Archive - Date

Collected lists

Haustsæterfjellet

Date:
31.08.2019
Distance:
9.9km

Tur på Tonsåsen med Kristine. Vi parkerte i kanten av vegen inn til Bergsåsen, og gjekk i vegen bilvegen innover mot Midtsætri. Innover plukka vi mykje blåbær i vegkanten og litt innover i skogen, attende plukka vi mykje villbring. Frå Midtsætri gjekk vi råket opp til Haustsæterfjellet. Råket er nok ikkje spesielt mykje brukt, men det var greitt merka. Tårnet på toppen byrjar nok å dra på åra, og eg turte ikkje klatre høgare enn halvvegs. Attende mot Midtsætri gjekk vi utanom råket, på jakt etter sopp. Dette vart vår nye pf100+ topp nr. 200 i år. Vi hadde eigentleg tenkt til å gå på fleire toppar, men bær- og soppfangst gjorde så vi brukte lang tid på denne turen. Alt i alt fann vi litt kantarell, nesten ein kilo molte, ei bøtte blåbær og ein god del bringebær. >>>

Map     1 comment

Mehovd og Robølshovda

Date:
29.08.2019
Distance:
6.4km

Tur etter jobb med Kristine. Vi parkerte i vegkanten rett før bommen inn mot Yddin og Storeskag. Vi følgde traktorveg eit stykke, før vi gjekk rett opp skogen til Mehovd. Litt utsikt på toppen. Vidare gjekk vi på Robølshovda. Attende til bilen gjekk vi snarvegen gjennom skogen i staden for å følgje bilvegen, kor lurt det var kan diskuterast. Vi fann litt blåbær og litt piggsopp på turen.

Map    

Skutshorn

Date:
26.08.2019
Distance:
7.7km

Tur etter jobb. Vi køyrde inn Sanddalen og parkerte før setrane inst i dalen. Derifrå gjekk vi i bratt motbakke oppover. Det var godt råk heilt til vi kom opp i steinrøys på om lag 1400moh. Oppe på nordtoppen registrerte vi dagens fyste nye topp. Fantastisk utsikt frå heile topplatået. På høgaste topp vart vi einige om å gå runden rundt Nordlandstjernet. Verkeleg ein flott runde.

Map    

Grytingen, Såta og Storehorn i Hemsedal

Date:
25.08.2019
Distance:
14.9km

Køyrde heimanfrå til Hornslie i Hemsedal. Ganske fint vêr, men litt overskya og litt vind. Eg hadde gløymd jakke heime, heldigvis var det t-skjorte-vêr heile turen. Vi gjekk i vegen på godt råk oppover mot Storehorn og Veslehorn. Tok av frå råket og gjekk i retning Grytingen i relativt lettgått terreng, men litt kratt og myr. Vi droppa båe Slettefjell og Grytingen aust, og gjekk rett opp på Grytingen. Vidare om Veslesåta til Såta. Frå Såta mot Storehorn, og godt råk opp til Storehorn og over Veslehorn. Vi vurderte å gå oppom pinakkelen, men droppa det og gjekk rett til bilen. Fin tur i eit nytt fjellområde for oss.

Map    

Gravolskampen og Sandhaugen

Date:
24.08.2019

Laurdagsturar med Kristine. Vi køyrde forbi Beitostølen og parkerte ved Båtskardstølen. Derifrå følgde vi godt råk mot Gravolskampen. Vi tok av frå råket for å gå på Oledalsbrynane. Vidare derifrå gjekk vi rett mot Gravolskampen. Vi fann ein del molte på denne turen. Etter turen på Gravolskampen køyrde vi vidare innover mot Valdresflya. Plan var å gå på ein topp vi gjekk forbi utan å gå oppom for nokre år sidan, Sandhaugen. Vi køyre fyst til den nordlege parkeringsplassen til Bitihorn, men vi ville ikkje betale 60kr for å stå der, så vi køyrde litt attende og fann ein parkeringslomme. Her fann vi ein del molte før vi kom inn på råket. Det vart to fine turar i relativt bra vêr, med flott utsikt frå toppane.

Map    

Løkjeshøvda og Heggeberget

Date:
23.08.2019

Turar etter jobb. Blanding av topptur og sopptur/bærtur. Dårleg med bær på Løkjeshøvda. Bra råk opp til Løkjeshøvda, følgde normalråket opp og tok bratta ved hoppbakken ned. Ingen utsikt på toppen. Ok råk til Heggeberget, litt utsikt på toppen. På Heggeberget tok vi ikkje med bærplukkarane, men vi fann mykje piggsopp.

Map    

Gråkampen, Blåkampar og Gråskarvet

Date:
21.08.2019
Distance:
17.9km

Tur etter jobb. Vi hadde ikkje sett så nøye på kartet før denne turen, og difor ikkje tenkt over kor lang han eigentleg var. Turen vart vell lang for ein kveldstur, men flott var han. Det var tungt opp til Gråkampen, men fint å gå på godt råk. Vidare utan råk over Blåkampane til Gråskarvet. Hadde tenkt til å følgje same rute attende, men plutseleg fann vi ut at vi hadde gått rett mot aust i staden for søraust, men trur ikkje vi brukte mykje ekstra tid. Ettersom vi ikkje hadde tenkt over kor lang turen var, hadde vi med oss for lite mat, så vi var svoltne da vi kom attende til bilen. Men ein flott tur med strålande utsikt.

Map    

Hugakøllen

Date:
19.08.2019
Distance:
3.7km

Liten tur etter jobb. Flott råk heile vegen opp til toppen, og fin utsikt. Stoppa på myrane på heimvegen for å sjå etter molte, men stusseleg fangst. Litt uforståeleg at folk må leggje inn så mange ruter og stideler og anna rart på kartet. Spesielt der råkane allereie er teikna inn på kartet. Og kvifor det er registrert båe utsiktspunkt og varde på ein topp er ikkje enkelt å forstå. Men men...

Map     2 comments

Mugnetinden og Raudhorn

Date:
18.08.2019

Tur til Mugnetinden og Raudhorn på Slettefjellvegen. Parkerte på den store parkeringsplassen til Mugnetinden. Derifrå gjekk vi det flotte råket opp til toppen. Tydeleg at dette er ein populær topp, og vi møtte mange folk. Den flotte Jotunheim-utsikta toppen er kjend for fekk vi diverre ikkje, da vi var på toppen kom det regn, og Jotuntoppane var i skodde. Etter turen på Mugnetinden drog vi innover til Gipestølen, og gjekk på Raudhorn. Vi følgde råket innover til Gipetjerne, og plukka ein del blåbær. Flott utsikt frå toppen. Attende ved Gipestølen møtte eg på ein hoggorm.

Map