ved Moane. Stort sett overskya, men ikkje skodde. Noko utsikt her og der, men ikkje mykje. Litt snø i vegen nokre plassar, kjekt med vinterdekk no. Luskaråsen - 3 min - 140m - 4hm Dagens kortaste tur, med god margin. Så kort, at den eigentleg ikkje kan kallast ein tur. Synhaugen - 12 min - 700m - 60hm Ny kort tur. Kort, bratt bakke opp til toppen. Morosamt at det var fleire ute på tur her, vi møtte ein familie med to små barn. Litt utsikt på toppen. Myrebærhammaren - 1t 9 min - 4,3km - 158hm Dagens lengste tur. Vi køyrde inn til Kvitfeten, derifrå prøvde vi å følgje råket oppover. Snømengda gjorde så det ikkje var enkelt, så vi gjekk mest i terrenget. Vi såg båe elg og to jegare >>>

Map    

Kjølafjellet og Gravfjellet

Date:
13.10.2019
Distance:
9.9km

Tur med Kristine. Vi køyrde inn vegen frå Robøle, mot Yddin og Storeskag, og parkerte i vegkanten på vegen inn mot Kristianstølen. Derifrå følgde vi vegen oppover, før vi tok av på godt råk oppover mot Kjølafjellet. Før vi gjekk i vegen oppover råket, tok vi turen oppom punkt 1053moh, og oppretta den som ein topp. Det var ein del snø i terrenget, og det var tydeleg at dette er godt besøkte toppar. Råket opp til Kjølafjellet var bra oppgådd, så det var ikkje så tungt i snøen som vi hadde trudd. Vidare var det også gått ein del folk til Heimre Kjølafjellet. Derifrå følgde vi råket litt vidare, før vi gjekk rett mot Gravfjellet. Vi oppretta ei lita høgde nedunder Heimre Kjølafjellet, før vi gjekk nedover mot Raudtjernet. Nedover mot Raudtjernet var det ein del kratt >>>

Map    

Kongsliknuppen og Heimre Fagerdalshøe

Date:
12.10.2019
Distance:
7.7km

Tur med Kristine. Det var mykje folk ute i fjellet i dag, men dei fleste gjekk enten på Synshorn eller innover Heimre Fagerdalen, så oppe på Kongslikuppen og Heimre Fagerdalshøe var vi åleine. Det byrjar å bli ein del snø i terrenget. Til å byrje med hadde vi ganske bra vêr, men etter kvart vart det meit overskya, og på Heimre Fagerdalshøe var det skodde da vi var der.

Map    

Kvålshovd

Date:
11.10.2019
Distance:
3.4km

Tur med Kristine etter jobb.

Map    

Kvithovd

Date:
07.10.2019
Distance:
5.7km

Tur til Kvithovd etter jobb. Vi køyrde opp til Slidrestølen og gjekk derifrå. Kaldt og vinterleg vêr. Flott utsikt frå dei to utsiktpunktane.

Map    

Mykkeltveitveten i Voss

Date:
06.10.2019
Distance:
6.3km

Tur i Voss på veg heim frå Askøy. Vi tok av frå E16 ved Bulken, og køyrde inn til Flagastølen. Derifrå gjekk vi oppover til Mykkeltveitveten. Vi følgde råk til å byrje med, men mista det tidleg. Det var likevel fint å gå oppover. Ved toppen kom vi inn på råket att, men vi klarte ikkje å følgje det særleg lengje. Litt bratt gras der vi gjekk ned, men greitt nok. Ein veldig fin tur, i flott haustvêr.

Map    

Sotra og Lille Sotra

Date:
05.10.2019
Distance:
0.6km

Vi skulle eigentleg gå på Lyderhorn, men ein liten feilkøyring i ein rundkøyring sendte oss inn i tunellen mot Sotra. Da vart plan endra, og vi gjekk den korte turen på Botlenipa, som er høgaste punkt på Lille Sotra. Vidare drog vi ut til Sotra og gjekk på Liatårnet, som er høgast på øya, og kommunetopp i Fjell. Flott tur som var godt tilrettelagt. Siste tur gjekk til kommunetoppen i Sund, Førdesveten. Flott tur, og kul gitar på starten av turen.

Map